JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Heimelaga?

«Bunadspolitiet» vil endre norsk lov slik at også bunader blir merkte med «Made in China».

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Hulda Garborg starta Heimen Husflid, i lag med Anna og Aksel Waldemar Johannessen, for å produsere utstyrspakkar, slik at brukarane kunne sy bunaden sjølv. Biletet viser to kvinner i bunad frå Setesdal.

Foto: Ukjend/P. G. Birting / Nasjonalbiblioteket

2938
20180518
2938
20180518

Eg går saman med veslesyster, veslebror og ein ven av familien oppover Torggata i Oslo.

– Eg må hugse å vaske og stryke bunadskjorter i neste veke, seier ei kvinne på ein av uteserveringsstadane medan ho ser på oss, og fleire hovud snur seg.

Då vi passerer Brugata, stoppar ein full buss, og ein bråte med påsegla menn veltar ut.

– Kva slags bunad er det, ropar ein.

– Kjekke jenter, kjem det frå ein annan.

Veslebror min går midt mellom oss turistattraksjonane, og han ser ut til å vere takknemleg for dressen han har på seg. Vi har vore i konfirmasjon, og sunnmørsbunaden som bestemor mi har brodert og montert, er godt utstyrt med bunadssølv. Eg skranglar som ein sparegris, men har sjeldan kjent meg så fin.

Til grunnlovsdagen har eg lagt att rett øyrepynt på Sunnmøre. Ikkje har eg raude strømper heller, eller skaut. Ifølgje Minerva seint i 2017 er det største trugsmålet mot bunaden at han er så populær. 70 prosent av alle norske kvinner har bunad, og Heimen Husfliden sel så mange at dei må sende bunadsstoffet til Kina for brodering og montering. Difor vil «bunadspolitiet» endre norsk lov, slik at ein må merkje kleda med opphavsland. «Made in China», må det då stå på fleire av bunadane frå Heimen Husfliden.

Medan eg festar sølja i halsen på bunadsskjorta, tenkjer eg på kven som skal ta over tradisjonen etter bestemor. Ho har brodert bunadar – stakk, vest og skjorte – til dei fleste barneborna, og sølvet har vi fått til utvalde høve. Eg ser med gru mot dagen då eg må justere bunaden sjølv, og mot alle bunadspuristane eg kjem til å få på nakken. Eg har jo ikkje teke i ei symaskin sidan ho gjekk i stå i kunstfagtimen på vidaregåande.

For det er respekten for handverket til bestemor som gjer at bunaden er det finaste eg eig. Plagget, som tidlegare var eit symbol på kulturradikalisme og bondeopprør, er no allemannseige i Noreg. Men når bunadprodusentane sluttar å selje utstyrspakkar for å bevare designet, ifølgje Dagsavisen, kan ikkje hobbyskreddarane i landet sy til barneborna sine. Har det strenge, fastspikra synet på korleis bunaden – og tilbehøret – skal sjå ut, gjort at vi ikkje kan produsere han i Noreg lenger? Kva hjelper det å pirke på at ein har joggesko under stakken, glorete solbriller eller at vesten er i feil farge dersom bunaden plutseleg er masseprodusert i Kina? Kanskje er det på tide å trekkje fram att Hulda Garborg, som meinte at bunaden helst skulle vere sydd av brukaren sjølv. Og kanskje bør eg gjere eit forsøk på å forsone meg med symaskina.

Seinare på konfirmasjonsdagen i Oslo går eg på butikken saman med veslebror. To jenter ser på meg og smiler.

– Så fin bunad du har!

Eg takkar og ventar på bror min. Han ser etter jentene.

– Greitt, eg må ha meg bunad, eg òg, seier han.

Mone Celin Skrede

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eg har ikkje teke i ei symaskin sidan ho gjekk i stå i ein kunstfagtime.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis