JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

HelseSamfunn

Medisinering mot betre vitende

Eit fleirtal av pasientane ved norske sjukeheimar får psykofarmaka, i strid med retningsliner og faglege råd.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
For pressa tilsette ved sjukeheimane kan det vere enklare å medisinere pasientar enn å ta seg tid til å møte uroa deira, meiner Geir Selbæk. Biletet er eit illustrasjonsfoto og ikkje direkte knytt til saka.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

8286
20230210
8286
20230210

Helse

peranders@dagogtid.no

Ein serie NRK-reportasjar siste tida har kasta eit grelt lys på eldreomsorga i Noreg. Blant problema som er avdekte, er den massive bruken av psykofarmaka. Tre fjerdedelar av dei innlagde ved norske sjukeheimar går på slike medisinar, og nesten kvar femte demenspasient får antipsykotika, syner studiar av medisinbruken.

Men antipsykotiske medisinar er ikkje laga for å behandle demens, og mange av stoffa kan ha alvorlege biverknader. NRK fortalde sist veke om korleis tre pasientar ved eit helsehus i Namsos fekk sterkt forvridd rygg og nakke, truleg på grunn av den antipsykotiske medisinen Risperdal.

I desse sakene har Statsforvaltaren opna tilsyn. Men den store bruken av antipsykotika og antidepressiv ved norske sjukeheimar er normalen, ikkje eit avvik. Og slik har det vore lenge.

Uro

Forbruket av psykofarmaka i eldreomsorga er altfor høgt, og vurderingane av pasientane frå legane si side, er for dårleg, meiner forskingssjef Geir Selbæk ved Nasjonalt senter for aldring og helse. Han har forska på dette feltet i ei årrekkje, og var mellom anna medforfattar av ein studie frå 2017 som synte at tre fjerdedelar av sjukeheimspasientane fekk psykofarmaka.

–?Det finst mange ulike typar psykofarmaka og ulike grunnar til bruke desse medisinane. Men ved sjukeheimane blir dei mykje brukte for å dempe uro hos demenspasientar, seier Selbæk.

–?Kanskje er personalet fortvilt og i villreie om korleis dei skal handtere ein krevjande situasjon, og kjenner at dei må gjere noko. Medisinering kan verke som det tryggaste valet, medan andre tiltak verkar vage og usikre.

Men slik bruk av antipsykotika og antidepressiv er feil, understrekar Selbæk. Desse stoffa er laga for særskilde psykiske symptom, ikkje for å gjere pasientane meir medgjerlege.

– For det første er effekten av desse medisinane usikker i slike tilfelle. Og for det andre kan desse stoffa ha alvorlege biverknader, særleg gjeld det antipsykotika. Dessverre blir mange pasientar ståande på medisinane lenge, utan skikkeleg evaluering av verken effekt eller biverknader.

Tynt grunnlag

Det er ein alvorleg situasjon Selbæk skildrar. Om tala frå studiane er representative, går kring 30.000 av dei nærare 40.000 pasientane ved norske sjukeheimar på psykofarmaka som i mange tilfelle er laga for heilt andre ting enn dei blir brukte til. Og om Selbæk har rett, er mange av desse medisinane skrivne ut på sviktande grunnlag.

I prinsippet skal kvar pasient ha ein kritisk gjennomgang av medisinregimet sitt årleg, men dette blir ikkje handheva skikkeleg: I 2021 fekk 57 prosent av bebuarane på langtidsopphald i institusjon ein slik gjennomgang, 43 prosent gjorde det ikkje. Om medisinane gjev liten effekt eller uheldige utslag for pasientane, er det altså stor risiko for at det ikkje blir oppdaga.

Ein nyare studie av praksis ved 47 norske sjukeheimar, utført av forskaren Enrico Callegari, syner at det særleg er det første halvåret etter innlegging på sjukeheim at medisineringa med psykofarmaka skyt i vêret – og ho blir deretter verande høg. Antidepressiv var mest vanleg, og andelen av pasientane som fekk slike medisinar, varierte mellom ulike sjukeheimar frå 28 til 42 prosent.

Farleg

Denne bruken er truleg i strid med norske retningsliner: Psykososiale tiltak og miljøtiltak skal vere førsteval ved depresjon i slike tilfelle, og mange antidepressiv er lite effektive for dei med demens. Men biverknadene av både antidepressiv og antipsykotika kan vere sterkare hos slike pasientar, påpeikar Selbæk. Medisinane kan mellom anna forverre kjensla av forvirring og dei kan auke risikoen for å bli svimmel og falle, noko som ofte får alvorlege konsekvensar for dei eldste.

– Både høg alder og demens aukar risikoen for alvorlege biverknader. Når det gjeld antipsykotika, veit vi at dei kan føre til ein tidlegare død for pasientane. Men i dette tilfellet synest eg faktisk ikkje at dette er det verste. Demens er ein kronisk tilstand og går berre ein veg. Men om biverknadene av medisinane tek siste rest av livskvalitet frå pasientane, er det verre.

Velkjent

Noko av det mest overraskande for den som les seg opp på dette temaet, er at den same kritikken har blitt reist mot medisineringa av dei eldre i meir enn 20 år. Eitt døme er frå stortingsmeldinga Innhald og kvalitet i omsorgstenestene frå 2000, som mellom anna reiste spørsmål om rettstryggleiken for demente. Forfattarane fann «grunn til å tru at psykofarmaka utanfor psykiatrien blir brukt som tvangsmiddel i langt større grad enn det gjeldande rett gir høve til».

I tillegg var meldinga kritisk til føremålet med medisineringa: «Det er grunn til å tru at psykofarmaka blir nytta over lengre periodar for å halde pasientane i ro, og ikkje primært for å behandle eventuelle psykiske lidingar.»

Også biverknadene var eit tema: «I faglitteraturen er det framheva at effekten av psykofarmaka er dårlegare dokumentert hos eldre demente enn hos yngre personar, og at biverknadene ofte vil vere alvorlegare hos eldre generelt. Det er grunn til å tru at psykofarmaka blir nytta over lengre periodar for å halde pasientane i ro, og ikkje primært for å behandle eventuelle psykiske lidingar. Bruk av psykofarmaka ved åtferdsvanskar vil som hovudregel heller ikkje vere fagleg forsvarleg.»

No har det gått 23 år, og Noreg har visst ikkje kome så mykje lenger.

Stortinget

Frå tid til anna har bruken av psykofarmaka i eldreomsorga vore debattert i Stortinget. I 2009 sette Vigdis Giltun, som representerte Frp i Helse- og omsorgskomiteen, fram ein interpellasjon om situasjonen for dei demente til daverande helseminister Bjarne Håkon Hanssen. Ho viste mellom anna til ein studie av Geir Selbæk: «Blant dem som hadde demens, brukte tre av fire beboere psykofarmaka fast ved første gangs undersøkelse, og hele 89 pst. av dem brukte fremdeles dette ett år etter. (...) Personer med demens er særlig utsatt for alvorlige bivirkninger ved lang tids bruk.»

I svaret sitt tok Hanssen opp mange ulike sider ved eldreomsorga i Noreg. Men han sa ingenting om medisinbruken.

Ansvarsløyse

I dag er Giltun pensjonist og ute av politikken. Ho meiner spørsmåla ho stilte i 2009, er like gyldige i dag.

– Da som no har eg inntrykk av at psykofarmaka ofte blir brukte til å passivisere pasientane. Men det er jo ikkje slik ein skal bruke dei. Folk må få dei medisinane dei faktisk treng, seier Giltun.

– Desse tinga har blitt tekne opp gjennom mange år, men det har skjedd så lite. Eg trur heller det har blitt verre enn betre dei siste 10–15 åra. Sjukeheimane er så underbemanna, da er det lett å ty til medisinar. Stortinget har fråskrive seg ansvaret for dei demente og andre pleietrengande gamle og overlate det til kommunane. Dei eldre sjølv blir ikkje høyrde, og dei pårørande har òg problem med å nå fram. Iblant kjem det kanskje nokre saker i media, men det skjer lite i praksis.

Underleg

Også Geir Selbæk undrar seg over at bruken av psykofarmaka blant dei eldre framleis er så utbreidd, trass i all kritikken.

– Eg er overraska over at denne medisinbruken varer ved. Kanskje er det framleis for lite kunnskap blant både legar og pleiepersonell. Og det kan handle om ressurssituasjonen. Om det er få på jobb og mange urolege pasientar, er det vanskeleg å få tid til andre tiltak.

– Dei eldste og sjukaste er heller ikkje ei gruppe som klarer å krevje rettane sine?

– Nei. Dei aller fleste på sjukeheimane lir av demens, og stemmene deira blir ikkje høyrde. Det kan nok vere ei årsak til at problema varer ved. Nett no har vi merksemd kring problema i eldreomsorga i media, men så blir det stille att.

Selbæk meiner manglande dokumentasjon av medisinbruken òg er ein del av problemet.

– Det er nesten katastrofalt at vi ikkje har eit betre system for å registrere medisinbruken ved sjukeheimane. For dei heimebuande finn vi data i reseptregisteret, men det finst ikkje slike medisindata for dei som er innlagde.

Dag og Tid bad tysdag om å få eit intervju med Helsedirektoratet til denne saka. Direktoratet skal mellom anna «iverksette vedtatt politikk og forvalte lov og regelverk innenfor helsesektoren». Dessverre fekk vi ikkje svar før avisa skulle i trykken torsdag.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.

Foto: Anja Bakken

BokMeldingar
CathrineHolst

Tru og tvil

Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis