– Eit kappløp me aldri kan vinna
Sigurd Høye ved Antibiotikasenteret for primærmedisin vil bruka fleire ressursar på å ta vare på gamle antibiotikum, ikkje berre utvikla nye.
Helse
redaksonen@dagogtid.no
Noreg og Sverige er av dei få landa i verda der antibiotikaresistens er nokolunde under kontroll. Ei av årsakene er at ein har avgrensa bruken av nye og såkalla breispektra typar antibiotikum.
– Slik har me klart å behalda ein god situasjon med relativt lite problem, liding og død i samband med antibiotikaresistens, seier Sigurd Høye, som er leiar for Antibiotikasenteret for primærmedisin ved Universitetet i Oslo.
Høye meiner det er viktig å utvikla nye antibiotikum, men like viktig å ta vare på dei gamle.
– Me er i eit kontinuerleg rustingskappløp mot bakteriane. For å kunna hjelpa menneske som er ramma av dei mest resistente bakteriane, må me halda fram kappløpet. Men før eller sidan vil bakteriane også utvikla resistens mot dei nye typane antibiotika, forklarer han.
– Derfor er det så viktig at me i primærhelsetenestene verda over jobbar med å avgrensa bruken av nye breispektra antibiotika, og i størst mogleg grad bruker dei gamle smalspektra, slik at ikkje resistensproblema blir større.
Høye fortel at me i Noreg framleis bruker fenoksymetylpenicillin, som er Alexander Flemings gamle penicillin i tablettform.
– Det kan me framleis bruka som førsteval ved svært mange infeksjonar.
I ein del aust- og søreuropeiske land er det nesten umogleg å få tak i slik penicillin, seier han.
– Det kan handla om ein kultur der legane gjerne ønskjer å bruka det som verkar nytt og best.
Ved å redusera bruken av breispektra antibiotika trur Høye det er mogleg å reversera utviklinga der bakteriane blir stadig meir resistente.
– Det finst døme på det, frå fleire land, at ein med suksess har fått ned bruken av breispektra antibiotika, seier Høye.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.