Politikk
Heisar det svenske flagget
GÖTEBORG: Alle var for ein ny kurs for Sverige, men kvar bar det? Til venstre, til høgre, attende til gamle dagar – eller kanskje ein dansk sving? Dei svenske sosialdemokratane har halde landsmøte.
Trampeklappen dominerte på kongressen til dei svenske solsialdemokratane, ikkje minst for partileiar Magdalena Andersson og partisekretær Tobias Baudin.
Foto: Socialdemokratarne
Den 42. ordinære kongressen til Sveriges socialdemokratiska arbetarparti (Socialdemokraterna) var meint å verte historisk. Det var bestemt på førehand. Det var fire år sidan førre landsmøte, og tolv år sidan gjeldande partiprogram vart vedteke. No hadde elleve arbeidsgrupper analysert samfunnet og lagt fram 200 forslag til ny politikk, som igjen hadde bringa fram over 4100 forslag frå grasrota i partiet. Kor ny skulle kursen bli?
Eg hadde vore der før, på Svenska Mässan i Göteborg, på kongress. Den gongen på 1990-talet var det først Ingvar Carlsson og så Göran Persson som var statsminister. No møtte eg igjen dei eg hadde intervjua mange gonger, den gongen. Korleis var det å sjå at den marknadstilpassa politikken deira no vart rulla tilbake? Det ville dei ikkje svare på. Dei nøgde seg med å hevde at partiet no gjekk framover, tok ein sosialdemokratisk sving, sa Persson. Den tredje tidlegare statsministeren på første rad, Stefan Löfven, måtte òg sjå korleis den liberale innvandringspolitikken hans vart skifta ut.
Nei, det vart ein kongress meir i ånda til ein annan tidlegare statsminister, Tage Erlander, som styrte frå 1946 til 1969. No skal dei tilbake til røtene sine.
Ny retorikk
På denne kongressen la Socialdemokraterna grunnleggjande om retorikken, jamført med berre for få år sidan. Eitt er at det no blir snakka om marknaden som sjølve problemet. «Fiasko, det har mislukkast – no må staten ta over», vart det sagt mange gonger frå talarstolen. Partileiar Magdalena Andersson lova gong på gong i løpet av fem dagar å gjere slutt på at skattepengar går til risikokapitalistar med aksjepostar i dei svenske skulane, eller at kriminelle får styre (private) barnevernsinstitusjonar (HVB-hem). No skal kontrollen med velferda takast tilbake.
Det økonomiske programmet vart klubba gjennom utan motstand, i tråd med det venstrefløya hadde varsla på førehand om at no var tida deira komen, og at dei ville gå langt i retning høgare skattar og statleg styring.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.