Eit seigliva sjukehus
Trass i vonbrotet i Hurdal: Sp-politikar Jan Bøhler nektar å gje opp kampen for Ullevål sjukehus.
Demonstrasjonen for Ullevål sjukehus sist tysdag samla kring 2000 menneske i Oslo. Jan Bøhler framførte sin eigen kampsong for sjukehuset framfor Stortinget.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
Samtalen
Jan Bøhler
Sp-politikar og styremedlem i Redd Ullevål sykehus
Aktuell
Kampen om Ullevål sjukehus

peranders@dagogtid.no
Motstanden veks mot planane om å leggje ned Ullevål og byggje nytt storsjukehus på Gaustad. På tysdag demonstrerte nesten 2000 menneske i Oslo for Ullevål. Blant dei var politikar Jan Bøhler, som gjekk frå Arbeidarpartiet til Senterpartiet hausten 2020, mellom anna på grunn av denne saka. Han er òg styremedlem i aksjonen Redd Ullevål sykehus.
– På demonstrasjonen tysdag song du ein sjølvskriven song med linene: «Det er hjertet i Oslo sin sjel/ uten det blir ikke byen vår hel». Kvifor er Ullevål så viktig?
– Det er mange grunnar til det. Ullevål er eit veldig godt sjukehus, det er ryggrada i helsetilbodet i Oslo, med gode fagmiljø. Eitt av dei er traumeteamet på Ullevål, som har redda så mange offer for vald eller ulukker. Helse Sør-Øst vil stykke opp dette fagmiljøet mellom Gaustad og eit utvida Aker sykehus. Vi vil at Aker skal vere lokalsjukehus for bydelane i Groruddalen.
– Handlar forsvaret av Ullevål òg om nostalgi?
–?Nei. Det er så mange fagleg gode grunnar til å ta vare på Ullevål. Alle fagforeiningane ved sjukehusa i Oslo er med oss i kampen. I demonstrasjonen på tysdag hadde vi med både Carl I. Hagen frå Frp og ordførar Marianne Borgen frå SV. Dette er ei slik sak der engasjementet berre blir sterkare etter kvart, fordi argumenta er så gode.
– Men eit nytt storsjukehus på Gaustad, blir ikkje det minst like bra som slitne Ullevål?
– Det kunne det kanskje blitt, om Gaustad-tomta var stor nok, men det er ho ikkje. Det er mykje meir plass på Ullevål. I tillegg skal psykiatrisk behandling flyttast frå idylliske omgjevnader på Gaustad til ei høgblokk ved Sinsenkrysset.
– Helse Sør-Øst seier at ei utbygging av Ullevål blir 13 milliardar dyrare enn Gaustad-planen?
–?Det reknestykket stoler eg ikkje på i det heile. Det strir mot sunn fornuft at det skal bli dyrare å bruke dei sjukehusområda som alt finst, enn å lage eit kjempesjukehus på Gaustad frå grunnen av. Ullevål kan byggast ut, og Rikshospitalet kan halde fram som eit høgspesialisert sjukehus med nasjonalt ansvar for mange typar planlagt behandling.
– Regjeringa kan overkøyre Oslo kommune og tvinge gjennom Gaustad-utbygginga. Er ikkje Ullevål ei tapt sak?
– Nei. Senterpartiet er jo sterkt imot dette, men partileiinga har late seg presse av Ap. På Stortinget er det no berre Ap og Høgre som er for desse planane. Oslo Ap har òg snudd. Når motstanden er så sterk, trur eg det blir tungt for regjeringa å tvinge dette gjennom.
–?Senterpartiet lova å berge Ullevål sjukehus, og det var ein viktig grunn til at du bytte parti. No er du ute av Stortinget, og Senterpartiet gav opp Ullevål i regjeringsforhandlingane. Vart du lurt?
– Senterpartiet fekk ein framgang på 50 prosent i Oslo, og Oslo var kommunen der Senterpartiet fekk flest røyster i fjor. Og eg har forplikta meg overfor veljarane til å kjempe vidare for Ullevål. Men eg er svært skuffa over at partileiinga gav opp denne saka i forhandlingane. Dette burde dei ikkje ha gjeve seg på.
–?I valkampen gjekk Trygve Slagsvold Vedum langt i retning av å garantere for at Senterpartiet ville berge Ullevål. Trudde du på han?
–?Vedum gav ikkje ein garanti, men han sa at han skulle kjempe hardt for Ullevål. Og eg sa sjølv at eg meinte Senterpartiet ikkje kan sitje i ei regjering som legg ned Ullevål. Personleg tok eg konsekvensen av det, og ville ikkje ha noka rolle i regjeringsapparatet.
–?Ein kan mistenkje at Sp-leiinga ikkje var villig til å kjempe så hardt for ei Oslo-sak?
–?Det har eg ingen meiningar om. Men i så fall ville det vere ein stor tabbe. Sjukehusaksjonane rundt i landet har tett samarbeid, og dette er ikkje berre ei Oslo-sak. Og om Senterpartiet skal etablere seg som eit styringsparti på lang sikt, treng partiet oppslutnad i storbyane òg.
–?Kven er du mest skuffa over i denne saka – det gamle partiet ditt eller det nye partiet ditt?
– Eg er klart mest skuffa over det gamle partiet mitt. Det er dei som har køyrt denne saka, og som framleis køyrer rett fram, same kva dei støyter på.
– Det er toppleiarane i Ap, som statsminister Støre og helseminister Kjerkol, som held fast ved Gaustad-planen. Kvifor trur du denne saka er så viktig for dei?
– Jonas har jo vore helseminister sjølv, og både han og Kjerkol er godt kjende med toppane i helseføretaka. Eg trur vel dei berre er innforståtte med argumenta helsetoppane kjem med. Og leiarane i Ap og Høgre har noko felles: Dei trur at store einingar alltid er mest effektivt, og jo meir ein samlar på ein stad, jo betre blir det. Men når det gjeld sjukehus, er ikkje alltid dei største einingane dei beste.
–?Kva kjem det av at Ap-leiinga er så lojal mot byråkratiet i helseføretaka, også i saker der partiet taper veljarar på det?
– Eg trur dei berre har gifta seg med føretaksmodellen. Det er mykje personkontakt mellom partiet og føretaka, og partileiarane har utvikla ein lojalitet til sjølve strukturen. Da blir det lett slik at ein berre stemplar og godkjenner det føretaka kjem med.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Eg er veldig skuffa over at partileiinga gav opp denne saka i forhandlingane.
Fleire artiklar
Pasta med traktkantarellar, fløyte og parmesan.
Foto: Dagfinn Nordbø
Skogens gull
Eg er så heldig å ha vener med hytte, og dei forsyner meg med alt eg orkar av godsaker som veks på bakken.
Faksimile frå Chess Review 1953. Burger sit med dei svarte brikkene og introduserer ein «cheapo».
Foto: Edward Winters chesshistory.com
Frå sjakkverda: Burger med cheapo utan salami
Gravferd for Hizbollah-kommandantane Ibrahim Qubaisi og Hussein Ezzedine, som mista livet i eit bombeåtak i det sørlege Beirut 25. september. Dei siste vekene har ei rekkje leiarar i Hizbollah-rørsla blitt drepne av Israel.
Foto: Louisa Gouliamaki / Reuters / NTB
Ei god tid for martyrar
Hizbollah vart skapt av den israelske invasjonen av Libanon i 1982.
Kan Israel knekke denne rørsla gjennom ein ny krig?
Foto: NTB
«Epla figurerer i mange av Hauge sine dikt»
Den polske presidenten Andrzej Duda vitja messa i kyrkja The National Shrine of Our Lady of Czestochowa i Doylestown i Pennsylvania 22. september 2024.
Foto: Ryan Collerd / AFP / NTB
Kandidatane frir til polakkar i USA
BUCKS COUNTY: Kanskje er det polsk-amerikanarar i Pennsylvania som kjem til å avgjere presidentvalet.