JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Helmut Kohl (1930–2017)

Når noko skal seiast om Helmut Kohl, som døydde fredag 16. juni, vert det ei øving i å ha tre tankar i hovudet på same tid og heilt parallelt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den faderlege Helmut Kohl promoverer erindringsboka si frå åra 1982–1990. På bokomslaget (i bakgrunnen) viser han eit anna andlet.

Foto: Tobias Schwarz/Reuters/NTB scanpix

5361
20170623

Helmut Kohl

Fødd inn i ein katolsk familie i Ludwigshafen i det sørvestlege Tyskland i 1930.

Tenåringssoldat seint i den andre verdskrigen.

Studerte jus og tok doktorgrad i historie. Frå 1969 til 1976 var han statsminister i delstaten Rheinland-Pfalz, og han vart deretter medlem av det føderale parlamentet.

1982 tok han over som kanslar etter Helmut Schmidt, etterfølgd av Gerhard Schröder 1998.

Helmut Kohl var leiar for CDU (Christlich-Demokratische Union) frå 1973 til 1998.

Ein korrupsjonsskandale kring det franske oljeselskapet Elf Aquitaine og president Mitterrand har svekka ettermælet til Kohl. Avsløringa følgde i kjølvatnet av etterforskinga av storstilt korrupsjon i Frankrike. Eva Joly leidde granskinga.

Andreas
Hompland har ferie frå spalta si til 4. august.
Vikar i dag:
Per Egil Hegge

87-åringen hadde sikra seg ein trygg plass i tysk historie som samlingskanslaren, Der Einheitskanzler. Da det i 1989–1990 vart snakk om at det ville falla for dyrt å gjera heile Tyskland til éin forbundsrepublikk, nekta han blankt å sjå på dei høge tala med mange nullar etter seg. Han gjorde lovnaden om «blømande landskap» til mantra, og sa at det var ei moralsk plikt å gi landsmennene i aust same levestandard som i vest.

Austtysk industri var ein ruinpark, og miljøtilgrisinga låg på eit nivå som det knapt var lov å nemna i Vest-Tyskland, for ikkje å tala om i DDR, og med den austtyske økonomien var det mykje dårlegare stelt enn vesttyskarane hadde aning om.

Han var regjeringssjef i 16 år, fire år lenger enn Hitlers tusenårsrike og to år meir enn Konrad Adenauer – som vart vald til forbundskanslar fordi han var 73 år og ikkje kunne bli anna enn ein overgangsfigur.

«Kanzler Indula»

Minst av alt var Kohl intellektuell. Difor var han vanakta av akademikarar så snart han snudde ryggen til dei. Dei har nemleg status, i alle fall i eigne krinsar, for dei skriv artiklar og bøker, og pytt med at ingen les dei. Fleire framandspråk kan dei gjerne òg. Kohl sysla ikkje med slikt. Han var ute av stand til å læra seg engelsk, tysken hans var knudrut og aldri elegant, og han gjekk under oppnamnet «Kanzler Indula» fordi han så ofte sa «in diesem unseren Land» – i dette vårt land. Det eimar av Bjørnson på ein nokså dårleg dag. Språkleg hadde Kohl aldri gode dagar.

Men han hadde teft, og han hugsa som ein elefant. Ikkje analytiske eller filosofiske resonnement, men folk han hadde møtt. Når han skulle helsa på ein partifunksjonær, spurde han gjerne «går det bra med nevøen din etter beinbrotet på den skiferien for tre år sidan?» Det vert lojalitet av slikt, og personlege nettverk.

Da han vart kanslar i 1982, var det fordi leiaren for dei frie demokratane, utanriksminister Hans-Dietrich Genscher, braut alliansen med sosialdemokratane og gjekk over på Kohl si side. Genscher kom betre ut av det med Kohl enn med den sterkt intellektuelle og like sterkt arrogante Helmut Schmidt. Den nye koalisjonen var ikkje liv laga, meinte kommentariatet. Men han heldt til 1998, i sju år før Berlinmuren fall og i ni år etter. Og frå kanslarkontoret kunne Kohl sjå at sothaugane i Aust-Tyskland vart til blømande landskap – somme av dei.

Kohl og Gorbatsjov

I 1990 valsa han opp med Mikhail Gorbatsjov da Tyskland skulle sameinast. Dei to gjekk turar i Nord-Kaukasus, i heimtraktene til den reformvenlege og liberale sovjetiske leiaren. Gorbatsjov sa ja til tysk samling - mot lovnad om at NATO-styrkar i Tyskland ikkje skulle stå aust for DDR-grensa. (Ingen av dei, i alle fall ikkje Gorbatsjov, tenkte seg at Polen og dei andre warszawapaktlanda ville inn i NATO så snøgt det kunne bli råd med slikt.) Kohl ringde til president Bush (den eldre) i Washington:

– Han har sagt ja til alt.

– Fint, svarte Bush. – Og prisen?

– Han har ikkje stilt vilkår, sa Kohl.

Ved slike høve kjem det statsmannsord:

– No tullar du, sa Bush.

27 år seinare er det framleis eit ankepunkt mot Gorbatsjov at han ikkje hadde ei drabeleg rekning i ermet den dagen.

Utriveleg

Den tredje tanken om Kohl gjeld dei mindre sympatiske sidene. Thorvald Stoltenberg hadde eit svært utriveleg møte med han i Bonn i 1987. Den norske regjeringa gjekk inn for å få Kåre Willoch som generalsekretær i NATO. Tyskarane ville ha Manfred Wörner. Slik vart det; USA kunne ikkje seia nei til det. Men da Stoltenberg sa nei til å trekkja framlegget om Willoch, vart Kohl så rasande at tomannsmøtet mellom dei gjekk i knas.

Privatlivet hans var tragisk og bar bod om mørke djupner. Ein biografi om kona Hannelore, «Kvinna ved hans side» (Die Frau an seiner Seite), fortel om korleis ho vart neglisjert, særleg etter at ho vart sjuk. Ho valde døden i 2001. Dei to sønene, Walter og Peter, har skrive om faren. Det er vonde historier.

Livet hans var politikk, og politisk er ettermælet. Han valde ei ukjend kvinne frå det gamle DDR, Angela Merkel, til ein plass i regjeringa. Der starta hennar marsj mot toppen. Men ho måtte skuva pensjonisten Kohl heilt til side og ta frå han æresmedlemskapen i partiet etter styr med lange fingrar i partikassa. Sidan var dei ikkje på talefot.

Politikken er ein nådelaus herre.

Per Egil Hegge

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Han var regjeringssjef i 16 år, fire år

lenger enn Hitlers tusenårsrike og to

år meir enn Konrad Adenauer.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis