Hastearbeidet med å endre landetFagdirektorat, organisasjonar og forskingsinstitusjonar landet rundt ber om meir utgreiing og konsekvensanalyse i arbeidet med regionreforma.

Fagdirektorat, organisasjonar og forskingsinstitusjonar landet rundt meiner at regionreforma er for dårleg utgreidd.

Regionreforma går fort for seg. Biletet syner fjerning av gamle og montering av nye skilt på fylkesgrensa mellom Trøndelag og Møre og Romsdal på fylkesvei 65 i desember i fjor.
Regionreforma går fort for seg. Biletet syner fjerning av gamle og montering av nye skilt på fylkesgrensa mellom Trøndelag og Møre og Romsdal på fylkesvei 65 i desember i fjor.

«Hastverk er lastverk», lyd ordtaket Grundtvig formulerte. Det har opphav i Salomos ordspråk i Det gamle testamentet, der det står at «hastverk fører berre til tap», men uttrykket finst i dag i mange variantar, ifølgje Store norske leksikon.

Kan hende vert ordtaket òg å finne i framtida, når regjeringas prestisjeprosjekt regionreforma skal evaluerast.

Der er det fyrst hasta med å endre fylkesstrukturen, og å slå og tvinge saman fylke, før det er bestemt kva innhaldet i reforma og oppgåvene til dei nye og større fylka skal vere. Det som er varsla, er at større og meir robuste fylke kan ta over fleire statlege oppgåver.

Når den nye strukturen no er vedteken, meiner Stortinget det hastar slik med å bestemme kva oppgåver og styresmakt dei nye fylka skal ha, at opposisjonen har bede regjeringa kome med ei stortingsmelding om saka seinast 15. oktober. Meldinga skal vere basert på rapporten frå eit ekspertutvalet som la fram tilrådingar om desentralisering av oppgåver frå staten til fylkeskommunen i februar.

Datoen står fast sjølv om fagdirektorat, interesseorganisasjonar og forskingsinstitusjonar landet rundt har ropt ut om at det trengst meir konsekvensanalysar og utgreiingar av tilrådingane frå utvalet.

Til vurdering

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement