JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

HelseSamfunn

Den håplause psykiatrien

Ekspertar seier at tru på betring har sterk positiv innverknad på behandling av psykiske lidingar. Likevel ser me at helsepersonell kvir seg for å gje pasientane håp om å verte friske.

Foto: Julie Killingberg

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
12256
20230317

Bakgrunn

I dokumentarserien Norge bak fasaden på TV 2 er episoden «Hjelp meg!» (6. februar) vigd til psykisk helsevern.

I «Hjelp meg!» fylgjer me ein pasient med eteforstyrring og får høyre av både fagfolk og folk som driv frivillige tilbod, om korleis det står til i psykiatrien.

Fleire av utsegnene me får høyre, har vekt sterke reaksjonar.

Psykiatri

julie@dagogtid.no

Det vekte reaksjonar då lækjar Anders Malkomsen i TV 2-dokumentarserien Norge bak fasaden sa at problemet i psykiatrien er at folk har for store forhåpningar. I episoden «Hjelp meg!», som vart vist 6. februar i år, samanliknar han psykiske sjukdommar med diabetes og seier at somme sjukdomsforløp er kroniske.

– Me må tenke meir på å lindre plagene enn å gje pasientane falske forhåpningar, er konklusjonen hans.

Både personell i psykiatritenesta, forskarar og tidlegare pasientar er kritiske.

Misvisande

Leiar i Norsk psykiatrisk forening, professor og seniorforskar Lars Lien, synest programmet skapar inntrykk av at psykiske lidingar er noko me veit lite om, og at det ikkje finst god dokumentert behandling.

Han er kritisk til Malkomsens påstand, men meiner òg at dei argumenta som vart framsette av psykolog og forskingsdirektør Andreas Høstmælingen, viser ei grovt forenkla forklaring. Saman med to av kollegaene sine har han difor skrive eit innlegg i Stavanger Aftenblad der han hevdar at det er «Behov for nyansering av Norge bak fasaden på TV 2».

«Dette bidreg med systematisk nedvørnad av psykiatrien som fag, og det gjer at pasientane får lite tru på at behandling nyttar», skriv dei tre lækjarane, som hevdar at serien bidreg til auka stigmatisering rundt psykiske lidingar.

Dei peiker mellom anna på at «dei fleste som får behandling i psykisk helsevern blir kvitt symptoma, får att sitt vanlege funksjonsnivå og treng ikkje vidare oppfølging».

Forskar og lækjar i spesialisering, Anders Malkomsen.

Foto: Privat

Ukultur

I eit intervju med Dag og Tid erkjenner Lien at sjølv om erfaringa er eintydig, så er mangel på håp framleis eit problem i psykiatrien. Han trur det er ein skilnad mellom liv og lære, og at det kjem av at me heng att i gamle mønster.

– Eg trur det har vorte betre, men mange har nok ein tendens til å tenke at «dei her pasientane gjev me opp». Me gløymer stundom at det alltid finst håp, så me lyt støtt minne oss sjølve om det, seier han.

Samstundes nemner han at det er viktig å tilpasse håpet til den enkelte situasjonen.

– Me jobbar heile tida med å skape balanse mellom draumar og realistiske ambisjonar, men diverre er tendensen at ein vert meir kjend med avgrensingane enn potensialet til den enkelte pasienten. Der har me ein veg å gå, seier Lien.

Som døme nemner han at slike problem oppstår viss nokon i hjelpeapparatet seier til ein pasient at «du har fått ein alvorleg psykisk sjukdom, du er schizofren, og du må sørge for at du får deg ei uføretrygd».

Destruktivt

Solveig Bartun Rob har og late seg intervjue. Ho har sjølv vore psykisk sjuk og er no tilsett hjå Kronstad distriktspsykiatriske senter i Helse Bergen som såkalla erfaringskonsulent. Det vil seie at no har vore gjennom ei rekke kurs der ho har lært om korleis ho kan nytte eigne erfaringar til å hjelpe psykiatritenesta.

Oppgåvene hennar er å formidle pasientperspektivet overfor hjelpeapparatet, og å vere ein rollemodell som pasientane kan kjenne seg att i.

Både i jobben sin, som medmenneske og som pasient har Rob vore vitne til eit helsevesen som fleire gongar har fråteke folk trua på betring.

– Då eg fekk høyre at eg hadde tilbakevendande angst og depressiv liding, fekk eg beskjed om at det var lite håp om å verte frisk. Det ligg jo i ordlyden på diagnosen òg, seier ho.

Erfaringskonsulenten meiner tilbakemeldinga frå helsepersonellet den gongen var destruktiv.

Solveig Bartun Rob har sjølv vore psykisk sjuk og er no tilsett hjå Kronstad DPS i Helse Bergen som såkalla erfaringskonsulent.

Solveig Bartun Rob har sjølv vore psykisk sjuk og er no tilsett hjå Kronstad DPS i Helse Bergen som såkalla erfaringskonsulent.

Foto: Julie Killingberg

Vendepunktet

Solveig Bartun Rob har vore ut og inn av psykiatrisk behandling, og ho har fått både medikament og elektrosjokkbehandling. Likevel var det noko heilt anna som gjorde at ho fekk att livsgneisten.

– Ergoterapeuten tok meg med på klatring. Eg vart tvinga til å konsentrere meg og fekk såleis ein pause frå fortvilinga. Denne opplevinga snudde den vonde spiralen og gav meg håp om betring, fortel ho.

Rob meiner at det var håpet som var sjølve vendepunktet. Difor reagerte også ho då ho høyrde det Malkomsen sa på TV.

I eit innlegg på Facebook som seinare vart publisert i Bergensavisen, hevdar erfaringskonsulenten at å ta frå menneske trua på betring, skapar kroniske pasientar.

«Som erfaringskonsulent i Helse Bergen og i livet ellers, lever og ånder jeg for å gi mennesker håp. Livsviktig håp. Fordi jeg og mange med meg er levende eksempler på at det finnes», skreiv Rob.

Står på sitt

Til skilnad frå Lien er ikkje Malkomsen ferdig utdanna psykiater. Han forskar på depresjon og er tilsett som lækjar i spesialisering ved Oslo universitetssjukehus. Det vil seie at han jobbar under opplæring for å oppnå godkjenning som spesialist. Sjølv om han har lite praktisk erfaring frå psykiatrien, valde han å imøtegå kritikken frå både leiaren i Norsk psykiatrisk forening og erfaringskonsulent Solveig Bartun Rob.

Malkomsen seier han synest det var feil av TV 2 å kople utsegna hans til ei enkelt pasienthistorie, men at han står ved det han sa.

– TV 2 tok ikkje det eg sa på alvor. Dei burde fått fram at ein kan leve eit godt liv trass i psykiske plager, seier han og nemner at det finst eit stort spekter av kroniske diagnosar, som til dømes alvorlege psykoselidingar, bipolare lidingar og nokre personlegdomsforstyrringar.

Lars Lien, professor, seniorforskar og leiar i Norsk psykiatrisk forening.

Foto: Lars Bjarne Mythen

Må prioritere

Den unge lækjaren synest TV 2-programmet var unyansert fordi det ikkje viser skilnaden på sjukdomsgrader. Han seier at nokre gonger er det rett å avslutte behandling som ikkje er til hjelp, og legg til at enkelte sjukdomstilfelle er så alvorlege at det vert rein løgn å seie at det går an å verte frisk.

– Mange psykiatriske pasientar veit me at aldri kan verte heilt friske, og det lyt me fortelje dei. Ein seier ikkje til nokon som har vorte lam, at ein dag skal du reise deg frå rullestolen. Håp er berre positivt viss det ein håpar på, er realistisk, seier Malkomsen.

Han bekymrar seg for at psykiatrisk behandling med mål om å verte frisk ofte kjem i vegen for høvet til å leve eit godt liv med dei plagene ein har:

– Me lyt prioritere dei knappe ressursane våre til pasientar som me trur kan ha nytte av behandling.

Naivt

Malkomsen har tidlegare ytra at me må gje slepp på nullvisjonen for sjølvdrap, fordi han meiner helsevesenet heller lyt legge vekt på å lindre plagar.

– Me bør vere realistiske. Å sikte mot stjernene er barnleg og naivt. Målet bør ikkje vere å hindre sjølvdrap, men å hindre lidingane som fører til sjølvdrap, seier han.

– Er du for aktiv dødshjelp til psykisk sjuke?

– Nei, dei greier å gjere slutt på livet sitt sjølv. Me lyt heller hjelpe folk til å leve med plagene sine, svarar Malkomsen og viser til Olav Duuns sitat: «Vona er sterk, men sterkare er den som ikkje treng henne.»

Komprimert

I motsetnad til Malkomsen vil ikkje Høstmælingen skulde på TV 2. Han seier at dette er eit komplekst tema med mange nyansar, og at han ikkje greidde å få fram heile biletet.

– Eg prøvde å seie at psykiske lidingar skil seg frå andre lidingar fordi me ikkje veit kor symptoma kjem frå. Me ser at folk vert betre, men me veit ikkje nøyaktig kva del av behandlinga som verkar. Det kan vere fleire grunnar til at folk vert friske, seier han.

Psykologen og forskingsdirektøren synest difor at helsevesenet burde vore mykje meir fleksibelt når det gjeld å prøve ut ulike behandlingsmåtar:

– Så snart noko ikkje fungerer, lyt me skifte strategi. I teknologien nyttar dei uttrykket fail fast. Me kunne kanskje lært noko der.

Nøgde

TV 2 har fått spørsmål om kva dei tenkjer om å knyte generelle ekspertuttalar til ei enkelthending, om dei synest dei har teikna eit godt bilete av psykiatrien, og om dei er nøgde med konklusjonen om at krisa i psykiatrien handlar mest om forventningane våre.

Pressesjef i TV 2 Jan-Petter Dahl svarer slik på e-post: «Vårt mål med episoden i Norge bak fasaden var å sette fokus på utfordringene ved norsk psykiatri og behandlingen av psykiatriske lidelser, og det gjør vi ved å følge en pasient i et behandlingsløp i helsevesenet. Vi er glade for at programmet har bidratt til en konstruktiv meningsutveksling og har satt temaet på dagsorden.»

Hyra inn

Etter at både Facebook-innlegget og lesarbrevet fekk mykje merksemd, vart Solveig Bartun Rob hyra inn som forelesar på den årlege psykologikongressen. Der skal ho tale om kva håpet har hatt å seie for henne, og korleis ho tenkjer at helsepersonell kan gje håp til pasientane.

At dei som veit kor skoa trykker, bidreg ved å by litt på seg sjølve, trur ho er viktig i arbeidet med å betre psykiatrien.

– Eg skulle ynskje at det fanst erfaringskonsulentar då eg sjølv var innlagd fyrste gongen. Det er noko heilt anna å møte nokon som har opplevd noko liknande, og som kan vere personleg. Berre det å vere til stades som eit døme trur eg kan vere til hjelp, seier ho.

– Du er ikkje redd for å gje falske forhåpningar?

– Nei. Det er stor skilnad mellom å seie at «du vert frisk», og at «du kan verte frisk». Å oppmuntre til ikkje å gje opp er noko heilt anna enn å gje falske forhåpningar.

Erfaringskonsulenten er delvis ufør, men reknar seg sjølv som frisk.

– Kva er det eigentleg å vere frisk, og kor mange av oss er hundre prosent friske, spør ho retorisk.

Langsam endring

– Dei som har vore psykisk sjuke sjølv, har ei større innsikt enn eg nokon gong kjem til å få, seier Lien.

Han fortel at folk med eigenerfaring lenge har bidrege med utforming og evaluering av helsetenestene, men at det no har vorte vanlegare å inkludere dei i pasientbehandlinga òg.

– Me treng erfaringskompetanse både på systemnivå og i det kliniske arbeidet. Jo meir alvorlige lidingar det er snakk om, jo viktigare er det. Folk som sjølv har vore i liknande situasjonar, kan hjelpe til med å tolke og forstå det psykiateren bør vite.

Lien seier det no er store geografiske skilnader på bruken av erfaringskompetanse, men at han vil jobbe for at bruken skal breie om seg.

– Forsking viser at tilsette lærer mykje av erfaringskonsulentar, fastslår han.

Klokkeklår

På spørsmål om det på noko vis kan lette børa å vite at det ikkje er ein veg ut, svarar Lien tydeleg nei. Han meiner det er naudsynt å gje håp og argumenterer for at erfaringskonsulentar kan gje håp på ein annan og meir truverdig måte.

– Noko av det viktigaste ein erfaringskonsulent kan bidra med, er å gje håp. Dei er eksempel som viser at det går an å verte frisk, seier Lien.

– Høyrer ikkje pasientane helst på lækjarane?

– Viss eg fekk ein psykisk sjukdom sjølv, hadde eg hatt meir tillit til nokon som har eigenerfaring.

– Kvifor er det så viktig å gje håp?

– Utan håp vil ikkje pasienten kjempe for endring. Me treng både håp og tru fordi det heng saman med motivasjonen. Optimisme verkar positivt inn på kureringa. Det gjeld all type sjukdom, både psykisk og somatisk.

Kjenner seg falsk

Trass i engasjementet for håp visste ikkje Lien om det fanst ein studie på effekten av håp i psykiatrien.

Personalet ved pressetelefonen til Norsk psykologforening kunne heller ikkje spore opp forsking på håp frå psykologperspektivet, men viste til ein doktorgrad som sjukepleiar og fyrsteamanuensis Knut Tore Sælør publiserte i 2016. I avhandlinga «Hinderløyper, halmstrå og hengende snører – en kvalitativ studie av håp innen psykisk helse og rusfeltet» undersøkte Sælør kva som kan bidra til å gje pasientar innan kommunale psykisk helse og rustenester trua på betring.

Funna viser at gjensidig tillit mellom pasientar og familie, vener, profesjonelle hjelparar og sjølve hjelpeapparatet er viktig. Målsettingane varierte, men mange sa dei ynskte seg eit tilnærma A4-liv, og såg på praktiske utfordringar i kvardagen som store hinder.

Fleire behandlarar fortalde at dei mangla tru på pasientane sine. Dei sa dei hadde mista håpet sjølv, og at dei difor strevde med å bidra til optimisme. Enkelte syntest det var så krevjande å formidle noko dei ikkje trudde på, at dei sa dei burde søkt anna arbeid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Robert Mood er tidlegare generalmajor og har mellom anna vore generalinspektør for Hæren.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte

En utilstrekkelig langtidsplan

Vi har større og mer fundamentale sårbarheter enn noen gang før som nasjon, samtidig som vi er dårligere forberedt enn på lenge.

RobertMood

Karina (Berda Larsen) lèt seg ikkje tulle med av den sjølvmedlidande dansken Jan (Emil Johnsen).

Foto: Mer Film

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Kalak: «Norske Emil Johnsen ber hovudrolla glitrande med stundom sår framtoning som naiv innflyttar.»

Dei siste par åra har den norske bonden fått kjenne konsekvensane av å produsere i eit system der utgiftene er styrte av marknaden, medan inntektene er styrte av politikarane, skriv Siri Helle.

Foto: Heiko Junge / NTB

Kommentar
Siri Helle

Effektivisering er ikkje berginga

Korleis gje bønder rettferdig inntekt når dei framleis skal vere sjølvstendig næringsdrivande?

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Saueauksjon i Machynlleth i Wales.

Saueauksjon i Machynlleth i Wales.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature

Sau

Noko om sauedrift i Noreg og Wales.

Svein Gjerdåker
Saueauksjon i Machynlleth i Wales.

Saueauksjon i Machynlleth i Wales.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature

Sau

Noko om sauedrift i Noreg og Wales.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis