Helse
– Ei varsla krise
Koronakommisjonen viser fram manglar i helsetenesta som sjukepleiarane har følt på kroppen.
Leiar for koronakommisjonen Stener Kvinnsland overleverte rapporten til statsminister Erna Solberg (H) onsdag.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Onsdag denne veka overleverte koronakommisjonen ein 500 sider lang rapport til statsminister Erna Solberg (H). Dei skriv at styresmaktene samla sett har handtert pandemien godt, men peikar òg på alvorleg svikt og manglar.
Leiar i Norsk Sykepleierforbund Lill Sverresdatter Larsen er mellom dei som har erfart manglane.
– I rapporten frå koronakommisjonen kjem det fram at styresmaktene i mange år har vore klar over at ein pandemi er den mest sannsynlege nasjonale krisa som vil ha dei mest negative konsekvensane. Kommisjonen meiner det er ein alvorleg svikt at ein likevel ikkje har vore førebudd. Korleis reagerer du på dette?
– Dette er ei varsla krise. Styresmaktene har i all hovudsak handtert henne godt, samanlikna med styresmaktene i andre land. Men det har vore mangel på smittevernutstyr og fagpersonell i helsetenesta, og det har vore dei største problema, slik vi ser det.
– Regjeringa visste også, på bakgrunn av sarsepidemien i 2003 og ebolautbrotet i 2015, at det kunne verte vanskeleg å skaffe smittevernutstyr. Då koronasmitten braut ut, var lagra i helsetenesta nesten tomme. Korleis erfarte sjukepleiarane denne utstyrsmangelen?
– Sjukepleiarane skildrar det som å måtte gå ut i krigen, som frontsoldatar utan skjold og våpen. At dei var redde. Dette var eit heilt nytt virus, ein var usikker på korleis det smitta, og korleis ein skulle verne seg mot det. Munnbind mangla totalt i ein del kommunar og også på enkelte sjukehus. På intensivavdelingar, der ein treng luftsmitteprosedyrar, mangla ein også andedragsvern. Så heilt grunnleggjande smittevernutstyr mangla. Ein var redd for å verte smitta sjølv, men også for å bringe smitte mellom pasientar og for å ta smitten med heim til familie og pårørande som også kunne vere i risikogrupper.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.