JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

HelseSamfunn

Ingen mirakelkur for langtidssjuke

Pasientgruppa med langvarig nedsett lukte- og smakssans veks i takt med smittetala for korona. Informasjonen om korleis dei kan hjelpe seg sjølv, er mangelfull.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Tone Leksbø Walgermo trenar kvar dag opp luktesansen ved å lukte på fire ulike luktoljar. Det er ei enkel behandling som kan hjelpe ei veksande gruppe pasientar.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

11420
20220107
11420
20220107

Korona

christiane@dagogtid.no

Den 25. august mista Tone Leksbø Walgermo all evne til å lukte. Ho hugsar datoen, og ho hugsar tidspunktet – for tapet kom akutt. Mannen hennar kom heim frå reise den dagen, og med seg hadde han ein presang, ei eske med velduftande krem, sjampo og balsam. Walgermo opna pakka, ville dra dufta inn gjennom naseborene og kjende… absolutt ingenting.

– Eg gjekk rett bort til kaffiboksen for å sjekke om eg kunne lukte kaffien, memorerer Walgermo.

Kva ho kjende? Ingenting.

På dette tidspunktet var tap av luktesans for lengst eit veletablert symptom på koronasmitte, og det neste naturlege steget for Walgermo var å ta ein hurtigtest. Streken som avteikna seg på testkassetten, gav liten tvil. Ho hadde vorte ein del av statistikken over nordmenn som mista luktesansen som følgje av covid-19-sjukdom.

Trenar sjølv

Etter kvart hamna Walgermo også i gruppa med seinverknader etter covid-19-sjukdom med mildt forløp. I dag, over fire månader etter at ho vart smitta av korona, har ho noko av luktesansen tilbake, men framleis lita evne til å lukte.

Medan dei friske av oss kunne feire jula med dei stemningane og minna som duftene frå ei julegran, eit krus med rykande gløgg eller nybakte peparkaker bringar med seg, feira Walgermo ei jul med éi einaste julelukt. Ho kjende ei vag duft av pinnekjøt.

Walgermo er ein del av nærmiljøet mitt, med eit barn i same klasse som eit av mine eigne, der koronaviruset har ramma barn og foreldre blindt. Ikkje noko spesielt med det. Når Walgermo hamna i denne artikkelen, er det fordi ho, sist eg trefte ho, fortalde meg at ho hadde starta med lukttrening på eiga hand. Og ho følte seg sikker på at treninga ville gjere ho betre.

Eg vart overraska. Kunne enkel lukttrening hjelpe covid-19-pasientar med langvarige luktproblem? Eg vart endå meir overraska då det gjekk opp for meg at Walgermo ikkje hadde fått treningsopplegget sitt frå lækjaren eller norske helsestyresmakter. Nei, ho hadde plukka opp tipset frå ei facebookgruppe for langtidssjuke covid-19-pasientar. Ein av gruppemedlemene hadde delt ein artikkel frå Forskning.no der lukt- og smaksekspert Preet Bano Singh ved Universitetet i Oslo fortel om denne sjølvhjelpsmetoden.

Eg undra meg: Om denne metoden verkar, kvifor vert han ikkje informert om på same måte som ein informerer om hosting i olbogekroken?

Informerer ikkje

Om ein klikkar seg inn på Helsenorge.no, den offentlege nettstaden for helse i Noreg, finn ein mykje informasjon om korleis ein kan takle utfordringar etter covid-19-sjukdom. Ein finn tips om korleis ein kan trene om ein har tung pust, stemmeproblem eller problem med å ete, drikke, svelgje, konsentrere seg eller hugse. Men sjølv om nedsett lukte- og smakssans vert lista opp som ein av dei vanlegaste seinverknadene av covid-19, finn ein ingen informasjon om lukttrening.

På den offentlege helsenettsida i Sverige, 177.se, er det annleis. Her får ein enkle instruksjonar om korleis lukttreninga kan gå føre seg: «Du tränar genom att lukta på saker som du har hemma. Det kan till exempel vara kaffe, vanilj, kardemumma eller senap. Lukta några gånger på varje sak. Upprepa flera gånger om dagen.»

Baby utan lukt

I ei tid då folk får operasjonar utsette fordi covid-19-sjuke med respirator tek opp plassane på akuttavdelingane her i landet, kan problem med lukt kanskje verke litt smått. Som å rope om ei øm tå. Kan ikkje dei som er ramma, berre ta tida til hjelp?

Varskurop frå spesialistar på feltet tyder på at pasientar som har tapt luktesansen, bør verte møtte med eit betre tilbod enn eit «lykke til» og «ha det bra». For å miste eller få svekt evna til å lukte i månad etter månad handlar ikkje berre om å miste gleda over eit godt måltid med vener, sjølv om det kan vere viktig nok. Det handlar vel så mykje om korleis ein opplever og tek inn verda kring seg. For ein del kan alt frå kosthald til relasjonar verte endra.

I artikkelen på Forskning.no fortel lukt- og smaksekspert Preet Bano Singh om fortvilte pasientar som står i kø for å få hjelp. Det kan vere ei mor som ikkje kjenner lukta av sin eigen baby, ein kjærast som synest partnaren luktar lauk, eller ein kontorist som ikkje klarer eimen av kaffi.

Ein del av dei som slit med tap av lukt, opplever nemleg at luktene vert forvrengde når luktesansen vender tilbake – eit problem som synest å vere større enn svekt smakssans. Somme vert plaga av brenning i munnen. For enkelte går det på psyken laus.

Dei fleste vert bra

For dei fleste som vert ramma av svekt eller tapt lukte- og smakssans etter covid-19-sjukdom, vil luktesansen vere som før innan eit år, men ikkje for alle. Ulike studiar utførte på ulike måtar, på folk i ulike aldrar og med ulike koronavariantar, sprikjer. Ein studie utført i Strasbourg i Frankrike, publisert i JAMA Network i juni og sitert på NHI.no i desember, gjev oppløftande resultat. Berre to av ei gruppe på 97 deltakarar hadde nedsett luktesans etter eitt år.

Det er likevel mykje vi ikkje veit om følgjene av dette viruset som stadig endrar seg, og fleire studiar vil komme til og fylle ut biletet. Ifølgje nettsida Lukttraning.se, som er oppretta av forskarmiljø ved Stockholms universitet og Karolinska Institutet, veit vi ikkje enno om alle får luktesansen attende, eller om enkelte også vil miste han permanent.

Johan Lundström forskar på luktesansen ved Karolinska Institutet i Stockholm og er ein av forskarane som står bak nettsida Lukttraning.se. Lundström trur at problemet er langt større enn det enkelte andre studiar, som den tidlegare nemnde, har vist.

– Grovt sagt får kring 50 prosent av dei som får korona på eit tidspunkt, tapt lukte- og smakssans. Ytterlegare 20 prosent får det vi kallar ei klinisk luktnedsetjing, som inneber at dei ikkje mistar luktesansen heilt, men har att maks 10 prosent av den normale luktesansen sin. Men desse 20 prosentane opplever sjeldan sjølv at dei har ei luktnedsetjing. Så totalt får om lag 70 prosent luktesansen påverka ved smitte av korona.

Ifølgje Lundström vert 80 prosent av dei som er ramma, kvitt problema sine etter 7 til 14 dagar. For dei siste 20 prosentane kan derimot problema vare lenge – og då meiner han i eitt år eller meir.

Bakgrunnen for denne påstanden er at Lundström for tida deltek i eit større svensk forskingsprosjekt på langtidsverknader av korona, Community-studien, der forskarar testar tilsette og pasientar ved Danderyds sjukehus. Testar av luktesansen indikerer endå høgare tal – at minst 20 prosent av alle testpersonane som har vore smitta med korona, har endra luktesans etter eitt år, men desse funna er ikkje publiserte enno.

Somme har tapt luktesansen, dei fleste har nedsett luktesans, medan andre kan kjenne forvrengde lukter, gjerne i kombinasjon med nedsett evne til å lukte. Kor plaga testpersonane er, varierer.

– Om lag 10 prosent er svært plaga, seier Lundström.

– Kva veit vi om korleis omikronvarianten verkar på lukte- og smakssansen samanlikna med tidlegare koronavariantar?

– Det kan verke som om han er litt snillare, og det er i så fall gledeleg. Men det er for tidleg å seie.

Tilrår trening raskt

Lundström og lukt- og smaks­-
ekspert Preet Bano Singh meiner pasientane bør setje i gang med lukttrening raskt, i mangel på meir effektive metodar. Per i dag er lukttreninga standardbehandlinga internasjonalt.

– Så snart ein er frisk frå covid-19, skal dei med problem starte lukttrening. Ein trenar med å lukte på vanlege hushaldsprodukt i to månader. Har ein framleis problem, bør ein søkje hjelp hos øyre-nase-hals-lækjar, seier Lundström.

Singh er tannlege og førsteamanuensis ved det odontologiske fakultetet i Oslo og har medverka i fleire internasjonale studiar om covid-19-sjukdom og tap av lukte- og smakssans. Ho fortel at lukt er knytt til det senteret i hjernen som igjen er knytt til minne, assosiasjonar og emosjonar. Å hente fram minne om luktene ein dreg inn, vil derfor hjelpe i treninga.

– Om det er god lukt, vert du glad, om lukta ikkje er god, vert du ikkje så glad. Alt dette ligg lagra. Så når vi trenar opp luktesansen, nyttar vi denne informasjonen i hjernen for at han skal kople seg til rett reseptor. Og ja, det verkar, men det kan gå langsamt.

Denne nasegymnastikken er ingen mirakelkur. Det gode nyhendet er at det ofte vil gje betre luktesans på sikt, og at det aldri kan skade.

Luktmottak i Sverige

Både Lundström og Singh tek imot pasientar som dei greier ut og behandlar. I Sverige oppretta dei i haust to offentlege luktmottak. Ifølgje Lundström har mottaket i Stockholm 800–900 pasientar i kø, medan dei tilsette greier ut og behandlar 40–50 i veka.

Singh tek imot og behandlar pasientar éin dag i veka, men har pasientar i kø og etterlyser fleire behandlingsstader. Pasientane ho møter, har ofte vore hos fastlækjaren utan å få hjelp.

– Pasientane kjem reisande frå heile landet, for dei finn ikkje liknande tilbod andre stader. Dei kjem hit med fly og bur på hotell midt i veka, og fordi behandlinga vert rekna som tannlækjarbehandling, må dei fleste dekkje alt sjølv. Det må helsestyresmaktene gjere noko med, seier ho.

I tillegg til lukttrening tilrår Singh sinktablettar mot tapt smakssans og antioksidantar mot brenning i munnen. 

Mangelfull behandling

Dei to ekspertane skildrar behandlinga som mangelfull og meiner ho samstemmer dårleg med kor plaga ein del av dei langtidsramma pasientane er. Dei er opptekne av å få fram omfanget av luktproblema.

Singh er særleg uroa for pasientar i tenåra, som alt slit med hormon i endring, og som ho fryktar det vil verte fleire av med høgare smittetal.

– Eg har jenter her på 13–14 år som er svært forvirra. Eg møter gutar som manglar konsentrasjon. Dei rapporterer om dårleg matinntak og merkbart vekttap på grunn av smaksforvrengingar. Foreldre er frustrerte, seier ho.

Singh får høyre frå pasientane at ting plutseleg luktar kloakk, bensin eller brent plast. Enkelte vert så prega av vond lukt at dei blir slitne og får lyst til å kaste opp når kvelden kjem.

Lundström peiker på at nedsett luktesans kan føre til fleire helseproblem.

– Ein ser at byrda veks med tida og fører til ein auka del med klinisk depresjon og sosial isolasjon. Ein ser også at ein del først går ned i vekt fordi dei mistar appetitt, men med tida går dei fleste opp, fordi dei endrar kostvanane og kompenserer bortfallet av lukt og smak med meir salt, sukker og fritert mat, fortel han.

Singh meiner enkel behandling kan spare samfunnet for ressursar seinare.

Duft av lavendel

På kjøkenbordet heime har Walgermo sett fram fire ulike oljar med fire ulike lukter: appelsin, eucalyptus, lavendel og nellikspikar. Kvar dag dreg ho lukta inn i 20 sekund, medan ho tenkjer på minne knytte til lukta. Når ho luktar på appelsinoljen, kan ho tenkje på påske, når ho luktar på lavendel, kan det vere blomane i hagen.

Walgermo kjenner på utfordringane både ved svekt luktesans og ved forvrengde lukter. Gulosten har til dømes lenge hatt blodsmak, men ho merkar betring og har tru på at ho skal verte bra.

– Med barn vil ein gjerne vite om maten er svidd eller dårleg. Å vere utan luktesans vert eit handikap, og det går også utover det sosiale. Å kjenne lukt er viktig for å ha det bra, seier ho.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Å vere utan luktesans vert eit handikap, og det går også utover det sosiale.

Tone Leksbø Walgermo

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis