Argument for førebygging
At fleire er blitt smitta med covid-19 på sjukehus, viser kor viktig det er å styrke smittevernet, seier seksjonsleiar Hanne-Merete Eriksen-Volle ved FHI.
peranders@dagogtid.no
Tala denne saka byggjer på, er som nemnt rådata frå Folkehelseinstituttet. Dag og Tid bad Hanne-Merete Eriksen-Volle, seksjonsleiar for resistens- og infeksjonsforebygging ved FHI, om bistand til å tolke talmaterialet.
– Det er per no vanskeleg å kome med ei tolking utover det at data viser at fleire pasientar vart smitta med covid-19 mens dei var innlagde på sjukehus. At fleire er blitt smitta med covid-19 på sjukehus, viser kor viktig det er å fortsette å styrke smittevernet og førebygge infeksjonar, da HAI medfører en ekstra belastning for den enkelte pasienten og i verste fall kan medføre dødsfall, skriv Eriksen-Volle i eit e-postsvar.
– Er det mogleg å seie noko som helst om kor mange av desse pasientane som døydde av covid-19, ikkje berre med covid-19?
– Vi har i desse analysane ikkje skilt mellom dei som døydde av covid-19 og ikkje «berre» med covid-19.
– Studiar frå andre land tyder på ein dødsrisiko på 10–15 prosent ved HAI-covid-19. Kan det vere eit realistisk anslag også for Noregs del?
– Om pasientpopulasjonen i sjukehus der 10–15 prosent av dei med HAI-covid-19 døydde, er tilsvarande den i norske sjukehus med omsyn til alder og alvorleg sjukdom, så kan anslaget vere realistisk også for Norge. Men våre grove data viser ein lågare andel dødsfall blant dei med ein sikker HAI-covid-19 enn sjukehuspasientar med ein samfunnservervet covid-19. Vi jobbar videre med dataanalysar for å forstå dette betre.
– Om fleire tusen pasientar har blitt smitta av covid-19 ved norske sjukehus dei siste åra, og om fleire hundre døydde innan 30 dagar etterpå – er det akseptabelt?
– HAI medfører ekstra liding og belasting for pasientar og kan i verste fall få alvorlege konsekvensar som dødsfall. Det blir difor jobba aktivt for å førebygge HAI og betre pasienttryggleiken. I Noreg har vi eigne handlingsplanar og program for å styrke dette arbeidet. Ein ønsker ikkje at pasientar skal bli smitta i helsetenestene med ein infeksjon som kan førebyggast.
– Tilseier desse tala at det kan vere på sin plass med sterkare smitteverntiltak ved norske sjukehus?
– Det er mange tiltak på plass i norsk helseteneste for å førebygge HAI, og Noreg har låg førekomst av HAI i forhold til mange andre land. Men det er viktig å kontinuerleg vurdere behov for nye eller forsterka smitteverntiltak. Det vil både helseteneste, Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet fortsette å gjere. Det er viktig å ha fokus på smittevern slik at vi førebygger dei infeksjonar som kan førebyggast.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
To unge mormonmisjonærar, søster Paxton (Sophie Thatcher) og søster Barnes (Chloe East), blir tvinga til å setje trua si på prøve i møtet med herr Reed (Hugh Grant).
Foto: Ymer Media
«Mange av skrekkfilmane no til dags liknar meir på filmar frå syttitalet»
I tillegg til å vere forfattar er Kristina Leganger Iversen også litteraturvitar, samfunnsdebattant og omsetjar.
Foto: Sara Olivia Sanderud
Nedslåande sanning
Kristina Leganger Iversen leverer eit grundig studium av noko som burde vere opplagt for fleire.
Teikning: May Linn Clement
«Me har ikkje grunnlag for å seia at bokmålsbrukarar har kvassare penn enn andre, men nokre av dei evnar å kløyva kvass i to.»
Gjennom Hitlers progagandaminister Joseph Goebbels får vi eit innblikk i sanninga bak Nazi-Tysklands propagandamaskin.
Foto: Another World Entertainment
Propaganda på agendaen
Fører og forfører er ein drivande historietime om tidenes skumlaste skrønemakar.
Ein mann med tomlar opp i ruinane i ein forstad sør i Beirut etter at fredsavtalen mellom Hizbollah og Israel vart gjeldande 27. november.
Foto: Mohammed Yassin / Reuters / NTB
Fredsavtale med biverknader
Avtalen mellom Israel og Libanon kan få vidtrekkjande konsekvensar.