JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Heit haust i Ukraina

Vinteren har ikkje nokon hast med å koma til oss i år. Det er liksom han ikkje har hug til å frostleggja det oppheta livet i Ukraina med snø og minustemperaturar. Denne veka er det fireårsjubileum for Majdan-opprøret.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Aktivistar frå Femen-gruppa protesterer mot president Petro Porosjenko og regjeringa på fireårsdagen for Majdan-opprøret i Kiev 21. november.

Foto: Valentyn Ogirenko/Reuters/NTB scanpix

9262
20171124

Andrej Kurkov

Ukrainsk forfattar som skriv på russisk. Fødd i Leningrad 1961, busett i Kiev.

Faren var ukrainar og testpilot for Sovjetunionen.

Har skrive ei rekkje romanar og barnebøker som er omsette til meir enn tretti språk.

Romanen Døden og pingvinen kom på norsk i 2006.

I 2010 kom romanen Venn av avdøde på norsk.

Andrej Kurkov skriv fast frå Ukraina for Dag og Tid.

Det er alt utlyst ei tevling om det beste prosjektet for eit minnesmuseum tileigna «Vyrdnadsrevolusjonen». Slik omtalar ein no offisielt hendingane ein i folkeleg daglegtale kallar «Euromajdan».

Byregjeringa har skaffa til vegar ei tomt til det framtidige museet just på Institituttgata, der snikskyttarar skaut på dei som protesterte. President Porosjenko har skote inn tre millionar grivna (100.000 euro) frå sitt eige fond, slik at arbeidet med å byggja museet skal kunna setjast i gang.

Det er utlyst ein internasjonal arkitektkonkurranse om det beste prosjektutkastet. Dei har motteke 60 søknader, og halvparten av desse kjem frå Europa: frå Tyskland, Sveits, Polen og andre land. Leiarane i Ukraina vonar at museet for Vyrdnadsrevolusjonen skal kunna opnast om fem til seks år. Og medan planane for det framtidige Euromajdan-museet førebels berre vert drøfta, har det no alt i ein månads tid stått titals telt på ein ny majdan, rett andsynes parlamentet, i køyrebanen på Grusjevskij-gata, og ved sida av, i Mariinskij-parken. Dette er «Saakasjvili-majdanen».

Villfaren ekspresident

Soga om den «villfarne» presidenten Mikhail Saakasjvili minner svært mykje om eit syrgjeleg eventyr ingen er i stand til å finna ein lukkeleg slutt på. Både georgiske og ukrainske tilhengjarar av den tidlegare presidenten i Georgia tykkjer om han fordi han greidde å reformera landet sitt. Han sigra over korrupsjonen og fekk invitert utanlandske investorar til landet på svært gode vilkår. Mellom dei var Donald Trump. Slik fekk dei bygd opp det nye Batumi, ein moderne ferieby på svartehavskysten ikkje så langt frå den tyrkiske grensa.

Dei som ikkje likar Saakasjvili, skuldar han for populisme og for hardhendt framferd mot opponentar. Og dersom han skulle reisa attende til moderlandet Georgia, ventar det han ei rettssak. Han er skulda for leigemord og hardhendt oppløysing av demonstrasjonane opposisjonen stod bak i mai 2007. Då hadde politiet ansvaret for at over 500 personar vart skadde – og tre drepne.

I dag er Saakasjvili ein ukrainsk politikar utan ukrainsk pass. For to år sidan gav president Porosjenko han ukrainsk pass og utnemnde han til guvernør i Odessa-fylket. Den tidlegare georgiske presidenten tok teneste som høgtståande ukrainsk embetsmann, og hadde stillinga i over eitt år. Han freista laga ein repetisjon av «det georgiske underet» på den ukrainske svartehavskysten. Men det skjedde ikkje noko «under». På den eine sida var det berrsynt at Kiev ikkje la så mykje vekt på å hjelpa Odessa-guvernøren i korrupsjonskampen. Dei verna ikkje så sjeldan om interessene til dei meste odiøse politikarane i Odessa.

På den andre sida er det slik at Saakasjvili sjølv likte så mykje betre å visa seg på TV for å fortelja om kven det var som hindra han i å gjera livet betre. Det var meir dragande for han enn å arbeida med reformer og vegbygging i denne rike regionen som samstundes er så totalt gjennomsyra av korrupsjon. Men rett skal vera rett: Han fekk no så vidt byrja med å utbetra vegane. Det vart likevel ikkje gjeve han å få sluttføra vegarbeidet eller å reparera alt det andre som var gale i fylket.

Fekk sparken

For eit års tid sidan fekk han sparken av president Porosjenko – ein mann han tidlegare kalla «min gode ven». Så, fordi Saakasjvili vart fornærma på grunn av at venen sveik han, danna han sitt eige politiske parti og gjekk i opposisjon til dei som har makta no. I dag har vi såleis høve til å få sjå han på fjernsynsskjermane, men det vert berre så altfor mykje.

Han – president i Georgia har vore og guvernør i Odessa har vore – skuldar no kvar einaste dag makta for å vera korrupt og for ha svike interessene til den ukrainske staten. Resultatet av det er at dei har teke frå han passet, slik ein tek yndlingsleika frå eit barn – urettvist og hardt. Dette hende nett då han var i USA. Og vedtaket om å gjera det, som knappast er det klokaste vedtaket den ukrainske regjeringa har fatta, førte så til at den fargerike historia om at han braut seg veg gjennom og over statsgrensa til Ukraina, oppstod.

Hundretals journalistar og politikarar, inkludert parlamentsmedlemer, bar den tidlegare presidenten i Georgia på hendene frå Polen til Ukraina, feia bort stengsel på grensepasseringa og skubba til sides grensevaktene og soldatane som ikkje var budde på eit såvore åtak. Sjølvaste Julija Tymosjenko var med på dette. Ho hadde forstått at Mikhail Saakasjvili kunne brukast som rambukk for henne sjølv på vegen fram til presidentmakta. No hadde sant nok soldatane og grensevaktene streng ordre frå Kiev om at dei ikkje under nokon omstende skulle skyta.

Difor kunne ikkje gjennomslaget på grensa liknast med eit krigsutbrot. Men kor som er, så var det no likevel Saakasjvili som i dette høvet sat att med sigeren. Han kom seg inn i Ukraina, men no som ein mann utan pass. Og han køyrer vidare med kampen mot det nye «kriminelle regimet».

Ny majdan

Verktyet han nyttar, er ein ny majdan. Men brorparten av folket i Kiev, som folk flest i Ukraina, stør i det heile teke ikkje Saakasjvili-majdanen, dei har ikkje ein gong sympati for han. På majdanen er det stille og roleg, og helst folketomt. Vanlegvis er det færre menneske enn telt å sjå. På den siste pressekonferansen Mikhail Saakasjvili freista innby til, kom det ikkje ein einaste journalist til plassen.

Men om det no er stille på denne majdanen, som sperrar ei av hovudgatene i hovudstaden, har det vorte mykje meir støy og bråk ålment i Ukraina dette året. I Kiev kan ein jamt høyra eksplosjonar og skot. Resultata av dette er at offiserar frå dei ukrainske spesialtenestene vert drepne. Det er dei som leier operasjonane mot separatistane i Donbass. Kuler og bomber tek livet av tidlegare friviljuge som kjempa jamsides med separatistane i Donbass. Det føregår ein open krig mellom ukrainske og russiske spesialtenester, men det vi får sjå og høyra, er berre dei direkte fylgjene av dette.

Politikarar som tidlegare var medlemer i partiet til president Janukovitsj, han som måtte stikka av til Moskva, har òg ført ein krig med slag som ikkje var mindre harde enn slaga om helsereforma. For dei galdt krigen pensjonsreforma. Denne krigen enda med at den sitjande makta sigra. Forordninga om pensjonsreforma er alt underteikna av presidenten. Den politiske striden i parlamentet dreg no og då til seg all merksemd i landet, bort frå frontane i Donbass og på Krim. Der har stoda ikkje endra seg dei to siste åra. I Donbass vert det skote med kanoner, granatkastarar og frå snikskyttargevær. Og statistikken legg fram stendig nye rapportar om såra og drepne ukrainske militære.

Krim-gåte

På Krim vert undertykkinga av krimtatarane vidareført. Samstundes føregår det merkelege, og ikkje heilt forståelege hendingar, om ein no ser på det med ukrainske augo. Styresmaktene har byrja å kverrsetja og oreigna eigedomar og mark, land som har tilhøyrt borgarar i Sevastopol og Kertsj, og andre byar og bygder. Det skjer fordi staten har bruk for det. Forklåringa deira er at dei treng desse landområda til militæravdelingar, vegar og andre byggjeprosjekt. Og folket på Krim, alle dei som så glade helsa velkomen den russiske hæren, vert på liknande vis, litt etter litt, fråtekne dei russiske passa dei nyleg var etla til. Det er sjølvsagt ikkje tale om tusenvis av personar, det gjeld nokre titals, men sjølve prosessen vekkjer interesse og provoserer fram spørsmål. Er det slik at dei verkeleg mistenkjer desse russiske patriotane for i løynd å arbeida for Ukraina? Spionasjemani er verkeleg populær tidtrøyte på Krim, der ikkje så fåe etniske russarar og ukrainarar er vortne arresterte og skulda for sabotasjeaktivitetar retta mot den russiske staten. Dei leitar etter spionar jamvel mellom tidlegare ukrainske militære, dei som med så lett hug sveik Ukraina og gjekk over til å verta russiske militære.

Ja, i Ukraina er det aldri keisamt og stilleståande. Ukrainarane har vorte vane med det, og dei ser med varsam optimisme på framtida. Dei er sjølvsagt uroa over presidentvalet i Russland i mars neste år. Men når alt kjem til alt, kjenner heile verda alt til kva resultatet av dette valet vert. Men resultatet av presidentvalet i Ukraina i 2019, derimot, er det som vanleg ikkje råd å føreseia, jamvel om presidentkampanjen alt har teke til. Og lovnaden om å byggja eit minnesmuseum for Vyrdnadsrevolusjonen i sentrum av Kiev, er berre ein ørliten komponent i kampanjen til den kandidaten som ynskjer å vera president i Ukraina i framtida – og er det no: Petro Porosjenko.

Andrej Kurkov

Omsett av Olav-Nils Thue.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Saakasjvili freista laga ein repetisjon av ’det georgiske underet’ på den ukrainske Svartehavskysten. Men det skjedde ikkje noko ’under’.»

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis