Ei kronisk, underliggande liding
Det er ikkje pandemien som sender norske sjukehus ned i kneståande. Problemet er at kapasiteten var altfor liten i utgangspunktet, meiner medisinprofessor Sven Erik Gisvold.
I Trondheim er det kring 20 covid-19-pasientar no, nok til at nesten alt av planlagde operasjonar blir avlyste.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Helse
peranders@dagogtid.no
I skrivande stund onsdag er 219 covid-19-sjuke innlagde ved norske sjukehus, og frå fleire intensiv- og akuttavdelingar kjem det naudrop om at kapasiteten er sprengd. Dette er slett ikkje overraskande, og det er ikkje koronapandemien som er det store problemet, meiner Sven Erik Gisvold. Han er spesialist i anestesiologi og professor emeritus ved Noregs teknisk-vitskaplege universitet (NTNU) og har i ei årrekkje åtvara om at norske sjukehus har for liten kapasitet også til kvardags.
– Det er svært skuffande at ikkje fleire politikarar og for den del journalistar har vore opptekne av dette. Vi har så låg kapasitet ved sjukehusa at operasjonar stadig må kansellerast fordi sjukehuset er fullt. Dette har vi visst i mange år, seier Gisvold.
– Vi har nesten ikkje ledige sjukehussenger i Noreg til vanleg. Når det ikkje er noko å gå på, skal det veldig lite til før sjukehusa må ned i kneståande. Her i Trondheim er kring 20 covid-19-pasientar innlagde no, det er nok til at nesten alt av planlagde operasjonar blir avlyste. Politikarane burde blitt haldne ansvarlege for denne nedbygginga av kapasiteten.
Få nye senger
Det er snart to år sidan pandemien tok til, og det vart tidleg klart at koronaviruset kom til å vere med oss lenge. Men ein gjennomgang VG gjorde nyleg, viste at nesten ingen norske sjukehus har utvida intensivkapasiteten sin sidan pandemien slo til i mars i fjor. Av helseføretaka er det berre Helse Bergen som har fått på plass nye permanente intensivplassar – tre stykke.
– Kvifor er ikkje kapasiteten ved sjukehusa bygd ut meir? I mars i fjor var det klart at pandemien truleg kom til å vare lenge, og da visste vi ikkje eingong når det kunne kome effektive vaksinar?
– Nei, det er ikkje så lett å forstå. Det er nesten ikkje gjort noko for å utvide kapasiteten på halvtanna år. Men det er avgrensa kva ein kan utrette på kort sikt. Det som verkeleg trengst, er å auke grunnbemanninga ved sjukehusa. Vi treng fleire anestesisjukepleiarar, vi treng fleire intensivsenger, og så vidare.
Snevert mandat
I det politiske systemet har det vore liten vilje til å ta tak i desse problema, meiner Gisvold. I 2020 oppnemnde Solberg-regjeringa ein såkalla koronakommisjon til å evaluere pandemihandteringa. Men i rapporten som kommisjonen la fram i april i år, vart ikkje sjukehuskapasiteten diskutert i det heile. Gisvold er svært kritisk til både samansetnaden av kommisjonen og mandatet som vart gjeve.
Kommisjonen fekk ikkje i oppdrag å sjå på kapasiteten til sjukehusa. Dei fleste medlemmene var politikarar eller administratorar, berre éin aktiv klinikar var med, og sjukepleiarane var ikkje med i det heile, påpeika Gisvold og to kollegaer i eit innlegg i Tidsskrift for den norske legeforening i juni fjor.
Dei kritiserte òg valet av Stener Kvinnsland som leiar for kommisjonen. Kvinnsland er tidlegare direktør for Helse Bergen og styreleiar for Oslo universitetssjukehus. Og «fordi han har så mye å forsvare, er habiliteten hans meget tvilsom», skreiv dei tre.
– Mange av dei som sat i kommisjonen, har sjølv medansvar for at kapasiteten ved sjukehusa er for dårleg. Og mandatet til kommisjonen sa heller ikkje at dette skulle vere eit tema, seier Gisvold.
Modellproblemet
Dette fører oss over til det Gisvold meiner er hovudårsaka til nedbygginga av sjukehuskapasiteten dei siste 20 åra: helseføretaksmodellen som vart vedteken av Arbeidarpartiet, Høgre og Framstegspartiet i 2001.
– Føretaksmodellen førte fokuset vekk frå behova til pasientane og over på produksjon, logistikk og økonomi. Helseføretaka innførte ein kvasikommersiell modell og tok til seg just in time-prinsippet frå næringslivet. Det skulle ikkje vere ledig kapasitet i noko ledd. Og nye sjukehus vart dimensjonerte for å få ein høg utnyttingsgrad, noko som har medverka til at vi no ikkje har noko å gå på.
Alternativ
Gisvold er med i aktivistgruppa Alternativ til helseforetaksmodellen, som vil skrote heile ordninga og gjeninnføre politisk styring med sjukehusa.
– I kva grad har de fått politisk gehør for dette synet?
– Vi har blitt kontakta av ein del politikarar sidan vi lanserte gruppa sist vinter, og vi har sterk støtte frå Senterpartiet, SV og Raudt. Men Arbeidarpartiet har så langt halde fast ved føretaksmodellen.
Også Ap-politikar Ingvild Kjerkol, som no er helseminister, har vore i kontakt med Alternativ til helseforetaksmodellen tidlegare i år, fortel Gisvold.
– Men ho lova ingenting og sa berre at dette var noko ho måtte vurdere.
Lovar endring
I regjeringsplattforma heiter det at Ap og Sp vil «gjennomføre konkrete endringer for å sikre demokratisk forankring i styring av sykehusene, redusere markedstenkningen og sikre faglig skjønn, ledelse og kultur i sykehusene». Regjeringa lovar òg meir pengar til sjukehusa gjennom auka grunnfinansiering og vil «sikre at nye sykehus bygges med tilstrekkelig kapasitet ut ifra behovet i befolkningen».
Men Gisvold er ikkje overtydd om at det blir ei verkeleg styrking av sjukehuskapasiteten under den nye regjeringa.
– Arbeidarpartiet er nøkkelen her. Om ikkje dei snur og vil satse på ein meir demokratisk modell for styringa av sjukehusa, er det vanskeleg å få gjort noko.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Vi har nesten ikkje ledige sjukehussenger i Noreg til vanleg.
Sven Erik Gisvold, medisinprofessor
Fleire artiklar
Ole Paus døydde før sjølvbiografien var ferdigskriven.
Foto: Nina Djæff
Eit sandkorn i maskineriet
Ole Paus skriv mest om slektsbakgrunn og mindre om artistkarrieren i sjølvbiografien sin, men det forklarar likevel mennesket Ole Paus.
Eit hus i Ål kommune vart teke av jordskred under ekstremvêret "Hans" i august i fjor.
Foto: Frederik Ringnes / NTB
Husforsikring i hardt vêr
Kan klimaendringane føre til at også norske heimar blir umoglege å forsikre?
Folkerørsla for lokalsjukehusa demonstrerer mot helseføretakmodellen utanfor Stortinget i 2017.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Vestre må avslutte konflikter og beklage
«Svært mange av de 300.000 som jobber i Helse-
vesenet, merker daglig følgene av Helseforetaks-
modellen som nå videreføres av Ap og Sp.»
Teikning: May Linn Clement
Tid for realitetsorientering
Valet av Donald Trump til president er ikkje noka tilfeldig ulukke, men ei fylgje av dårleg politisk handverk gjennom lang tid.
James Rebanks på Lillehammer sist veke.
Foto: Morten A. Strøksnes
Ein mann for alle årstider
LILLEHAMMER: Etter å ha skrive to svært populære bøker om landbruk og sauehald hamna James Rebanks i ei krise som førte han til eit dunvær på Helgeland.