Stormaktspolitikk
Harde tider
Det er ikkje utenkjeleg at Danmark mistar Grønland. Dette handlar om langt meir enn berre dramaet om kongeriket, meiner professor Helen Thompson, ein av verdas leiande geopolitiske analytikarar.
Illustrasjon: Dado Ruvic / File Photo / Reuters / NTB
I desse dagar er heile verda oppteken av eitt
spørsmål: Vil Donald Trump invadere Grønland?
Etter USAs kommandoåtak på Venezuela og bortføring av Nicolás Maduro, presidenten
i landet, tok den amerikanske presidenten opp att ønsket om å overta øya. Om bord
på Air Force One understreka han for det samla pressekorpset at USA treng Grønland
«av omsyn til den nasjonale tryggleiken».
Det kvite huset uttalte få dagar seinare at bruk av militærmakt «sjølvsagt»
alltid er eit alternativ – også mot ein nær alliert som Danmark. Dette har Mette
Frederiksen avvist i sterke ordelag. «Dersom USA går til åtak på eit anna Nato-land,
stoppar alt opp», uttalte statsministeren. Men det skal ho ikkje vere så sikker
på, seier ein av dei leiande geopolitiske analytikarane i vår tid.
– Nato vil
ikkje nødvendigvis bryte saman dersom USA annekterer Grønland. Men dette vil
garantert skje dersom Danmark og dei andre europeiske landa svarer militært, seier
Helen Thompson, professor i politisk økonomi frå Cambridge-universitetet.
Thompson blir sett på som ei av dei mest tonegjevande røystene i den
internasjonale politiske debatten. Ho har skrive fleire bøker, er fast
kommentator for tidsskriftet New Statesman og har i fleire år hatt sin eigen
podkast hjå UnHerd. Weekendavisen snakkar med henne medan heile verda ser ut
til å vere i endring. Kvar time kjem det nye meldingar frå Washington, Brussel,
Paris, London og København.
Men den danske statsministeren må ikkje rekne med at Trumps ønske om å
overta Grønland vil forsvinne i takt med det omskiftelege nyheitsbiletet. Presidenten
vil ha den strategisk viktige øya i Arktis.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.