Sideblikk
Haust er høgsesong for hagefestar
Nettverk for dei som kan dansen når ånd og katedral møter kapital, politikk og posering.
Forfattaren Salman Rushdie helsar på journalist og filmregissør Arne Skouen på den tradisjonelle hagefesten til Aschehougs forlag i 1992. Til venstre forfattaren Ebba Haslund, forleggjaren William Nygaard og journalisten Arvid Bryne.
Foto: Lise Åserud NTB / NTB
Årets evige rundgang må markerast med inndelingar, overgangar og høgdepunkt: nyttårsaftan, midtsommar, elgjakt, hausttakkefestar og ymist anna. Det skal merkast i meir enn i ordi at det er slutt på det som i gamle og lite fleksible dagar var fellesferien. Den politiske og litterære hausten blir dratt i gang for dei ytringskulturelle i ei blanding av politikk og posering, kapital og katedral, materielle og åndelege verdiar.
MINGLEVEKA I ARENDAL er eit vorspiel. Demokratiets dansegolv blir det kalla, for dei som kan føra og kjenner dansen.
Sjølv om Arendalsveka er svenskimport, er det gjort eit dyktig arbeid med tilpassing og imagebygging i den akterutsigla seglskutebyen, som er blitt eit slags anneks til Kristiansand i det nye Agder. Det høyrbare bysbarnet Jon Gelius bør vera på plass på ein flåte i pollen med den faste poolen av politikarar som har mellombels opphald i den korporative kanalbyen.
ALLE ORGANISASJONAR med
sterke interesser og respekt for seg sjølv er der. Men også dei som ikkje har, men gjerne vil ha respekt, henger seg på og vil vera med, om det så berre er med ein stand og eit obskurt møte i ei sidegate. Alle skal med, bortsett frå dei som direksjonen meiner er udemokratiske og ufine – Sian og sånne.
Det går rykte om at til og med utanriksredaktøren i det tvedestrandske lokalbladet Fjesingen var på veg, men at han tok feil lei i Amtmannsvingen og hamna i Vegårshei.
DEI SOM IKKJE ER DER, er irrelevante i samfunnsdebatten. Det er bodskapen frå Geelmuyden Kiese og fyrstehusa som tilbyr sine høgt fakturerte tenester til organisasjonar utan eventkompetanse og ein bøling av profesjonelle samfunnskontaktar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.