Heimelaga?«Bunadspolitiet» vil endre norsk lov, slik at også bunader blir merkte med «Made in China».

«Bunadspolitiet» vil endre norsk lov slik at også bunader blir merkte med «Made in China».

Hulda Garborg starta Heimen Husflid, i lag med Anna og Aksel Waldemar Johannessen, for å produsere utstyrspakkar, slik at brukarane kunne sy bunaden sjølv. Biletet viser to kvinner i bunad frå Setesdal.
Hulda Garborg starta Heimen Husflid, i lag med Anna og Aksel Waldemar Johannessen, for å produsere utstyrspakkar, slik at brukarane kunne sy bunaden sjølv. Biletet viser to kvinner i bunad frå Setesdal.
Publisert

Eg går saman med veslesyster, veslebror og ein ven av familien oppover Torggata i Oslo.

– Eg må hugse å vaske og stryke bunadskjorter i neste veke, seier ei kvinne på ein av uteserveringsstadane medan ho ser på oss, og fleire hovud snur seg.

Då vi passerer Brugata, stoppar ein full buss, og ein bråte med påsegla menn veltar ut.

– Kva slags bunad er det, ropar ein.

– Kjekke jenter, kjem det frå ein annan.

Veslebror min går midt mellom oss turistattraksjonane, og han ser ut til å vere takknemleg for dressen han har på seg. Vi har vore i konfirmasjon, og sunnmørsbunaden som bestemor mi har brodert og montert, er godt utstyrt med bunadssølv. Eg skranglar som ein sparegris, men har sjeldan kjent meg så fin.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement