JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

HelseSamfunn

Å leggje ned akutt- og fødetilbodet ved nordnorske sjukehus løyser ingenting, seier Rana-ordførar Geir Waage (Ap)

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I 2015 møtte mange opp utanfor Narvik sjukehus for å protestere mot eit forslag om at sjukehuset skulle miste akuttberedskapen. No har ei arbeidsgruppe nedsett av Helse Nord føreslege å leggje ned akuttilbodet både i Narvik og ved fleire andre sjukehus i Nord-Noreg.

Foto: Bodil Kristine Fagerthun / NTB

4805
20231117

Samtalen

Geir Waage (Ap)

ordførar i Rana kommune

Aktuell

Forslaget om å leggje ned akutt- og fødetilbodet ved fleire sjukehus i Nord-Noreg

eva@dagogtid.no

Ei av dei fem arbeidsgruppene som har vore nedsette av Helse Nord for å greie ut om funksjons- og oppgåvedeling i og mellom sjukehusa i landsdelen, føreslo denne veka å leggje ned akutt- og fødetilbodet ved fleire sjukehus. Forslaget har fått både opposisjonsparti på Stortinget og regjeringspartiet Sp til å reagere kraftig. I Nord-Noreg har forslaga møtt sterke protestar frå Ap-politikarar.

Ordføraren i Rana, Geir Waage (Ap), skreiv i ei pressemelding tysdag at forslaget ikkje løyser utfordringane Helse Nord står overfor.

– Helse Nord slit med økonomien og strevar med å rekruttere nok fagfolk. Det som har kome fram frå faggruppene no, løyser ikkje desse utfordringane. Men eg er spent på kva som kjem frå styret i Helse Nord når det har vurdert rapportane frå arbeidsgruppene. Helse Nord har jo førebels ikkje meint noko om forslaga, seier han til Dag og Tid.

– Sjukehusa i nord har lenge hatt utfordringar med å rekrutteringa. Korleis kan det løysast, om det ikkje skjer strukturendringar?

– Det er klart ein er nøydd til å gjere noko på struktursida, det skjønar eg òg. Men samstundes dreier strukturen seg om anna enn den økonomiske modellen for Helse Nord. Vi lever i ei ny geopolitisk tid, og som påpeika i både forsvarsstudiar og av totalberedskapskommisjonen er eit desentralisert akutt- og fødetilbod i landsdelen ein føresetnad for god beredskap. Den dimensjonen er ikkje med i utgreiingane frå faggruppene. Dei har ikkje vurdert dei samfunnsmessige verknadene av forslaga, ikkje den forsvars- og tryggingspolitiske konteksten, ikkje beredskapskonteksten eller dette med at Nord-Noreg har tøft klima og store avstandar. Det er difor desse forslaga ikkje løyser nokon ting.

– I dag er det tre akuttsjukehus på Helgeland, men sjukehuset i Mosjøen er alt vedteke avvikla. Ei av arbeidsgruppene føreslår eitt stort akuttsjukehus, men seier ikkje om det er sjukehuset i Rana eller i Sandnessjøen som skal avviklast. Meiner du det trengst to akuttsjukehus framover, eller er du fyrst og fremst imot at akuttsjukehuset i Rana skal avviklast?

– Her på Helgeland er det alt sett på funksjonsdeling og organisering av sjukehustilbodet, og vi meiner vedtaket gjort av Bent Høie, om ein tosjukehusmodell, bør gjennomførast. Går Helse Nord inn for berre eitt sjukehus, meiner vi Rana er best eigna til å rekruttere fagfolk og sikre ein berekraftig økonomi i framtida. Den nasjonale og uavhengige ressursgruppa (som såg på sjukehusstruktur på Helgeland i 2019, journ. merk.), konkluderte også med det. Går det mot å avvikle sjukehus i Mo i Rana, fryktar vi at det kjem til å verte etablert private tilbod i Rana som gjer at folk må ha helseforsikring. Eventuelt kan folk her kome til å velje å få sjukehusbehova dekte ved St. Olavs hospital i Trondheim, og då vert pasientgrunnlaget for heile Helgeland og for Helse Nord som region sterkt svekt.

– Men kva er den mest berekraftige løysinga for Helgeland framover, slik du ser det?

– Det er å gjennomføre vedtaket om ein tosjukehusmodell, med føde- og akuttberedskap og indremedisin både i Mo i Rana og i Sandnessjøen, ortopedi i Rana og sjukehusleiinga i Sandnessjøen. Men går ein vekk frå det, må det vere sjukehus i Rana. Rana sjukehus er det sjukehuset flest av innbyggjarane på Helgeland kan kome til i løpet av ein time. Og måler du den kirurgiske aktiviteten, er Rana sjukehus det tredje største i regionen etter Universitetssjukehuset i Tromsø og Nordlandssjukehuset Bodø.

– Det er helseministeren frå ditt eige parti som i fjor bad føretaket Helse Nord om å vurdere behovet for endringar i funksjons- og oppgåvedelinga i regionen. Kva tenkjer du om bestillinga?

– Eg er ikkje overraska, for Helse Nord har som sagt problem med drifta og store problem med å rekruttere fagfolk. Men eg held meg til det som står i Hurdalserklæringa, om at regjeringa skal styrkje sjukehusa. Det inneber å sentralisere det ein må, men desentralisere det ein kan. Det arbeidsgruppene har kome til no, er ei sterk grad av sentralisering. Men saka skal styrebehandlast av Helse Nord fyrst 20. desember, så Helse Nord har ikkje trekt konklusjonar enno.

– Ventar du at konklusjonane der vert veldig annleis?

– Eg vert forbausa om styret i Helse Nord kjem med framlegg som inneber ei nedbygging av sjukehuset i Rana, som er det største på Helgeland.

– Kva med dei andre endringane som er føreslegne, som å fjerne akuttilbodet frå sjukehuset i Narvik?

– Det må vere opp til ordføraren i Narvik å vurdere. Eg vil ikkje kommentere alle andre endringar som er føreslegne.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Natur er ikkje berre idyll. Kvart år blir over 100.000 lam og sau borte på beite, dei fleste døyr av sjukdom eller ulukker.

Foto: Paul Kleiven / NTB

KunnskapFeature

Dauden i utmarka

Ei framtid utan konflikt mellom rovdyr og beitedyr er ikkje tenkjeleg.

Arve Nilsen

Det norske damelandslaget etter å ha vunne sitt fyrste EM. F.v. trenar Leif-Erik Stabell, Torild Heskje, Gunn Tove Vist, Bodil Nyheim Øigarden, Liv Marit Grude, ikkje-spelande kaptein Anne-Lill Hellemann, Marianne Harding og Ann Karin Fuglestad.

Foto: Torild Heskje

Frå bridgeverdaKunnskap
Erlend Skjetne

EM-eufori

Det tyske Ensemble Polyharmonique.

Det tyske Ensemble Polyharmonique.

Foto frå nettsida til gruppa

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Lite skakande

Ungdomsverka til Heinichen og Telemann treng meir livfull musisering.

Jack Grealish iført dei minste leggbeskyttarane det er mogleg å oppdrive. 

Foto: Darko Vojinovic / AP / NTB

SportFeature
Maren

Lukta av leggbeskyttarar

Leggen er klart ein utsett kroppsdel i fotball.

Det er berre to ferieområde ved Svartehavet som er tilgjengelege for ukrainarar i det frie Ukraina: Mykolaiv og Odesa fylke. Her frå Svartehavet i 2020.

Foto: Sergei Poliakov / AP / NTB

Samfunn

Krig invaderer sommaren

Førre helg kunne hotell i Odesa melde «Fullt» for første gong sidan starten på fullskalakrigen.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis