Helse
Koronasmitta råkar skuleelevar i fattige land hardt
WHO og Unicef har kartlagt kor mange skular på verdsbasis som hadde tilgang på utstyr for handvask før pandemien braut ut. Resultatet er nedslåande.
Unicef-direktør Henrietta Fore då ho vitja ein barneskule i Syria før pandemien braut ut.
Foto: Unicef / AP / NTB scanpix
Her heime vaskar barnehage- og skulebarn hendene som aldri før, nokre av dei til huda blir raud og sår. Dei tek del i ein verdsomspennande dugnad for å unngå at koronaviruset spreier seg. Men som på så mange andre samfunnsområde gjer fattigdom dugnaden vanskeleg andre stader i verda.
På verdsbasis hadde berre to av fem skular tilgang på nødvendig utstyr for handvask med såpe i 2019, ifølgje kartlegginga, som Verdshelseorganisasjonen (WHO) og Unicef står bak.
Medan norske barn trygt kan byrje på skulen denne veka, med nye reglar tilpassa pandemien, er det meir krevjande å opne skulane andre stader.
– Den verdsomspennande skulestenginga etter utbrotet av covid-19-pandemien utfordrar bornas utdanning og trivsel på ein måte vi ikkje har sett nokon gong før, seier Unicef-direktør Henrietta Fore i ei uttale på WHOs nettsider.
– Vi må prioritere undervisning for born. Det inneber at vi må vere sikre på at det er trygt å opne skular att. Det inkluderer tilgang på handhygiene, reint drikkevatn og trygge sanitære forhold.
Større risiko
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.