JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

HelseSamfunn

Kjem koronasertifikatet?

I fleire land har koronapasset vore nøkkelen til å opne samfunnet igjen. Her heime nøler regjeringa. Kva talar for og imot innføringa av eit koronasertifikat?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
 Regjeringa vurderer å innføre krav om koronasertifikat når dei etter kvart skal lempe på tiltaka.

Foto: Stian Lysberg Solum

7591
20220121

Koronasertifikat i Europa

I Tyskland gjeld, uavhengig av smittetrykk, dei såkalla 2G-reglane. Berre vaksinerte og dei som har hatt korona, kjem inn på kulturaktivitetar og butikkar (unnateke daglegvarebutikkar). For å få gå på restaurant må du i tillegg ha ein negativ test.

Frankrike krev no vaksinasjonspass for alle som vil ha tilgang til kulturaktivitetar, restaurantar og offentleg transport. Dei same reglane gjeld i Italia. Landet har også innført vaksineplikt for alle over 50 år. Uvaksinerte vert straffa med bøter.

EU har avgjort at sertifikatet som skal gjelde i EU-landa, skal vere gyldig i ni månadar etter siste vaksinasjonen. Dette får konsekvensar for nordmenn som ønsker å reise til andre europeiske land.

Korona

jesper@dagogtid.no

I andre land har det såkalla koronapasset vore ein sentral del av gjenopningsstrategien. Passet syner om ein er vaksinert eller friskmeldt, og avgjer om ein får tilgang til restaurantar, kinosalar og offentleg transport. Land som Frankrike og Tyskland har etter kvart gått over til ein rein vaksinasjonsmodell. Det vil seie at ein negativ test ikkje lenger er nok for å få grønt lys i sertifikatet – berre fullvaksinerte får full fridom.

Kva som krevst for å få grønt pass, varierer altså frå land til land. Men generelt kan ein seie at det fører til ei todeling av samfunnet: mellom «dei vaksinerte» og «dei uvaksinerte», der dei som er uvaksinerte, vert utestengde frå visse arenaer.

Her heime har regjeringa nølt med å innføre ei slik løysing. No har dei bede fagetatane ta ei ny vurdering på om ein skal innføre koronasertifikatet. Helseminister Ingvild Kjerkol seier at regjeringa er «positiv til å differensiere meir mellom vaksinerte og uvaksinerte» når dei etter kvart skal sjå på ei lette i tiltaka.

Medan delar av kulturlivet meiner debatten kjem altfor seint, er andre skeptiske til det dei meiner er altfor strenge statlege inngrep.

Publikumssvikt

Særleg mange i kulturbransjen har bede om innføring av koronasertifikat. Sist veke opna regjeringa for at opptil 200 kan sleppe inn på eitt og same arrangement. Det meiner Karianne Jæger, eigar av produksjonsfirmaet Scenekvelder, er altfor lite.

Ho arrangerte denne veka ein demonstrasjon framfor Stortinget saman med fleire andre kulturaktørar som krev innføring av koronasertifikat nasjonalt. Jæger meiner koronasertifikatet er eit godt verktøy for å opne norske teatersalar for fleire tilskodarar.

– For det første er det viktig å verne om dei uvaksinerte. Om dei vert smitta på arrangementa våre, kan det få alvorlege konsekvensar for dei. Samstundes er det viktig å opne teatersalane for fleirtalet. Me skal vere så liberale at dei som ikkje vil vaksinere seg, har fridom til det, men då må dei ta konsekvensen av det.

I tillegg er Jæger uroa for at folk kjem til å vere skeptiske til å gå på større arrangement i lang tid framover.

– Sidan ein har lov til å gå på bar og drikke øl, gjev ein inntrykk av at det er tryggare enn å sitje i ein teatersal med munnbind. Difor er eg redd me kjem til å slite med publikumssvikt lenge.

– Tenkjer du ikkje likevel at koronasertifikatet er eit relativt inngripande tiltak?

– Fleire land har jo alt innført det. I november var me på reise til Finland, og der var det eit krav for å komme inn overalt. Det opplevde eg som heilt greitt, trygt og ryddig. Eg forstår at det skaper problem for dei som enno er uvaksinerte. Likevel, me er ei næring som ligg nede med broten rygg. Koronasertifikatet vil betre den situasjonen.

For alle

– Kva tenkjer du om at nokre vert stengde ute? Er ikkje kunsten og kulturen for alle?

– Jo, det er han sjølvsagt. Samstundes må alle ofre noko i den situasjonen me er i no. Me er i ein unntakstilstand. Mange har vore flinke og respektert nedstenginga i lang tid, sjølv om dei er vaksinerte. Då er det rimeleg at ein får noko igjen for det.

– Unntakstilstand? Du trur ikkje det argumentet kan opne for inngripande tiltak i heilt andre saker i framtida?

– Nei, me lever i eit fritt land med demokrati, så eg ser ikkje føre meg at noka norsk regjering vil gjere det. Me har ingen historiske døme på det. Og så handlar det om å verne mot alvorleg sjukdom. Eg har til no ikkje opplevd at regjeringa har stramma inn berre for å stramme inn.

– Splittar det ikkje likevel befolkninga i to?

– Det er aldri bra å skape ein «oss mot dei»-situasjon. Tiltak som koronasertifikat må ein ha så kort tid som mogleg. Men eg trur og vonar at me kjem ut på andre sida og er vel forlikte. Me lever trass alt i eit sivilisert land.

Statleg inngrep

Forfattar og fast skribent i Dag og Tid, Kaj Skagen, er på sin side uroa for ei slik utvikling. Sist veke skreiv han i Dag og Tid om det han kallar eit «gisseldrama i kommentariatet», nemleg den sterke polariseringa i den offentlege debatten om vaksineskepsis.

Han meiner innføringa av koronasertifikatet vil vere eit alvorleg inngrep i fridommen til den enkelte.

– Det tilkjem ikkje staten å dele ut sertifikat til nokre som aller nådigast skal få nyte godt av rettane sine som menneske og borgar, og ta frå andre slike rettar. Politikarane skal ikkje bestemme kven som har lov til å gå på konsertar og kafear. Helsebyråkratane skal ikkje avgjere om du får lov å reise med tog eller fly.

– Men er ikkje koronasertifikatet vegen ut av andre inngripande tiltak for dei fleste av oss?

– Dei inngripande tiltaka ein har sett til no, er truleg ikkje lenger naudsynte. Då treng me heller ikkje eit slikt sertifikat.

Polarisering

– Alle smittar. Kanskje smittar dei vaksinerte meir enn dei uvaksinerte, sidan dei truleg er meir uforsiktige og ofte lever i ein illusjon om at dei er reinsa for alt vondt. Spørsmålet er om uvaksinerte på lengre sikt kan utvikle betre og varigare immunitet og såleis smitte mindre enn vaksinerte, seier Skagen.

Han peiker på at koronasertifikatet mest sannsynleg vil ha liten effekt på smittesituasjonen. Det er eit syn han deler med både Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet, som tidlegare har skrive at innføring av koronasertifikat ikkje vil ha særskild effekt på smittespreiinga.

Skagen er samstundes redd for polarisering av samfunnet om ein innfører koronasertifikatet.

– Den massive støtta til vaksineringa vert politisert som både «borgarplikt» og «dugnad». Slik framstår dei uvaksinerte som «svikarar» og «omveltarar». I neste omgang heiter det kanskje «unorske» og «antinasjonale». Dimed vert helsa og vaksinane ein arena for irrasjonell politisk kamp. Dette er noko heilt nytt i politikken her i landet. Politikarane lyt spørje seg om samfunnet er tent med det. Vert koronasertifikatet innført, vert politiseringa sementert.

– Er du redd for at sertifikatet kan opne døra for meir inngripande, statlege tiltak i framtida?

– Både nedstenginga, som råka alle, og eit eventuelt koronasertifikat, som berre vil råke éin tiandedel av oss, aukar statens makt over individet og gjer det lettare å redusere fridomen i liknande situasjonar i framtida. Eller det som endå verre er: i situasjonar som ikkje liknar, men der det vert mogleg å reise ein irrasjonelt opphissa majoritet retta mot ein minoritet ein kan oppfatte som farleg for fleirtalet.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Mange har vore flinke og respektert nedstenginga i lang tid, sjølv om dei er vaksinerte. Då er det rimeleg at ein får noko igjen for det.

Karianne Jæger, arrangør

– Den massive støtta til vaksineringa vert politisert som både «borgarplikt»
og «dugnad».

Kaj Skagen, forfattar

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.

Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Krigen mellom kjønna

Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis