Heit haust i Ukraina

Vinteren har ikkje nokon hast med å koma til oss i år. Det er liksom han ikkje har hug til å frostleggja det oppheta livet i Ukraina med snø og minustemperaturar. Denne veka er det fireårsjubileum for Majdan-opprøret.

Aktivistar frå Femen-gruppa protesterer mot president Petro Porosjenko og regjeringa på fireårsdagen for Majdan-opprøret i Kiev 21. november.
Aktivistar frå Femen-gruppa protesterer mot president Petro Porosjenko og regjeringa på fireårsdagen for Majdan-opprøret i Kiev 21. november.
Publisert Sist oppdatert

Det er alt utlyst ei tevling om det beste prosjektet for eit minnesmuseum tileigna «Vyrdnadsrevolusjonen». Slik omtalar ein no offisielt hendingane ein i folkeleg daglegtale kallar «Euromajdan».

Byregjeringa har skaffa til vegar ei tomt til det framtidige museet just på Institituttgata, der snikskyttarar skaut på dei som protesterte. President Porosjenko har skote inn tre millionar grivna (100.000 euro) frå sitt eige fond, slik at arbeidet med å byggja museet skal kunna setjast i gang.

Det er utlyst ein internasjonal arkitektkonkurranse om det beste prosjektutkastet. Dei har motteke 60 søknader, og halvparten av desse kjem frå Europa: frå Tyskland, Sveits, Polen og andre land. Leiarane i Ukraina vonar at museet for Vyrdnadsrevolusjonen skal kunna opnast om fem til seks år. Og medan planane for det framtidige Euromajdan-museet førebels berre vert drøfta, har det no alt i ein månads tid stått titals telt på ein ny majdan, rett andsynes parlamentet, i køyrebanen på Grusjevskij-gata, og ved sida av, i Mariinskij-parken. Dette er «Saakasjvili-majdanen».

Villfaren ekspresident

Soga om den «villfarne» presidenten Mikhail Saakasjvili minner svært mykje om eit syrgjeleg eventyr ingen er i stand til å finna ein lukkeleg slutt på. Både georgiske og ukrainske tilhengjarar av den tidlegare presidenten i Georgia tykkjer om han fordi han greidde å reformera landet sitt. Han sigra over korrupsjonen og fekk invitert utanlandske investorar til landet på svært gode vilkår. Mellom dei var Donald Trump. Slik fekk dei bygd opp det nye Batumi, ein moderne ferieby på svartehavskysten ikkje så langt frå den tyrkiske grensa.

Dei som ikkje likar Saakasjvili, skuldar han for populisme og for hardhendt framferd mot opponentar. Og dersom han skulle reisa attende til moderlandet Georgia, ventar det han ei rettssak. Han er skulda for leigemord og hardhendt oppløysing av demonstrasjonane opposisjonen stod bak i mai 2007. Då hadde politiet ansvaret for at over 500 personar vart skadde – og tre drepne.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement