Heidegger og Vere-reinsinga

Har du angst, har du eit problem med heile verda. Det er sjansen du må gripa, meinte Heidegger.

Publisert Sist oppdatert

Det 20. hundreåret, som i andre halvdelen etter kvart fekk eit visst preg av filosemittisk botsøving, var i første halvdelen i mangt og mykje ei antisemittisk smørje. Lat meg seia det så sterkt. Om ein tek filosofane, til dømes, desse grundige underarbeidarane på røtene til verda og erkjenninga, så var mange av dei største jødar, men mellom dei som ikkje var det, finn ein antisemittar som Gottlob Frege og Martin Heidegger. Den første, som la grunnlaget for den moderne logikken og var mellom grunnleggjarane av analytisk filosofi, gav Frege-champion og anti-rasist Michael Dummett ein støkk då han oppdaga antisemittiske utsegner hjå helten. Frege døydde i 1925. Eg har ikkje meir enn elementær greie på dette.

Lysande filosof

Martin Heidegger, derimot, har eg eit nært forhold til, og han vart òg nasjonalsosialist. Han har skrive skarpsindige, ja, lysande filosofiske skrifter. Han er sterkt prega særleg av Søren Kierkegaard, Friedrich Nietzsche og Edmund Husserl. Men Heidegger har ei veldig kraft når han tenkjer med og vidare.

Hovudgjelda hans går ikkje godt nok fram, kan henda (men bøker om slike tema finst jo i massevis) – anna enn tilhøvet til Nietzsche slik vi no har manuskriptgrunnlag for å vurdera det, for Nietzsche slost han veldig med i 1930- og 40-åra, for til slutt å gjera han – galen frå 1889, død 1900 – til forklaring på at han fall for nasjonalsosialismen fleire tiår seinare. Skal vi tilgje Heidegger?

Nei. Han bad heller ikkje om orsaking. Han melde seg inn i Hitlers parti 1. mai 1933 og aldri ut. Etter eit mislukka eksperiment som nasjonalsosialistisk rektor ved universitetet i Freiburg i 1933–34 «schwarzwaldiserte» han seg, som Hans Skjervheim sa. Men då han i 1941 kommenterte vonbrotet sitt, sa han likevel at nasjonalsosialismen måtte ein seia ja til «av tankemessige grunnar». Det står i Schwarze Hefte, nær 1300 sider med refleksjonar og kommentarar som nett er utgjevne i tre band.

Mykje nytt synest det ikkje å vere i desse sidene, der Heidegger som vanleg skriv og skriv på sine tema og sine maniske formuleringar, her meir i teseform, så å seia som rein Weltanschauung, inklusive den politiske. Men ein kan jo merkja seg årstalet for påstanden, og ein akseptert verdsundergang eg nemner nedanfor.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement