JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

HelseSamfunn

Ein tristare ungdom

Den psykiske helsa til ungdommar og unge vaksne har blitt dårlegare dei siste ti åra. NTNU-forskar meiner sosiale medium har mykje av skulda.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Det siste tiåret har talet på unge med angst- og depresjonssymptom gått rett til vêrs. Sosiale medium har mykje av skulda, meiner Steinar Krokstad, professor i sosialmedisin.

Scanpix

13173
20220805
13173
20220805

Psykisk helse

magjerd2@online.no

Psykiske helse blant unge har fått auka merksemd dei siste åra, spesielt etter koronapandemien. Ein studie frå Folkehelseinstituttet syner at talet på barn mellom 6 og 12 år som oppsøkte lege på grunn av psykisk helse, auka med 31,7 prosent dei fem første månadane av 2021. Auken var på heile 47,5 prosent for barn og unge mellom 12 og 15. Men det blir feil å sjå på dette som ein mellombels tilbakegang i ein elles positiv trend. Det siste tiåret har det vore ei dyster utvikling i den psykiske helsa og livskvaliteten til ungdommar og unge vaksne.

I mai i år vart ein viktig studie av utviklingstrendar i psykisk helse i Noreg publisert. Studien er basert på tal frå den store Helseundersøkinga i Nord-Trøndelag (HUNT), der 48.000 til 62.000 personar har delteke i tre rundar med spørjeundersøkingar (først i 1995–1997, så i 2006–2008 og sist i 2017–2019). Studien peiker på ei sterk auke i angst- og depresjonssymptom blant unge frå 2006–2008 til 2017–2019. Auken er såpass drastisk i visse aldersgrupper at det skaper eit alvorleg forklaringsproblem. Kva har skjedd? No debatterer forskarar kva som har og ikkje har skulda for utviklinga ein ser blant unge.

Trendar i psykisk helse

Me har tala med Steinar Krokstad, professor i sosialmedisin ved NTNU og hovudforfattar av studien nemnd ovanfor, for å diskutere resultata og kva han meiner står bak utviklinga. Forskingsartikkelen deira er ope tilgjengeleg for alle, men finst dessverre berre på engelsk. Du finn han gjennom å søke på «Diverget decennial trends» på ein søkemotor.

– Kva var dei viktigaste funna frå undersøkinga?

– Det viktigaste funnet me har gjort, er ein klar negativ trend i psykisk helse hos ungdom og unge vaksne. Det har vore ein sterk auke i angst- og depresjonssymptom blant unge det siste tiåret, og ei spesielt negativ utvikling hos jenter og unge kvinner, sjølv om det òg har vore ei negativ utvikling hos menn. På den andre sida har me funne ei positiv utvikling hos dei eldre, dei som er over 50–60 år. Der ser me ein betydeleg nedgang i rapportering av angst- og depresjonssymptom. Det er ei ganske spesiell utvikling, med ein negativ trend blant dei unge og ein positiv blant dei eldre.

– Er desse funna representative for heile Noreg?

– Me har fleire indikasjonar frå mange andre studiar på at utviklingstrekka i Trøndelag ofte er veldig like dei generelle utviklingstrekka i Noreg, men også internasjonalt. Den negative utviklinga i psykisk helse i befolkninga er godt dokumentert i mange studiar, sjølv om det ikkje betyr at det ikkje finst variasjon mellom land og aldersgrupper. Men det vil overraske meg dersom ein ikkje fann tilsvarande trekk i andre norske fylke. Spesielt den negative utviklinga hos ungdom er eit kjent funn frå fleire andre populasjonar. Til dømes finn ein i studiar både frå Noreg og frå USA at 2010 har vore eit vendepunkt der ting har skote fart i negative retning.

– Vart de overraska av funna?

– Rett og slett. Me vart overraska over den sterke negative utviklinga hos unge, men også av den positive utviklinga hos eldre. I den førre undersøkinga (2006–2008) såg me ei negativ utvikling, men ho var ikkje så oppsiktsvekkande. Me tenkte ikkje mykje over det. Men når me kikkar på data frå den siste studien, ser me ei betydeleg forverring hos unge og ei positiv utvikling hos dei eldre. Det er jo spennande, for ein ekstern faktor eller sjokk som treffer ein populasjon, vil vanlegvis slå ut ganske likt i befolkninga.

Årsaker til utviklinga

– Kva årsaker meiner du og medforfattarane dine står bak utviklinga det siste tiåret?

– Me har gjort ein observasjonsstudie, ikkje ein årsaksstudie. Difor er forsøket vårt på å tolke og forstå funna basert på annan litteratur og teori. Når det gjeld den positive utviklinga hos eldre i Noreg, er det nærliggande å knyte den til at det er veldig bra å bu i Noreg. Den økonomiske utviklinga har vore positiv, helseutviklinga har vore positiv. Me har fått bukt med hjarte- og karsjukdommar, som no er mindre farlege enn før. Kjøpekrafta til dei eldre har blitt betre og framtidsutsiktene sikrare. Derfor peiker mange på velferdsstaten og velstandssamfunnet som forklaringar på kvifor eldre har betre psykisk helse no enn før.

– Men så har ein utviklinga hos unge, som me verkeleg må prøve å forstå. Det er klart at unge veks opp i ei heilt ny verd. Frå rundt 2010 får teknologigigantane eit grep om den yngre befolkninga gjennom appar, medium og plattformer. I tillegg har ein klimautfordringar, store sosiale ulikskapar og veksande truslar mot demokrati. Det er fleire ting som gjev ungdommen grunn til bekymring.

– I samfunnsmedisinsk teori er ein ofte ute etter «rotårsaker». Ein kan sjå på utviklingstrekk i folkehelsa ved å undersøke enkeltindivid, men for å forstå trendar på populasjonsnivå må ein spørje kva som har skjedd med levekår, og kva som er underliggande drivkrefter. Då dreier det seg ofte om politiske, økonomiske, historiske og kulturelle faktorar.

Krokstad og medforfattarane meiner nyliberalismen kan ha spelt ei rolle gjennom å auke prestasjonspresset i skulen og bidra til sosioøkonomiske utfordringar som veksande ulikskap og klimaendringar. Det spørst om dei negative utviklingstrekka blant unge kan forklarast ut frå slike globale utfordringar, ettersom det er vanskeleg å seie at situasjonen i dag er objektivt meir bekymringsfull enn til dømes atomkrigsfaren under den kalde krigen.

Sosiale medium

– Det er sosiale medium de legg mest vekt på i artikkelen dykkar, kvifor trur de sosiale medium har spelt ei viktig rolle i utviklinga?

– Me ser at ungdom bruker fleire timar kvar dag på sosiale medium, og at det pregar ungdomskulturen i sterk grad. Det same gjeld ikkje for dei eldre. Utviklinga starta i 2010 og sidan då har det verkeleg teke av. Teknologiselskapa har fått makt over kvardagen til dei unge og bruker bevisste mekanismar for å gjere folk avhengige. Det påverkar alle ungdommar, uansett om dei bruker sosiale medium eller ikkje. Sjølvsagt er det mange hyggelege og trivelege ting med sosiale medium, men i sum trur me at dei er ei drivkraft som forverrar den psykiske helsa hos unge.

På spørsmål om kva mekanismar det er snakk om, svarer han at selskapa bruker algoritmar til å maksimere tida folk brukar på plattformene, og at jo meir tid folk bruker, jo meir pengar tener selskapa på å reklamere. Krokstad viser til Netflix-dokumentaren The Social Dilemma, som går meir i detalj om kva knep som blir brukte.

Men at selskapa klarer å fange så mykje av tida og merksemda til unge, betyr ikkje dermed at det gjer dei ulykkelege. Og dersom hypotesen om at sosiale medium har gjort unge nordmenn tristare og engstelegare stemmer, må ein spørje seg kvifor sosiale medium har blitt så utbreidd blant aldersgruppa dei påverkar negativt. Me spør han om kva det er med sosiale medium som gjer unge ulykkelege, og korleis selskapa trass i dette klarer å trekke til seg brukarar.

– Eg er samfunnmedisinsk psykiater, og dette er i utkanten av mitt ekspertfelt. Men ein ting å peike på er at me før i tida levde i større grad i lokalsamfunn, og då var det lettare å manøvrere i eit kjent miljø. I dag får ein heile verda gjennom telefonen sin, og dei fleste bruker fleire timar på plattformene kvar dag, der ein ikkje nødvendigvis blir møtt med dei beste rollemodellane.

– Selskapa speler på dei unge si jakt etter anerkjenning. På sosiale medium blir denne jakta nesten pervertert. Eg trur unge føler seg pressa til å legge ut ting av og om seg sjølv som dei eigentleg ikkje burde. Eg trur den anerkjenninga folk får gjennom slike medium, er ei falsk kjensle, svarar Krokstad.

Usunt innhald

Ein annan viktig ting å merke seg er at fleire av dei sosiale media norsk ungdom bruker, har algoritmar som prioriterer provoserande innhald. Medietilsynets rapport «Barn og medier 2020» synte at meir enn 6 av 10 norske ungdommar (9–18-åringar) bruker Instagram og over halvparten bruker Facebook. TikTok ligg likt med Instagram, og dei mest bruke media er YouTube (95 prosent) og Snapchat (80 prosent).

I fjor haust publiserte Facebook-varslaren Frances Haugen avslørande informasjon som viste at Meta (som eig Facebook og Instagram) var klar over den negative psykiske effekten Instagram har på tenåringsjenter, og at Facebook bevisst prioriterte sinne-provoserande innhald. Ein intern studie frå selskapet fann at 13,5 prosent av tenåringsjenter sa at Instagram gjorde sjølvmordstankane deira verre, og 17 prosent sa at Instagram gjer eteforstyrringar verre. Desse tendensane er òg tydelege i Medietilsynets rapport nemnd ovanfor. Her er nokre av hovudfunna i rapporten:

Om lag halvparten av jenter i alderen 17–18 år har angra på noko dei har delt på sosiale medium, det same gjeld ein tredjedel av gutar i same alder.

34 prosent av ungdommar i alderen 13–18 år «har sett innhold eller diskusjoner som viser måter å være svært tynn på». Dette gjeld langt fleire jenter enn gutar.

43 prosent av ungdommar på 13–18 år har sett «innhold eller diskusjoner med skremmende eller voldelige bilder, for eksempel av mennesker som skader andre mennesker eller dyr».

43 prosent av ungdommar på 13–18 år har sett «innhold eller diskusjoner med hatmeldinger som angriper bestemte grupper eller enkeltpersoner».

Kritikk

Sjølv om fleire studiar syner ei kopling mellom sosiale medium og psykisk helse, er ikkje alle forskarar samde. To psykologiprofessorar ved NTNU stilte seg kritisk til argumenta til Krokstad og medforfattarane hans i ein kronikk publisert 12. juli i år på forskersonen.no. Silje Steinsbekk og Lars Wichstrøm skriv at lanseringar av nye medium dei siste 150 åra alltid har ført til ei overdriven frykt for negative konsekvensar. Dei seier at den empiriske litteraturen om samanhengen mellom bruk av sosiale medium og god/dårleg psykisk helse ikkje er eintydig.

Ettersom bruk av sosiale medium og psykisk helse er målt på same tidspunkt, hevdar dei at ein ikkje kan seie om sosiale medium fører til dårlegare psykisk helse, om dårleg psykisk helse aukar bruken av sosiale medium, eller om det er bakanforliggande faktorar som er årsaka. Dei viser her til det heilage statistiske prinsippet om at korrelasjon ikkje nødvendigvis betyr kausalitet (årsakssamanheng). Me spør Krokstad korleis han og medforfattarane svarer på slik kritikk.

– Me svarer at dette er ei typisk utfordring når det skjer endringar på befolkningsnivå. Når ei befolkning som heilskap blir utsett for ei kollektiv kraft, er det vanskeleg å påvise effekten av krafta på individnivået, fordi ein manglar ei gruppe som ikkje er eksponert. Dersom alle i ei befolkning røykte, ville me aldri klare å påvise røyking som ein risikofaktor for lungekreft hos enkeltpersonar, til dømes. Me meiner at det er ein sånn situasjon me er i no, der heile ungdomskulturen vert påverka.

– Det dei viser til, er individbasert forsking, og det er interessant nok, men me trur at uansett kor mykje ein forskar med individbaserte data, så vil ein ikkje kunne sette to strekar under svaret når det er snakk om effektar på populasjonsnivå. Det at forskinga varierer, synest me ikkje er noko rart i det heile. Men når det gjeld å forklare den drastiske negative utviklinga hos unge, klarer me ikkje sjå nokon andre forhold som så radikalt har endra kvardagen deira som sosiale medium. Det seier seg litt sjølv. Når me spør kva ungdommar gjer, kva aktivitetar dei driv med i løpet av dagen, så er sosiale medium den nye aktiviteten dei bruker fleire timar på om dagen, som også reduserer søvn.

Politiske tiltak

Krokstad og medforfattarane meiner at kunnskapsgrunnlaget me har i dag, er tilstrekkeleg til at styresmakter bør ta grep. Dei nemner fleire mogleg tiltak, som reguleringar for å hindre bruken av programvare som fremmar avhengnad, skattlegging, aldersgrenser og auka ansvar på selskapa for innhaldet folk deler på plattformene deira. Dei legg spesielt vekt på at forretningsmodellen til selskapa bør bli endra og regulert. Krokstad meiner lokale tiltak er vel og bra, men at me ikkje vil kome i mål før me har blitt samde på befolkningsnivå om korleis me skal handtere utfordringa, og tek folkehelsepolitiske grep. Han etterlyser ein offentleg debatt om betydninga av sosiale medium, slik at både unge og eldre kan vere med og bidra til løysingar.

For å snu bekymringane unge har for framtida, meiner Krokstad at me må byrje å tenke nytt. Den rådande ideologien gir ikkje svar på dagens utfordringar, og utfordringane krev optimistiske og kreative ungdommar og unge vaksne. Spesielt meiner han at me må bevege oss bort frå ideen om at økonomisk vekst skal vere det overordna målet i politikken, og heller sette livskvalitet som mål.

– Har politikarar og foreldre svikta dei yngre? Eller har me blitt tatt på senga?

– Me har jo blitt tatt på senga. Det er no me byrjar å sjå dei negative utviklingstrekka som har kome. Men me har vore naive.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Selskapa speler på dei unge si jakt etter anerkjenning. På sosiale medium blir denne jakta nesten pervertert.

Steinar Krokstad,
professor i sosialmedisin

Fleire artiklar

USA var landet der den globale auken i fedme tok til for alvor. Nord-Amerika utgjer i dag halve marknaden for vektreduksjonsmidla til Novo Nordisk.

Foto: Mark Lennihan / AP / NTB

HelseSamfunn

Store pengar i tomme magar

Verda er villig til å betale mange milliardar for å misse matlysta.

Per Anders Todal

Tyskland og Frankrike leiar saman luftvernkoalisjonen for å støtte Ukraina. Men Tysklands forsvarsminister Boris Pistorius (t.v) har ikkje fått med seg Frankrike på sitt initiativ for å investere i felles europeisk luftvern til eige territorium. Biletet syner Pistorius og Ukrainas president Volodymyr Zelensky i Tyskland, der ukrainske soldatar vert trente i å bruke det amerikanske langtrekkande luftvernsystemet Patriot.

Foto: Jens Buttner / Reuters

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Den innvortes forsvarskampen

Arbeidet med eit felles luftvernsystem over Europa
vert avgrensa av nasjonale industrielle omsyn.

Kong Harald tok i audiens imot Eirik Kristoffersen på Slottet for å tildela han Krigskorset  i 2011.

Foto: Lise Åserud / NTB

KommentarSamfunn
Morten A. Strøksnes

Baksida av medaljen

Forsvaret og forsvarssjefen har måla seg inn i eit hjørne. Dei nekta for at dei visste at feil mann blei tatt. Så påstår dei at mannen dei tok, uansett må ha vore ein Taliban-leiar.

Når Billy (Vic Carmen Sonne) og Nilo (Silvana Imam) møtest, blir det kjærleik ved første blikk.

Foto: Norsk Film Distribusjon

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Eksplosjonar i hovudet

Ein har ikkje vondt av å utfordra tankemønstera sine, særleg ikkje når det er underhaldande i tillegg.

Vivienne (Vicky Krieps) innleier eit forhold til danske Holger (Viggo Mortensen) i det vestlege USA i 1860-åra.

Foto: Ymer Media

FilmMeldingar

Vicky + Viggo

Vicky Krieps slår Viggo Mortensen i den romantiske westernen hans.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis