Helmut Kohl (1930–2017)

Når noko skal seiast om Helmut Kohl, som døydde fredag 16. juni, vert det ei øving i å ha tre tankar i hovudet på same tid og heilt parallelt.

Den faderlege Helmut Kohl promoverer erindringsboka si frå åra 1982–1990. På bokomslaget (i bakgrunnen) viser han eit anna andlet.
Den faderlege Helmut Kohl promoverer erindringsboka si frå åra 1982–1990. På bokomslaget (i bakgrunnen) viser han eit anna andlet.
Publisert

87-åringen hadde sikra seg ein trygg plass i tysk historie som samlingskanslaren, Der Einheitskanzler. Da det i 1989–1990 vart snakk om at det ville falla for dyrt å gjera heile Tyskland til éin forbundsrepublikk, nekta han blankt å sjå på dei høge tala med mange nullar etter seg. Han gjorde lovnaden om «blømande landskap» til mantra, og sa at det var ei moralsk plikt å gi landsmennene i aust same levestandard som i vest.

Austtysk industri var ein ruinpark, og miljøtilgrisinga låg på eit nivå som det knapt var lov å nemna i Vest-Tyskland, for ikkje å tala om i DDR, og med den austtyske økonomien var det mykje dårlegare stelt enn vesttyskarane hadde aning om.

Han var regjeringssjef i 16 år, fire år lenger enn Hitlers tusenårsrike og to år meir enn Konrad Adenauer – som vart vald til forbundskanslar fordi han var 73 år og ikkje kunne bli anna enn ein overgangsfigur.

«Kanzler Indula»

Minst av alt var Kohl intellektuell. Difor var han vanakta av akademikarar så snart han snudde ryggen til dei. Dei har nemleg status, i alle fall i eigne krinsar, for dei skriv artiklar og bøker, og pytt med at ingen les dei. Fleire framandspråk kan dei gjerne òg. Kohl sysla ikkje med slikt. Han var ute av stand til å læra seg engelsk, tysken hans var knudrut og aldri elegant, og han gjekk under oppnamnet «Kanzler Indula» fordi han så ofte sa «in diesem unseren Land» – i dette vårt land. Det eimar av Bjørnson på ein nokså dårleg dag. Språkleg hadde Kohl aldri gode dagar.

Men han hadde teft, og han hugsa som ein elefant. Ikkje analytiske eller filosofiske resonnement, men folk han hadde møtt. Når han skulle helsa på ein partifunksjonær, spurde han gjerne «går det bra med nevøen din etter beinbrotet på den skiferien for tre år sidan?» Det vert lojalitet av slikt, og personlege nettverk.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement