Helse

– Ein må ta omsyn til angsten

Også behandlingsapparatet kan verte overoppteke av vekt og utsjånad når personar med eteforstyrringar kjem for å få hjelp, meiner psykiater Finn Skårderud.

Finn Skårderud er psykiater, professor og forfattar.
Finn Skårderud er psykiater, professor og forfattar.

– Dette er på mange måtar ei representativ historie om ein ung gut som strevar.

Finn Skårderud har lese den sjølvbiografiske artikkelen, skriven av frilansjournalist Thomas Klakegg, publisert i Dag og Tid i dag.

Skårderud har i ein mannsalder vore ein autoritet på fagfeltet eteforstyrringar. Han kombinerer forsking og fagutvikling med forfattarverksemd og klinisk arbeid, og starta i 2014 det private behandlingssenteret Villa Sult i Oslo.

Skårderud seier kroppen hos ein person med ei eteforstyrring vert, tilfeldig eller ikkje, til eit slags språk, og eit språk som fangar.

– Når ein først rotar med vekt og eting, oppstår nye symptom. Ein undervektig vil lettare oppleve at kjenslene svingar. Ein kjem inn i ein vond sirkel. Alt startar ein stad. Nokre gonger tilfeldig, andre gonger ut frå eit vilja ønske om å betre sjølvbiletet sitt ved å sjå fit ut. Det startar med ei interesse, men så mistar ein kontroll over det som skulle gje kontroll. Det er ei kjend historie.

Mislykka terapi

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement