JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

HelseSamfunn

Ingen veg tilbake

Professor Kim Alexander Tønseth (47) og teamet hans ved Rikshospitalet vil vere 99 prosent sikre før dei skjer av eit kjønnsorgan.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Hadde det vore slik at pasienten alltid hadde rett, ville det vore greitt. Men slik er det dessverre ikkje, seier Kim Alexander Tønseth. Her i operasjonssalen.

Foto: Hallgeir Opedal

13313
20210409

Bakgrunn

Kim Alexander Tønseth (47) er professor i plastikkirurgi og blei alt som 33-åring avdelingssjef. Dei siste fem åra har han leidd Klinikk for hovud, hals og rekonstruktiv kirurgi ved Oslo universitetssjukehus, med rundt 1000 tilsette.

Tønseth er leiar for den tverrfaglege nasjonale tenesta for personar med kjønnsinkongruens. Hit kjem dei fleste som føler at dei er fødde i feil kropp.

Talet på personar som ønskjer medisinsk behandling for kjønnsinkongruens, har stige kraftig. I 2011 fikk Rikshospitalet 50–70 tilvisingar, no får dei rundt 650 tilviste pasientar i året. Av desse er rundt 200 barn.

Kjønnsskifte

hallgeir.opedal@gmail.com

– Folk flest har dessverre lite forståing for kva dette dreier seg om, seier professor Kim Alexander Tønseth og reiser seg frå stolen.

I ein dryg time har han sete på eit lite kontor i tredje etasje på Rikshospitalet og prøvd å forklare dilemmaa i jobben som leiar for Nasjonal Behandlingstjeneste for Kjønnsinkongruens (NBTK). Tønseth snakkar omstendeleg, og han tek stadige atterhald, for sjølv om han har jobba over 20 år med det som ein gong blei kalla kjønnsskifteoperasjonar, sidan kjønnskorrigerande operasjonar og no kjønnsbekreftande operasjonar, er dette eit minefelt. Det er lett å trø feil, og på begge frontar er det mykje latent aggresjon.

No snakkar han altså om folk flest: den store majoriteten som er fødd gut eller jente, og som lever som mann eller kvinne, og som veit at dei er nettopp det, for kva skulle dei elles vere?

– For mange er det vanskeleg å forstå at nokon kan føle noko anna. Berre med ordet kjønnsinkongruens fell mange av. Kva i all verda er det for noko?

Manglande samsvar

Ordet kongruens kjem av det latinske congruentia, og i matematikken blir det brukt om to geometriske figurar som er like, altså formlikskap. I overført tyding er kongruens samanfall eller samsvar. Og set ein forstavinga in- føre, er det manglande samanfall eller samsvar.

– Og hos nokon er det altså ikkje samsvar mellom biologisk kjønn og opplevd kjønn, seier Tønseth.

– Ein kan vere fødd gut, men føle seg som jente, eller omvendt. Og i tillegg har vi dei som opplever å ikkje ha noko kjønn.

– Dei som kallas ikkje-binære?

– Ja, som opplever seg som korkje kvinne eller mann. Politikarar, ja, sjølv medisinarar har vanskeleg for å forstå alle desse nyansane. Og det er ingen tvil om at mange skal ha hjelp. Samtidig er det farleg å gje medisinsk behandling til folk som ikkje har nytte av det. Som vil angre.

– Kjenner du til nokon som har angra?

– Ja, seier Tønseth, men no er timen over, dei har ringt etter han, det er eit nytt møte, og han har altså reist seg frå stolen.

– Er vi ferdige, eller treng du meir tid? spør han.

– Eg trur nok vi treng meir tid.

Han set seg igjen.

Eksplosiv auke

Veggane på kontoret er dekte av ringpermar, rapportar og fagbøker, på kontorpulten ligg fleire fagbøker, notat, ein DVD med TV 2-serien Født i feil kropp, eit pappkrus med kaffi, tomt, og ein snusboks, halvfull. Rundt dataskjermen er det klistremerke med glitter – hjarte, dinosaurar, stjerner og dyr. Dei er frå matpakkane som kona lagar til han.

Det er snart tre år sidan Kim Alexander Tønseth og kollegaen Anne Wæhre skreiv kronikk i Aftenposten: «Vi har fått en eksplosiv økning i antall tenåringsjenter som ønsker å skifte kjønn.» Og vidare: «Behandlingsivrige sexologer spanderer hårvekst og mørk stemme på nasjonens døtre.» Det var ein kronikk der dei to uttrykte bekymring.

– I 2011 kom det 50–70 tilvisingar til utgreiingstenesta vår. No får vi rundt 650 tilvisingar i året, derav 200 born. Tilsvarande auke ser vi i Sverige, Danmark, England og Nederland. Veksten har rett nok flata ut dei siste åra, men vi har aldri behandla så mange som vi gjer no.

– Kva trur du auken kjem av?

– Det er ingen tvil om at større openheit har gjort det enklare å stå fram. Utover det blir det berre spekulasjonar, seier Tønseth.

Og det er mange som spekulerer. Det blir hevda at det er ustabile ungdommar som ikkje finn seg sjølv, at det er mote, ja, at det er blitt ein trend å velje medisinske og kirurgiske løysingar på problem som burde vore løyste på anna vis.

Kjønnskamp

Transpersonar er ein sårbar minoritet, og mange kjempar ein indre kamp mot skam, forvirring, depresjonar og sjølvmordstankar og blir møtte med mistru, skepsis og trakassering. Det dei vil, er å bli aksepterte og anerkjende, og mange, ikkje alle, vil ha medisinsk behandling på Rikshospitalet.

Det er fastlegar og psykiatrar der dei bur, som fyrst møter dei. Dei yngste blir viste til barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), mens vaksne blir viste til distriktspsykiatrisk senter (DPS).

– Skulle alle blitt sende rett til oss, ville kapasiteten vår blitt sprengd. Derfor ønskjer vi ei generell screening, eller siling, der dei blir utgreidde for eventuelle psykiatriske problemstillingar. Dette får vi kritikk for, og det kan eg skjøne. Mange føler at denne silinga er unødvendig, for mange som ønskjer behandling, er velfungerande på alle vis.

– Men?

– Men hos nokre er psykiatri ei problemstilling.

Tønseth viser til at to av tre er plaga med alvorleg depresjon, angst, sjølvskading eller tankar om å ta sitt eige liv.

– Gjennom vår utgreiingsteneste ser vi jo også, dessverre, at det ligg ting til grunn som gjer det naudsynt å utsette behandling.

– Kvifor det?

– Dei har problem som ikkje kan løysast med hormon eller kirurgi, ikkje i fyrste omgang.

– Eg har forstått det slik at enkelte opplever desse utgreiingane som intime og private, ja, nesten trakasserande?

– Ja, eg skjøner dei som reagerer på at vi går så djupt inn i privatlivet. Eg forstår at det er ubehageleg å bli spurd om kor ofte ein onanerer, korleis ein onanerer og kva klede dei har på seg. Det er svært personleg, men noko vi likevel meiner er naudsynt. Hadde det vore slik at pasienten alltid hadde rett, ville det vore greitt. Men slik er det dessverre ikkje.

Kappløpet

Det er ein kamp. På den eine sida står meir liberale legar og interesseorganisasjonar som kjempar for at fleire skal få behandling. På den andre sida står Tønseth og teamet hans på Rikshospitalet.

– Vi treng tid for å vere sikre på at det vi gjer, er rett.

For mange av pasientane er det bokstaveleg talt eit kappløp mot tida. Den biologiske klokka tikkar.

– Kor gamle er dei som blir tilviste her?

– De yngste kan være fire–fem år.

– Oi!

– Men det er sjeldan. Dei fleste kjem rundt puberteten og i ung vaksen alder.

– Kva slags behandling får dei når dei er fire–fem år?

– Då er det samtalar og rettleiing, og så følgjer vi opp. Mange av dei er definitivt fødde i feil kropp, det er ingen tvil, og dei vil etter kvart få behandling. Og når dei nærmar seg puberteten, kan dei få tilbod om pubertetsblokkarar.

– For fram til puberteten er mennesket ein leirklump som kan formast?

– Det er nettopp det. Etter puberteten får gutane markerte trekk, mørkare stemme, auka hårvekst og adamseple, mens jentene får bryst og rundare former.

– Og då er det vanskelegare å få eit vellukka resultat?

– Da er det vanskelegare, ja. Med pubertetsblokkarar kjøper vi oss litt tid. Men på eit tidspunkt må vi saman med barnet og familien vurdere om det er fornuftig å starte hormonell behandling, og i mange tilfelle er det fornuftig. Det er sunne, sterke ungdommar utan psykiske lidingar, som fungerer sosialt, men som openbert er fødd i feil kropp. Då blir dei tilbydde testosteron og østrogen.

– Kor gamle er dei då?

– Da må dei vere over 16 år.

– Er bruk av hormon reversibelt?

– Det veit vi for lite om, men tek du østrogen og utviklar kvinnebryst, forsvinn ikkje dei sjølv om du sluttar med østrogen. Dei må eventuelt opererast bort. Og dei som er meir liberale enn oss, meiner at «OK, då får vi heller gjere den kirurgien». Mens vi meiner at om vi tar dei rette vala frå starten, unngår vi desse operasjonane.

Fars fotspor

Kim Alexander Tønseth er frå Ålesund, og han er son av ein lege. Han bestemte seg tidleg for å følgje i fars fotspor.

– Eg syntest legeyrket verka interessant, og så har eg alltid likt snekring, liming og forming. Og det kan du dra med deg over i kirurgien.

Korleis då?

– Ein må ha eit relativt godt handlag når ein driv med kirurgi. Og når ein driv innan plastikkirurgi, bør ein også vere kreativ.

Første gang Tønseth opererte bort eit mannleg kjønnsorgan, var på Rikshospitalet i 2003. Han var 30 år.

– Korleis var det?

– Nei, det er jo brutal kirurgi, og dei fyrste gongene var det ganske spesielt. Det er vel nesten det mest radikale inngrepet du kan gjere. Dette er fysisk friske personar, og vi skjer av eit funksjonelt organ. Og då må vi vere sikre på at dette er rett.

– Er du alltid sikker?

– Vi er sikre på at den utgreiinga som er gjort her, er så god som ho kan bli. Ho vil aldri vere 100 prosent sikker, derfor seier vi at ein feilmargin på 1 prosent er greitt. Vi må altså med 99 prosent visse seie at det er fornuftig å skjere av penisen din.

Det er cirka to tredelar av pasientane som ønskjer kirurgi. Kor mange han har operert, veit han ikkje. Han anslår nokre hundre pasientar.

– For ti år sidan blei 10–20 personar tilviste kirurgi. I fjor fekk vi nær 200 klarerte pasientar som ønskte ulike typar kirurgi.

– Kva slags kirurgi snakkar vi om?

– Ovantil er det fjerning av bryst eller innlegging av brystimplantat. Nedantil er det dels fjerning av kjønnsorgan og dels ombygging. Frå mann til kvinne er ganske standardisert, frå kvinne til mann er litt meir komplisert.

– Kor gamle må pasientane vere før dei blir tilbydde kirurgi?

– Vi har 18-årsgrense på kirurgi, men spørsmålet er om vi burde gitt det endå meir tid. For kirurgi er i stor grad irreversibelt.

– Kor eh… tilfredse er kundane?

– Når det gjeld brystkirurgi, er dei fleste tilfredse. Nedantil er dei fleste stort sett nøgde, men dessverre fører enkelte operasjonar med seg risiko for komplikasjonar. Så nokre av dei er ikkje så nøgde.

– Dei er nøgde med valet, men ikkje resultatet?

– Nettopp.

– Kor mange har du personleg møtt som har angra på kirurgi?

– I løpet av alle desse åra har eg møtt fire som ønskjer å gå tilbake til sitt opphavlege kjøn. Men søker ein på «regret gender surgery» på internett, får du veldig mange treff.

– Men i Noreg er det berre fire?

– Ja, av dei som har vore hos oss. Men vi veit samtidig at det er eit ukjent tal som har starta behandling i privat regi, og som etter ei stund angrar. Det er også nokre som stansar hormonbehandlinga, av ulike grunnar. Men så kan ein stille spørsmålet: Er vi for strenge? Er det ei gruppe som ikkje får den behandlinga ho skulle hatt? Vi blir sett på som konservative og litt sånn transfobe.

– Er de det?

– Nei. Vi har aldri før gjort så mykje som no, og vi ønskjer å vere dei som gjev det beste tilbodet. Men det kan hende at det om fem–ti år viser seg at ei større gruppe burde fått hormon, og kanskje kirurgi. På den andre sida kan vi ikkje leve med at vi om ti år har operert mange pasientar som angrar. Dei meir liberale legane meiner at vi må tole nokre feiloperasjonar, fordi mange av dei som ønskjer behandling, har eit høgt lidingstrykk med stor sjølvmordsfare. Eg ser også den sida av det, men det er også slik at vi står i fare for å overbehandle. Rett og slett.

Operasjonen

Å høyre om operasjonar i detalj kan vere krevjande i seg sjølv, og spesielt ømfintleg er det som handlar om kjønnsorgan. Som når Tønseth klinisk fortel om prosedyren for kjønnsbekreftande kirurgi frå mann til kvinne, og det følgjande avsnittet er ikkje noko for sarte menneske, men her kjem det:

– Først opnar vi huda og fjernar testiklane, og det er ganske ukomplisert, fortel han og held fram med å skildre korleis han lagar eit hol mellom endetarm og urinrøyret til ein vagina.

– Det er risikofylt, eit c-moment, for det er trongt mellom endetarm og urinrør, det er millimeterkirurgi.

Han viser med tommel og peikefinger kor trongt det er, og han fortel så korleis han skrellar av svamplekam i penis, men ikkje for mykje, for ein må ta vare på blodkar og sirkulasjon i tuppen, for han skal bli klitoris med sensibilitet, og så vrenger han inn penishuda til ein skjede....

– Heile operasjonen tar fire til fem timar. Både funksjonelt og estetisk blir resultatet veldig bra. Det finst døme der menn ikkje oppdagar at partneren har gått gjennom den typen kirurgi.

– Kven er den eldste du har operert?

– Den eldste vi har operert, var godt over 60 år. Ho var fødd mann, men opplevd kjønn var kvinne. Ein kan stille spørsmål om det er riktig å operere nokon så seint, men er det fyrst då ein finn ut at dette er rett, og ein er motivert, har ein jo framleis nokre år igjen av livet.

– Er ho nøgd?

– Ja, det trur eg. Det er jo interessant og fascinerande kirurgi, dette. Dei aller fleste får utvilsamt auka livskvalitet, og då er det gjevande og moro. Vi får jo både e-post og takkekort.

– Kva skriv dei?

– Dei skriv så mangt, men typisk er: «Takk for at eg kan føle meg som heil.»

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Vi må altså med 99 prosent visse seie at det er fornuftig å skjere av penisen din.

– Frå mann til kvinne er ganske standardisert, frå kvinne til mann er litt meir komplisert.

– I løpet av alle disse åra har eg møtt fire som ønskjer å gå tilbake til sitt opphavlege kjønn.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: National Archives, Maryland

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Ottar Fyllingsnes

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek  Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).

Foto: Ole Martin Wold / NTB

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

I rykk og napp

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis