JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

HelseSamfunn

Med smitte skal landet vernast

Det beste forsvaret mot seinfølgjer av covid-19 er at dei fleste blir smitta gong på gong, meiner Preben Aavitsland ved Folkehelseinstituttet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Fagdirektør Preben Aavitsland er skeptisk til studiane som tyder på at covid-infeksjon aukar risikoen for hjarte- og karsjukdom mykje.

Fagdirektør Preben Aavitsland er skeptisk til studiane som tyder på at covid-infeksjon aukar risikoen for hjarte- og karsjukdom mykje.

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB

Fagdirektør Preben Aavitsland er skeptisk til studiane som tyder på at covid-infeksjon aukar risikoen for hjarte- og karsjukdom mykje.

Fagdirektør Preben Aavitsland er skeptisk til studiane som tyder på at covid-infeksjon aukar risikoen for hjarte- og karsjukdom mykje.

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB

8551
20240308

Preben Aavitsland

Fagdirektør for smittevern ved Folkehelseinstituttet

Professor ved Pandemisenteret ved Universitetet i Bergen

Tidlegare overlege ved Folkehelseinstituttet

Tidlegare kommuneoverlege i Arendal og Froland

8551
20240308

Preben Aavitsland

Fagdirektør for smittevern ved Folkehelseinstituttet

Professor ved Pandemisenteret ved Universitetet i Bergen

Tidlegare overlege ved Folkehelseinstituttet

Tidlegare kommuneoverlege i Arendal og Froland

Samandrag

Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP

Vis mer
Vis mindre

peranders@dagogtid.no

Kunnskapen om seinfølgjer etter covid-infeksjon er svært usikker, meiner Preben Aavitsland, fagdirektør ved Folkehelseinstituttet og professor ved Pandemisenteret ved Universitetet i Bergen. I dette e-postintervjuet går han god for den norske covid-strategien.

– NRK fortalde denne veka at det var overdødelegheit i Noreg også i 2023, særleg i relativt yngre aldersgrupper. Kan dette ha med etterverknader etter covid-19-infeksjon å gjere?

– Det er ikkje mogleg å seie utan nærare analysar som vi skal gjere når Dødsårsaksregisteret for 2023 er komplett. Vi vil òg samarbeide med dei nordiske landa. Det ser førebels ut til at Finland har same utvikling som Noreg, medan det ser ut til at det ikkje er nokon auke i denne aldersgruppa i Sverige og Danmark. Det kan indikere at korkje covid-19-infeksjon eller -vaksinasjon har noko med saka å gjere, skriv Aavitsland.

– Vi veit ikkje om nokon dødsfall er knytte til seinfølgjer.

Preben Aavitsland, fagdirektør ved FHI

Samfunnet endra seg

Han trur samfunnsendringar under pandemien kan ha påverka dødstala.

– I periodar vart kontrollar for pasientar med kroniske sjukdomar som diabetes eller hjartesjukdom utsette eller avlyste, og mange unnlét å søkje helsehjelp for mindre alvorlege plager. Det var òg mindre ressursar til førebyggjande helsearbeid, og mange blei meir inaktive og gjekk opp i vekt.

– «Vi kan ikke utelukke at covid-19 fortsatt påvirker dødeligheten i Norge, blant annet gjennom long covid-effekter», sa assisterande direktør i Helsedirektoratet Espen Nakstad til NRK måndag. Er du usamd med han?

– Covid-19 påverkar enno dødelegheita i Noreg. Så langt i år har vi registrert nesten 200 dødsfall knytte til akutt covid-19. Vi veit ikkje om nokon dødsfall er knytte til seinfølgjer.

Kurveknekk

– Etter 50 år med nedgang knekte kurven for dødsfall av hjarte- og karsjukdom i Noreg oppover i 2021. Kan det ha med etterverknader av covid-19 å gjere?

– Neppe, for då ville vi ha sett ein stor auke frå 2021, då truleg under 20 prosent av folket vart smitta, til 2022, då så å seie alle vart smitta. I 2022 var det færre dødsfall av hjarteinfarkt enn nokon gong.

– Men det var sterk auke i talet på dødsfall av hjarte- og karsjukdom frå 2021 til 2022, syner tal frå Dødsårsaksregisteret. Kan ikkje auken ha noko med covid-19 å gjere?

– Det passar dårleg med at Danmark og Sverige ikkje hadde ein auke i dødsfall av hjartesjukdom frå 2020 til 2022. Vi vil analysere data nærare når Dødsårsaksregisteret for 2023 er komplett, skriv Aavitsland.

Finn ikkje gode haldepunkt

– I ein debatt i Dagsnytt 18 i november i fjor sa du: «Det er ikkje sånn at korona gjev deg hjarte-kar-sjukdom etterpå. (…) Det store fleirtalet av dei som forskar og følgjer med på korona, er einige om at du får ikkje hjarte-kar-sjukdom av korona.» Er du framleis sikker på dette?

– Samtalen gjaldt seinfølgjer, ikkje den akutte covid-19-sjukdomen. Det er enno ikkje gode haldepunkt for at gjennomgått covid-19 gjev auka risiko for hjartesjukdom lenge etter.

– Studiar publiserte i gode medisinske tidsskrift tyder på at faren for hjarte- og karsjukdom er vesentleg høgare etter overstått covid-infeksjon. Er ikkje dei studiane noko å leggje vekt på?

– Oppsummeringar av desse studiane syner at den målte risikoauken har samanheng med kvaliteten på studien, frå 20 til 50 prosent risikoauke i dei dårlegaste studiane til rundt 1 prosent i dei beste, skriv Aavitsland.

– Ei viktig feilkjelde er at det er vanskeleg å finne ei passande kontrollgruppe. Dei som har forstadium til hjartesjukdom eller uoppdaga hjartesjukdom, kan få kraftigare symptom når dei vert smitta. Dei vert så i høgare grad testa og følgde opp etterpå. Blant desse kan ein vente meir hjartesjukdom seinare enn blant dei som ikkje vart testa.

Utmatting

– Ein studie frå Nav i fjor kopla den sterke auken i sjukefråvær på grunn av såkalla «trøtthet/slapphet» til etterverknader av covid-infeksjon. Tyder ikkje dette på at utmatting etter covid-infeksjon er eit folkehelseproblem?

– Studien synte at dei som hadde hatt sjukmelding for covid-19, i om lag same grad som andre fekk ei ny sjukmelding dei neste tolv vekene, men mønsteret i diagnosar ved denne andre sjukmeldinga var litt ulik i dei to gruppene. I covid-19-gruppa hadde 93,9 prosent av dei andregongssjukmelde ein annan diagnose enn «trøtthet og slapphet», medan i den andre gruppa var talet 97,7 prosent, skriv Aavitsland.

– Ei rekkje studiar tyder på at kognitive verknader som «hjernetåke» og svekt minne etter covid påverkar livskvaliteten negativt for tusenvis av menneske i Noreg og millionar i verda. Kan dette vere eit folkehelseproblem?

– Det er vanskeleg å seie. Vi veit ikkje nok om kor vanleg dette er.

– Ifølgje FHI er det bra at dei fleste blir smitta jamt for å halde immuniteten oppe. Er det rett å leggje opp til at vi blir smitta igjen og igjen, om kvar infeksjon inneber risiko for ganske alvorlege etterverknader?

– Ja, det er rett. SARS-CoV-2 vil alltid vere her. Det smittar lett. Det er vanskeleg å sjå for seg ein berekraftig strategi som hindrar at folk vert smitta mange gonger i løpet av livet. Det er immuniteten i befolkninga som no held epidemien på eit rimeleg nivå. Viss vi freistar å halde epidemien nede, veks talet på folk med lite immunitet. Da trengst stadig sterkare tiltak for å halde epidemien på eit rimeleg nivå. Vi vil berre skuve problemet føre oss.

Som andre land

Aavitsland understrekar at det er regjeringa som har ansvar for pandemistrategien i Noreg. I den strategien heiter det mellom anna: «Opprettholdelse av befolkningsimmuniteten er fortsatt viktig.»

– Dette er ein strategi som har støtte frå Helsedirektoratet og FHI. Regjeringa har om lag same strategi som andre land i Norden og Europa, og han følgjer dei offisielle tilrådingane frå WHO til medlemslanda.

– I notatet «Epidemier av luftveisinfeksjoner i Norge vinteren 2023-24» skriv FHI ingenting om moglege etterverknader av covid-infeksjon. Er ikkje det rart?

– Nei, det er ikkje rart. Dokumentet er ei risikovurdering og råd for vinteren, ikkje eit innspel til regjeringa om å endre strategien.

– Gjengs anslag er at ulike variantar av post- eller lang-covid råkar 6 til 10 prosent av dei som blir smitta. Om nesten alle skal bli smitta gong på gong, blir risikoen for etterverknader temmeleg høg?

– Slike tal er usikre fordi det er vanskeleg å seie om symptoma folk har lenge etterpå, verkeleg kjem av covid-19. Heldigvis ser det ut til at plagene gir seg etter kvart, og at den akutte sjukdomen og seinfølgjene er mindre no når så å seie alle har god immunitet.

– Det er naudsynt å oppretthalde utbreidd immunitet. Det skjer ved at dei fleste vert smitta av og til.

Preben Aavitsland

Meiner smitte førebyggjer seinfølgjer

– FHI-forskar Richard Aubrey White sa til NRK denne veka: «En smittevernstrategi som ikke tar hensyn til senfølger, er ikke levedyktig.» Har han ikkje eit poeng?

– Strategien tek omsyn til seinfølgjer, men kanskje ikkje på det viset White ønskjer seg.

– På kva måte tek strategien omsyn til seinfølgjer?

– Risikoen for seinfølgjer er større hos dei som har hatt alvorleg covid-19. Dei eldre og kronisk sjuke er meir utsette for alvorlig covid-19. Difor er dei prioriterte for vaksinasjon så dei kan redusere risikoen for alvorleg covid-19 og dimed også seinfølgjer, skriv Aavitsland.

– Det ser ut til at seinfølgjer er sjeldnare og mildare hos dei som har god immunitet etter vaksinasjon og infeksjon. Det er difor naudsynt å oppretthalde utbreidd immunitet. Det skjer ved at dei fleste vert smitta av og til. Hadde ein klart å halde viruset borte, ville stadig fleire etter kvart få dårleg immunitet og soleis bli meir utsette for alvorleg covid-19 og seinfølgjer.

– «Jeg gidder ikke ta test for corona eller andre luftveisvirus når jeg er forkjølet», sa du til VG i fjor haust. Har det signaleffekt når ein profilert overlege ved FHI seier det?

– Det vonar eg, då, for elles hadde eg ikkje sagt det. Det er ikkje lenger ei tilråding frå FHI eller Helsedirektoratet at alle med luftvegssymptom skal teste seg. For dei fleste av oss er det ikkje naudsynt og ei sløsing med ressursar, skriv Preben Aavitsland.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes
Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes
Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.

Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.

Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Krigen mellom kjønna

Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis