JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

HelseSamfunn

For ein mildare pandemi

Vi treng ikkje stogge samfunnet for å bremse covid-smitten. Her er ti langt meir moderate forslag.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I 2021 fekk storparten av befolkninga covid-19-vaksine. Her set sjukepleiar Åshild Skårland vaksinen i armen til Hilde Arnesen på eit vaksinesenter i  i Oslo. I dag får berre folk i risiko­gruppene tilbod om vaksine. Helsearbeidarar har ikkje noko generelt påbod om munnbind ved pasientkontakt, og dei får ikkje tilbod om vaksine.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

11681
20240315

Covid-politikk

Det er ikkje lenger noko mål å avgrense smitten av covid-19 i Noreg.

Immuniteten skal haldast oppe ved at dei fleste blir smitta fleire gonger.

Vaksine er tilrådd berre for folk i risikogruppene.

Det er uvisst kor mange som får seinfølgjer etter covid-infeksjon.

I fjor var det 1528 såkalla covid-assosierte dødsfall i Noreg, ifølgje tal frå FHI.

Helse

peranders@dagogtid.no

Finst det noko alternativ til å late covid-19 gå sin gang gjennom samfunnet, slik vi gjer i dag? Den offisielle politikken i Noreg – som i dei fleste land – er at smitten får spreie seg fritt utan nemneverdige mottiltak, samtidig som vi vernar dei mest sårbare gruppene med vaksine. Slik kan samfunnet fungere som normalt. Men som Dag og Tid skreiv sist veke, har dette ein kostnad i form av langvarige helseplager for somme av dei som blir smitta. Eit vanleg anslag er at nærare 10 prosent av covid-infeksjonane kan gje seinfølgjer. Etterverknadene inkluderer mellom anna utmatting, diabetes, svekt minne, «hjernetåke» og hjarte- og karsjukdom.

Men om vi vil gjere noko med dette – kva kan vi gjere?

Mellomting

Det er neppe nokon som ønskjer seg fleire nedstengingar av samfunnet. Og koronaviruset blir vi ikkje kvitt. Kanskje kjem det til å sirkulere blant oss så lenge mennesket finst. Men om ein ønskjer å avgrense smitten, finst det mange mindre inngripande tiltak ein kan ty til. Og det burde vi definitivt gjere, meiner Carol Holm-Hansen, som er seniorforskar ved Folkehelseinstituttet (FHI). Ho har tuberkulose som spesialfelt og har mange års forsking på smittevern i Afrika bak seg.

Den offisielle lina i Noreg i dag er å halde covid-immuniteten oppe i befolkninga gjennom stadig nye rundar med smitte. Men Holm-Hansen meiner at det framleis er svært gode grunnar til å avgrense spreiinga av covid-19. Ho presiserer at ho her ikkje uttaler seg på vegner av FHI.

– Når det er mogleg å førebyggje infeksjon med ganske enkle tiltak, ser eg ingen grunn til å late vere. Vi blir ikkje sterkare jo fleire infeksjonar vi får. Fleire infeksjonar aukar derimot risikoen for langtidsverknader, og dei kan òg råke unge menneske. Det finst folk i 20-åra som får alvorleg lang-covid og ikkje kjem seg opp av senga. Desse folka er ikkje «berre late».

Det er ikkje slik at vi anten må gjere alt eller ingenting: Det finst mange moderate tiltak for å avgrense smitten, understrekar Holm-Hansen.

Og det er slike moglege tiltak denne artikkelen skal handle om.

1. Enkelt smittevern

Mange av levereglane frå tidleg i pandemien kan framleis vere til nytte, meiner Holm-Hansen.

– Små påminningar om dette har liten eller ingen kostnad. Dei enkle råda burde framleis gjelde: Host eller nys inn i albogen. Vask hendene godt og ofte.

Slike enkle reglar hadde òg andre gode ringverknader enn å avgrense covid-smitte tidlegare i pandemien, påpeikar ho.

– Da nesten alle i barnehagane vart flinke til å vaske hendene, gjekk òg frekvensen av mage- og tarmsjukdom rett ned. No er vi attende til normalen. Barna blir sjuke i barnehagen og på skulen, deretter blir foreldra sjuke.

2. Test i heimen

Det generelle rådet frå FHI ved luftvegsinfeksjonar er enkelt og lettfatteleg: «Ved nyoppståtte luftveissymptomer og nedsatt allmenntilstand bør du holde deg hjemme til du føler deg frisk.» FHI meiner ikkje lenger det er noko poeng i å teste seg for covid ved luftvegsinfeksjonar, fordi rådet vil vere det same uavhengig av kva testen seier. Dette er eit stort skifte. Så seint som i desember 2022 bad Helsedirektoratet kommunane om å sørgje for at innbyggjarane får tilgang på gratis sjølvtestar for covid-19.

Holm-Hansen meiner på si side at testing framleis kan vere nyttig.

– Det kan spele inn på vurderinga av kor lenge ein bør halde seg heime, og gjere det lettare å dokumentere seinverknader av covid-infeksjon. Eg ser ingen grunn til at vi ikkje skal teste oss lenger.

3. Maske i mengda

Nytten av å bruke munnbind var omstridd i Noreg i første fase av pandemien. I starten meinte leiinga ved FHI at dette ikkje gav noko vern mot covid-smitte, men etter kvart vart munnbind påbode på kollektivtransport og andre stader der det ikkje var mogleg å halde ein meters avstand til andre. I dag er alle slike reglar oppheva. Men Carol Holm-Hansen nyttar framleis maske der det er mykje folk.

– Eg bryr meg ikkje om at folk ser rart på meg. Eg brukar framleis munnbind når eg skal i møte, på flyturar og andre stader der det er mykje folk. Det blir sagt at det er for dyrt å drive med masker, men det er tull. Det er eit kostnadseffektivt førebyggjande tiltak. Kostnaden om ein blir sjuk, er mykje større.

4. Sjukehusrutinar

Studiar frå andre land syner at sjukehus kan vere ei viktig smittekjelde til covid-19. Ein britisk studie publisert i Nature i fjor tydde på at mellom 1 og 2 prosent av alle pasientar ved engelske sjukehus frå juni 2020 til februar 2021 – mellom 95.000 og 167.000 menneske – vart smitta av covid medan dei var på sjukehus. Sidan sjukehuspasientar er meir sårbare enn gjennomsnittet, er det òg ein særleg risiko for desse ved å bli smitta.

Sidan pandemien var på det verste, har smittevernreglane ved norske helseinstitusjonar blitt slakka. Det er ikkje noko generelt munnbindpåbod. «I en situasjon med svært høy smitterisiko i samfunnet bør bruk av munnbind og øyebeskyttelse vurderes for ansatte i helsetjenesten», heiter det i smittevernrettleiaren frå FHI. Sjølv når det er utbrot av luftvegssjukdom ved eininga, er rådet slik: «Vurder bruk av munnbind». Helsepersonell kan òg gå på jobb med «moderate akutte luftveissymptomer», heiter det. Rett nok er rådet da å bruke munnbind i kontakt med pasientane.

Reglane burde framleis vore strengare for å hindre covid-smitte, meiner Holm-Hansen.

– Vi veit at folk tek med seg luftvegsinfeksjonar inn på sjukehusa, og folk blir smitta der. Somme seier at det er så slitsamt å gå med munnbind. Vel, kirurgar klarer å jobbe med munnbind tolv timar i strekk.

5. Betre luft

I byrjinga av pandemien var mange skeptiske til at koronaviruset kunne spreiast gjennom luftsmitte, det vil seie via ørsmå aerosolar som held seg lenger i lufta enn dropesmitte. No er dette erkjent av dei fleste forskarar. Det inneber at betre ventilasjonsanlegg i offentlege bygningar som skular og barnehagar kan bidra til å avgrense covid-smitten, meiner Carol Holm-Hansen.

– Barna som går på skule, har heile livet framfor seg, og også barn kan vere utsette for lang-covid. Vi veit at både covid og andre luftvegsinfeksjonar smittar lettare i rom med dårleg ventilasjon, og mange skular og barnehagar har dårleg inneklima.

Å byggje nye ventilasjonsanlegg er truleg eit bra helsetiltak på mange måtar, men òg kostbart og tidkrevjande. Kanskje kan også enklare tiltak redusere smittefaren: Ei rekkje studiar tyder på at luftreinsarar i klasseromma kan fjerne storparten av aerosolane i lufta effektivt. FHI og Sintef planlegg eit prosjekt der luftreinsarar skal plasserast ved 200 norske skular.

– Folk treng å få klar beskjed om at lang-covid er verkeleg.

Carol Holm-Hansen, forskar ved FHI

6. Meir kunnskap

Ein stor del av forskarlivet til Carol Holm-Hansen har handla om smittevern i låginntektsland. Og når ein prøver å stagge spreiinga av tuberkulose på landsbygda i Etiopia og Tanzania, handlar det mykje om å spreie kunnskap og engasjere lokalsamfunna. Desse erfaringane er relevante også for situasjonen vi har med covid i Noreg no, meiner Holm-Hansen.

– Eg synest ikkje folk får tydeleg nok informasjon i dag. Dei fleste er ikkje lenger medvitne om risikoen. Vi reknar jo med at dersom det var nokon fare, ville styresmaktene fortelje oss det. Men det er ingen som seier at vi framleis burde ta grunnleggjande forholdsreglar for å hindre smitte. Folk treng å få klar beskjed om at lang-covid er verkeleg. Når vi får god informasjon, blir vi meir tilbøyelege til å gjere fornuftige ting for å passe på oss sjølve.

7. Årleg vaksine

Så langt Carol Holm-Hansen. Men det er meir å seie om vaksine. Som Dag og Tid fortalde sist veke: Sidan september i fjor har berre 45 prosent av dei såkalla høgrisikogruppene i Noreg teke ny vaksine, sjølv om desse faktisk er tilrådde å ta oppfriskingsdose. På grunn av alder eller helsetilstand risikerer desse eit alvorleg covid-forløp om dei blir smitta. Av dei med høg risiko i aldersgruppa 18-64 år var det berre 19 prosent som tok ein ny dose. Dette tyder ikkje på at folk oppfattar verken akutt covid-infeksjon eller moglege seinverknader som ein særleg stor trussel.

Men kva om styresmaktene sa at alle vaksne over ein viss alder kunne få påfyll av covid-vaksine kvar haust? Det ville vere eit brot med dagens line (og med råda frå WHO, som seier at det ikkje gjev særleg vinst). Men covid-19 utgjer framleis ein trussel. Ifølgje FHI var det 1528 såkalla covid-assosierte dødsfall i Noreg i fjor, mange gonger fleire enn dødsfall knytte til influensa. I tillegg kjem eventuelle dødsfall av hjarte- og karsjukdom som seinfølgje av infeksjon.

Om fleire i risikogruppene hadde vaksinert seg i fjor, kunne truleg ein god del dødsfall vore unngått. Vaksine ser òg ut til å redusere faren for seinfølgjer. Om det blir normalt å vaksinere seg kvar haust, vil det truleg spare ein heil del liv, og mange vil truleg sleppe å få lang-covid.

8. Test avløpsvatnet

Frå våren 2022 til november i fjor vart det teke prøver av avløpsvatn i ei rekkje reinseanlegg i Noreg for å følgje spreiinga av koronaviruset. Desse målingane gjorde det mogleg å fange opp nye smittebølgjer opptil to veker tidlegare enn med andre metodar. I tillegg var det mogleg å oppdage nye virusvariantar tidleg. Overvakinga av avløpsvatnet vart sett på som nyttig av FHI, men budsjettomsyn gjorde at ordninga tok slutt i fjor haust. Om slike målingar blir starta opp att, kan det gje nyttig informasjon både til helsestyresmaktene og til privatpersonar som vil danne seg eit bilete av kor stor smittespreiinga er – og dermed risikoen for å bli smitta.

9. Akuttmedisin

I starten av pandemien stod legane ofte ganske hjelpelause overfor livstrugande covid-infeksjonar, og måtte prøve seg fram i behandlinga. Slik er det ikkje lenger. Det antivirale middelet Paxlovid har vist gode resultat mot akutt infeksjon, og somme studiar tyder på at det òg kan redusere riskoen for seinfølgjer. Men Paxlovid er svært dyrt, og ein får det berre på blå resept. I tillegg er effekten av antivirale middel som dette størst om ein tek dei tidleg i infeksjonsforløpet. Når folk i dag nærast blir fråråda av styresmaktene å teste seg sjølve for covid-infeksjon, kan det dermed vere med på å svekkje sjansane for ei vellukka behandling med antivirale middel.

10. Semje om lang-covid

I dag finst det ingen konsensus om kor utbreidde eller alvorlege seinfølgjene etter akutt covid-infeksjon er. Somme meiner dette er eit svært stort problem. Tidsskriftet The Lancet har kalla lang-covid for «ei veksande folkehelsekrise». At mange får kognitive seinfølgjer og utmatting etter covid-infeksjon, er heva over tvil, sjølv om omfanget er omdiskutert. Mange forskarar meiner òg at auken i dødsfall av hjarte- og karsjukdom i mange land sidan 2020 kan forklarast med seinfølgjer av covid-infeksjon. Andre fagfolk er skeptiske til at etterverknadene er så omfattande. Leiinga ved Folkehelseinstituttet er på den skeptiske sida.

Ein ting er sikker: Inntil det blir større semje i forskingsmiljøa om kor utbreidde og alvorlege seinfølgjene av covid er, blir det heller ikkje semje om korleis vi skal handtere pandemien.

LES ÒG: Trur fleire vaksinTrar vil løne seg (intervju med virologiekspert Rebecca Cox)

LES ÒG: Nokre ord om vaksine

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis