Enda ei bølgje
Covid-strategien til styresmaktene no er uforståeleg, seier Arne Søraas, leiar for Koronastudien.
Talet på innlagde pasientar med covid-19 på norske sjukehus aukar, trass i vaksinane. Her frå intensivavdelinga på Oslo universitetssjukehus Rikshospitalet.
Foto: Jil Yngland / NTB
Samtalen
Arne Søraas
Lege og leiar for Koronastudien
Aktuelt
R-talet i Noreg er over 1 og aukande.
Samtalen
Arne Søraas
Lege og leiar for Koronastudien
Aktuelt
R-talet i Noreg er over 1 og aukande.
peranders@dagogtid.no
Koronasmitten aukar igjen raskt i Noreg, og også talet på innleggingar aukar: På onsdag var det 167 covid-19-pasientar ved norske sjukehus. Arne Søraas er infeksjonsspesialist og leiar for den store koronastudien ved Oslo universitetssjukehus.
– Kva tenkjer du når du ser dei nyaste smittetala?
– Alle som kan rekne med rentes rente, ser kor det ber. Vi har eit R-tal over éin, og da går det berre oppover. Noreg har no 50 prosent auke i talet på smitta per veke. Det er heldigvis ikkje tregongen eller nigongen kvar veke, slik det kunne vore utan vaksinane. Men snart må vi setje inn tiltak som verkar, om vi skal sleppe ei ny nedstenging.
– Det er som å tru på julenissen å tru at dette går over av seg sjølv, sa du til TV 2 23. oktober. Da var det 120 innlagde på sjukehusa, no er det 167.
– Ja, og det kjem til å bli fleire og fleire. Talet på innlagde stoggar neppe ved 200. Mange er framleis sårbare for viruset.
– Har Noreg opna samfunnet for mykje i haust?
– Det er vanskeleg for meg å seie. Eg er infeksjonslege og vil helst ikkje at folk får infeksjonar som kan vere farlege. Politikarane må vurdere kva det er verdt å bremse spreiinga av denne sjukdomen. Men så lenge R er over éin, kjem ikkje viruset til å stogge ved 1500 nye smitta dagleg. Dei lokale tiltaka har ikkje vore nok. Og om smitten når eit veldig høgt nivå, vil det koste mykje å få han ned att.
– Akuttavdelingane er alt overbelasta ved somme sjukehus, og vi er tidleg i sesongen for luftvegsinfeksjonar?
– Dette blir frykteleg slitsamt for dei som arbeider ved sjukehusa. Om vi får til dømes 3000 nye smitta per dag, blir det ei stor påkjenning for dei. Dette kjem til å slite ut mange tilsette på sjukehusa, og det kunne vi unngått ved å innføre tiltak tidlegare. Eg synest strategien til styresmaktene fram til no ikkje har vore effektiv nok. Takk vere vaksinane burde det vere fullt mogleg å få ned smitten i Noreg.
– Koronastudien dykkar ser mellom anna på langtidsverknader etter covidinfeksjon. Mange slit lenge etter infeksjonen, også av dei som hadde milde symptom?
– Ja, og det ser ut som dei kognitive verknadene er mest langvarige. Kring 10 prosent av dei som har testa positivt, fortel om dårleg minne eller andre kognitive plager åtte månader etter infeksjonen.
– Kva veit de eigentleg om fenomenet langcovid?
– Årsakene forstår vi enno ikkje, men det er veldig få fagfolk som tviler på at covid kan gje langsiktige plager. WHO legg særleg vekt på tre ting: tung pust, utmatting og kognitive problem.
– I kva grad er dei vaksinerte verna mot slike langtidsverknader? Ein studie i The Lancet tyda på at dei vaksinerte som vart smitta, hadde berre halvparten så stor risiko for langcovid som uvaksinerte som blir smitta?
– Det verkar sannsynleg at vaksinane reduserer faren for langcovid. Men vi har ikkje så gode studiar på dette enno, og det er veldig mykje uvisse. Og sjølv om færre av dei vaksinerte får langvarige plager om dei blir smitta, gjeld det framleis svært mange menneske når smittetala er høge. Vi har ikkje sikre tal på dette, men det er ein risiko for dei som blir sjuke.
– Koronapolitikken har vore styrt etter kva helsevesenet vårt toler. Burde styresmaktene sett meir på risikoen for langtidsverknader?
– Ja, det synest eg. Vi veit at mange får klare, dokumenterte langtidsverknader. Men det kjem til å ta år før vi verkeleg får oversikt over desse konsekvensane. Så er spørsmålet kor store sjansar ein skal ta på vegner av befolkninga. Alle helseføretaka skal no opprette postcovidklinikkar. Men vi bør jo gjere vårt beste for å hindre at dei blir stappfulle.
– Du og andre forskarar har fått kritikk for å snakke for mykje om langcovid: Det kan få folk til å kjenne ekstra etter og innbille seg ting?
– Det kan nok vere ein slik samanheng. Vi skal ikkje overdrive, men vi må òg seie det som det er: Dette er eit reelt problem. Koronaviruset kan ha ein langsiktig effekt på folk, også dei vaksinerte, og det er veldig mykje vi ikkje veit. Det gjev grunn til å vere varsam. Og vi har ikkje vore varsame i Noreg i det siste.
– Kva veit de no om moglege langtidsverknader av covid for barn og ungdom?
– Eigentleg ingenting. Eg har enno ikkje sett ein ordentleg studie av det. Men generelt ser det ut til at barn toler viruset svært godt. Samstundes veit vi at vaksne som får ein mild sjukdom, kan få langtidsverknader. Så er spørsmålet om barn unngår dette. Eg tur og håpar at dei gjer det, men eg vil uansett vaksinere barna mine.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Dette kjem til å slite ut mange tilsette på sjukehusa.»
Fleire artiklar
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB
Kva er alternativet til EØS-medlemskap?
Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.
Foto: Privat
Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid
«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»
Sofi Oksanen er av dei forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.
Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons
Vald mot kvinner som våpen
Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.
For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.
Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa
Verda ifølgje Orbán
BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.
Gjengkrim – ein varsla katastrofe
Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.