JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

HelseSamfunn

Får covid-19 på sjukehusa

I fjor vart truleg over 1300 menneske covid-smitta ved norske sjukehus. 119 av dei døydde kort tid etter.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Dei færraste av oss testar seg for covid-19 i 2024. Heller ikkje ved sjukehusa er testing rutine lenger, verken for tilsette eller for pasientar.

Foto: Erik Johansen / NTB

10993
20240524

Korona på sjukehus

Tal frå FHI tyder på 9135 sikre eller sannsynlege tilfelle der sjukehuspasientar vart covid-19-smitta ved norske sjukehus fram til utgangen av 2023.

480 av desse pasientane døydde i løpet av 30 dagar.

Det tilsvarer kring 5 prosent.

I 2023 registrerte FHI 1341 sikre eller sannsynlege smittetilfelle ved sjukehusa.

Av desse pasientane døydde 119, litt under 9 prosent, i løpet av 30 dagar.

Helse

peranders@dagogtid.no

På sjukehus skal folk helst få behandling som gjer dei friskare, men iblant er uhellet ute: Somme pasientar pådreg seg infeksjonar medan dei er på sjukehus, og dei ekstra uheldige døyr. Slik har det vore så lenge det har vore sjukehus. Men våren 2020 kom ein ny risikofaktor inn i reknestykket: covid-19, nok ein sjukdom som ikkje stoggar ved porten inn til sjukehusa. Tidlegare upubliserte data som Dag og Tid har fått frå Folkehelseinstituttet (FHI), tyder på at over 9000 menneske har blitt smitta av covid-19 på norske sjukehus sidan 2020, og nærare 500 av dei døydde ganske kort tid etter.

Koronaviruset har blitt litt mildare sidan 2020, og dei aller fleste av oss har delvis immunitet frå vaksine eller tidlegare infeksjon. Men covid-19 kan framleis vere farleg for dei som er svekte av annan sjukdom eller alder. Og blant sjukehuspasientar utgjer desse openbert ein langt større andel enn i samfunnet elles, difor må vi gå ut frå at det er eit mål i seg sjølv å avgrense covid-smitten ved sjukehusa.

HAI-åtak

Det vi snakkar om her, er eit døme på såkalla «helsetenesteassosierte infeksjonar» (HAI), altså sjukdom som folk pådreg seg i samband med medisinsk behandling. Når det er koronaviruset folk har fått på sjukehus, blir det kalla HAI-covid-19. I datamaterialet frå FHI er det registrert til saman 9135 sikre eller sannsynlege tilfelle av HAI-covid-19 ved norske sjukehus frå våren 2020 til utgangen av 2023. Av alle desse døydde så 480 pasientar innan 30 dagar var gått, litt over 5 prosent.

Med «sikker HAI-covid-19» viser FHI til pasientar som testa positivt minst 14 dagar etter at dei var innskrivne på sjukehus, medan «sannsynleg HAI-covid-19» er dei som testa positivt mellom 7 og 14 dagar etter innskriving. Dette handlar ganske enkelt om inkubasjonstida: Det er umogleg eller usannsynleg at desse pasientane kom inn på sjukehuset med covid-19-infeksjon i kroppen.

Tala er ikkje analyserte nærare av FHI enno, og vi bør tolke dei med varsemd. Det gjeld særleg kor mange av pasientane som døydde av covid-19, og kor mange som døydde med covid-19. Det kan vi ikkje vite, for datamaterialet er ikkje kryssjekka med registrert dødsårsak. Det er heller ikkje gjeve at statistikken fangar opp alle som har blitt covid-19-smitta ved norske sjukehus. Likevel er det interessante ting å lese ut av dette materialet.

Frislepp

Om vi først ser på tala år for år, ser vi at covid-19-smitten ved sjukehusa var nokså avgrensa i 2020, slik han òg var det i samfunnet elles. I tillegg var det svært strenge reglar for besøk og smittevern ved sjukehusa i den første fasen av pandemien. I 2020 vart det registrert 132 pasientar med sikker eller sannsynleg HAI-covid-19 ved sjukehusa. Av desse døydde 16 i løpet av 30 dagar, det vil seie ein dødsrate på 12 prosent.

I 2021 var det 1979 pasientar med sikker eller sannsynleg HAI-covid-19, av desse døydde 53 – litt under 5 prosent.

I 2022, da viruset slapp laus for alvor, greip smitten òg om seg ved sjukehusa. Det året vart det registrert 5683 pasientar med sikker eller sannsynleg HAI. Av desse døydde 292 dei neste 30 dagane, igjen kring 5 prosent.

Og i 2023 har FHI registrert 1341 tilfelle av sikker eller sannsynleg HAI-covid-19 ved sjukehusa. Av desse pasientane døydde 119, litt under 9 prosent.

Alvor

Det finst pussige utslag i talmaterialet som kan tyde på at registreringa har vore usystematisk, skeiv eller mangelfull. Ifølge tala frå FHI døydde til dømes 22 prosent av pasientane i kategorien «sannsynleg HAI» i 2021, medan berre 2,8 prosent av pasientane med «sikker HAI» døydde det same året. Det gjev ikkje særleg meining. Noko kan ein likevel lese ut av datamaterialet: Vi kan ta for gjeve at mange tusen menneske har blitt smitta av covid-19 ved norske sjukehus sidan 2020, og det verkar plausibelt at eit hundretal av desse døydde på grunn av covid-infeksjonen dei fekk.

Studiar som er gjorde i andre land, tyder på at dødsraten er ganske høg for dei som får HAI-covid-19. Tal frå britiske NHS i fjor tydde på at så mykje som 20 prosent av dei som fekk covid-19 ved britiske sjukehus, døydde med infeksjonen. (Også der var det uvisst kor mange av desse som døydde av covid-19.) Studiar frå Australia tyder på ein dødsrate på kring 10 prosent for sjukehuspasientar som får HAI-covid.

Vi kan òg merke oss dette: Trass i vaksinane og eit litt mildare virus tyder også dei norske tala på at koronaviruset framleis kan vere eit alvorleg trugsmål for sjukehuspasientar. Som nemnt døydde nesten 9 prosent av dei 1341 som vart registrerte med HAI-covid ved norske sjukehus i fjor.

Stort i Europa

Om vi ser ut over landegrensene, blir det klart at HAI-covid kan vere eit problem av temmeleg store dimensjonar. Ein ny rapport frå European Centre for Disease Prevention and Control (ECDC) tyder på at covid-19 var årsak til 7 prosent av infeksjonane folk pådrog seg ved europeiske sjukehus i 2022 og 2023. Det tilsvarer litt over 300.000 tilfelle av HAI-covid i EU- og EØS-landa, og kvar sjette covid-infeksjon blant desse pasientane vart klassifisert som alvorleg. Om dødsraten blant desse pasientane i Europa til dømes var kring 10 prosent, kan det vere kring 30.000 menneske som døydde av eller med covid-19.

Smittetala «reflekterer den tunge børa av ein potensielt dødeleg infeksjon som det er mogleg å førebygge», heiter det i rapporten frå ECDC.

Og det fører oss over til neste spørsmål: Om over 1000 pasientar blir smitta med covid-19 ved norske sjukehus i løpet av eit år – blir det da gjort nok for å hindre slik smitte? Dag og Tid spurde først Espen Rostrup Nakstad, assisterande direktør i Helsedirektoratet.

«Dette viser at SARS-CoV-2-viruset fortsatt er et av de mest smittsomme virusene som spres i den norske befolkningen og at testing og isolasjon i sykehus dessverre ikke hindrer all smitte. Sykehusenes smittevernregime er imidlertid fortsatt strengt og vil fortsatt være det for å hindre spredning både av covid-19 og andre infeksjonssykdommer», skriv Nakstad.

«Dette er hundrevis av unødvendige dødsfall og det er en tragedie.»

Arne Søraas, leiar for Koronastudien

Triste tal

Ein som meiner vi slett ikkje gjer nok for å hindre smitte, er Arne Søraas, lege og forskar ved Oslo universitetssjukehus og leiar for den norske Koronastudien.

«Jeg synes disse tallene er veldig triste. Det viser at vi ikke har lykkes i å beskytte de svakeste sykehuspasientene mot covid-19. Dette er hundrevis av unødvendige dødsfall og det er en tragedie», skriv Søraas på e-post.

Han viser til pasientar som fortel om møte med helsepersonell som hostar utan å bruke munnbind, og stiller seg tvilande til at smittevernrutinar blir etterlevde ved sjukehusa. «Jeg tror at det er veldig vanskelig å formidle godt smittevern internt på sykehus nå fordi regjeringen og FHI gjentatte ganger har sagt at covid er som en vanlig forkjølelse/influensa og at det er et mål å opprettholde befolkningsimmunitet ved at viruset sirkulerer i befolkningen», skriv Søraas. Han meiner den norske politikken gjev inntrykk av at koronaviruset ikkje lenger er farleg.

«Hvis helseministeren fortsetter denne politikken vil vi fortsette å se at selv ikke sykehuspasienter er beskyttet mot covid. For disse kan covid bety døden, for de fleste andre betyr covid en ny mulighet til å få long-covid som heller ikke er bra», skriv Arne Søraas.

Slakkare

Som mange hugsar, var det svært strenge smittevernreglar i den første fasen av pandemien, og sjukehusa hadde mellom anna streng kontroll med kven som fekk komme inn. Det er neppe nokon som ønsker seg attende til tida da folk ikkje fekk besøke sine kjære på sjukehusa. Men også dei meir moderate pandemitiltaka er fjerna. Det er ikkje lenger påbod om munnbind for helsepersonell, anna enn når den tilsette sjølv har symptom på luftvegsinfeksjon.

Covid-testar er ikkje lenger rutine, verken for pasientar eller for tilsette, og det er ikkje noka tilråding om at helsepersonell skal ta oppfriskingsdose med koronavaksine, fordi «nytten av å vaksinere helsepersonell for å beskytte pasientene er foreløpig usikker siden effekten mot smitte antas være kortvarig», heiter det i rettleiinga frå FHI.

«Når det gjelder covid-19, har tilnærmingen gått fra ekstreme tiltak til ingen tiltak i det hele tatt.»

Ann-Chatrin Linqvist Leonardsen, professor i helsevitskap

Hygieneslurv

Smittevernråda er i praksis der dei var før koronapandemien tok til i 2020, sjølv om vi har fått ein ny infeksjon på lista over potensielt livstrugande HAI-ar ved sjukehusa. Men problemet er kanskje ikkje smittevernreglane, heller dårleg etterleving, meiner Ann-Chatrin Linqvist Leonardsen, professor ved Institutt for sykepleie- og helsevitenskap ved Universitetet i Søraust-Noreg. Slurv kan føre til spreiing av ei rekkje potensielt farlege infeksjonar ved sjukehusa, ikkje berre covid-19.

«Et så enkelt og velkjent tiltak som håndhygiene blir ikke nødvendigvis etterlevd. Videre bygges sykehusene for små, og enkeltrom brukes som to-mannsrom, noe som gjør smitteforebyggingen vanskelig», skriv Leonardsen på e-post.

«Når det gjelder covid-19 har tilnærmingen gått fra ekstreme, isolerende tiltak, til ingen tiltak i det hele tatt. Det er fremdeles mye usikkerhet knyttet til dette viruset, både når det gjelder sykdomsutvikling og senkomplikasjoner. Det kan sikkert diskuteres om det skal eller ikke skal gjeninnføres enkelte tiltak for å forhindre smitte, som f.eks. at man holder seg hjemme ved positiv test», skriv Leonardsen, og konkluderer slik:

«Mitt inntrykk er at forebygging ikke nødvendigvis får like stort fokus som behandling i helsetjenesten – og dette bør endres.»

Mangedobla

Ein del av biletet er òg at risikoen for å spreie koronaviruset ved sjukehusa får mindre merksemd enn før. I 2021 laga VG fleire store oppslag om pasientar som hadde mista livet fordi dei vart smitta med covid-19 medan dei var innlagde ved norske sjukehus av andre årsaker. Fleire av dei pårørande avisa snakka med den gongen, reagerte på det dei opplevde som mangelfullt smittevern, sjølv om dette var da merksemda kring pandemien var på det mest ekstreme og smitteverntiltaka i teorien var særs strenge. Trukeg var ikkje alle sjukehus like flinke til å følgje smittevernreglane.

På den tida hadde FHI registrert kring 1000 tilfelle der pasientar ved norske sjukehus og sjukeheimar hadde blitt smitta av koronaviruset, skreiv VG i 2021. No er altså det totale talet på registrerte tilfelle av HAI-covid-19 det nidobbelte ved sjukehusa åleine.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis