Helse

Dei stadige fødekomplikasjonane

Verken barsels- eller fødselsomsorga oppfyller dei faglege retnings­linene eller rettleiande kvalitetskrava som gjeld.

Jordmormangelen er kritisk, og det vert rapportert om større arbeidspress og ein meir krevjande arbeidssituasjon ved fødeinstitusjonane.
Jordmormangelen er kritisk, og det vert rapportert om større arbeidspress og ein meir krevjande arbeidssituasjon ved fødeinstitusjonane.
Publisert Sist oppdatert

Så er det igjen åtvara om ei forverring av føde- og barselstilbodet for kvinner, denne gongen i hovudstaden. Ullevål sjukehus stengde nyleg ned ein av to kombinerte føde- og barselseksjonar i to månader for å spare pengar.

Nedstenginga vert kritisert for å kunne føre til at det ikkje vert avdekt sjukdomar hjå mor og barn, manglande ammerettleiing og større psykisk belasting for dei som har fødd, og som no vert stua saman på éi avdeling. Leiaren i Jordmorforbundet seier til Klassekampen at nedstenginga òg gjer situasjonen meir hektisk og uoversiktleg for jordmødrer, som alt er under sterkt arbeidspress som følgje av pandemien.

Du kan ha høyrt liknande før.

I sommar stengde til dømes Gjøvik sjukehus fødeavdelinga for tredje sommar på rad på grunn av mangel på jordmødrer.

Kanskje fekk du med deg historia til andregongsfødande Sandra Bekken, som fødde på Lillehammer sjukehus fordi Gjøvik sjukehus var sommarstengt, og som vart kasta ut av fødestova ein halvtime etter fødselen. Til avisa Østlendingen sa ho at ho heller ikkje fekk oppfølginga ho skulle ha, fordi det var for få folk på jobb.

Eller kan hende las du tidlegare i haust om fyrstegongsfødande Bodil Gilje og sambuaren som var åleine på fødestova på sjukehuset i Drammen under det meste av fødselen, fordi sjukehuset hadde åtte aktive fødslar, men berre fire jordmødrer på vakt den kvelden sonen deira kom til verda. Til Drammens Tidende fortalte dei at det var sambuaren som oppdaga og måtte varsle då pulsen til barnet byrja å gå ned. Barnet kom med navlestrengen rundt halsen. «Ingen med medisinsk kompetanse hadde kontroll», ifølgje sambuaren.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement