Hard liberalar mot mjuk realist

Som journalisten og strategen Walter Lippmann ein gong sa: «Når alle tenkjer det same, er det ingen som tenkjer særleg mykje.» På vegner av Holbergprisen er det derfor ei glede å presentere to utmerkte debattantar som ikkje tenkjer likt.

Cecilie Hellestveit leidde Holberg-debatten, der den amerikanske statsvitaren John Mearsheimer og den tidlegare svenske statsministeren Carl Bildt deltok.
Cecilie Hellestveit leidde Holberg-debatten, der den amerikanske statsvitaren John Mearsheimer og den tidlegare svenske statsministeren Carl Bildt deltok.
Publisert

Slik opna debattleiar Cecilie Hellestveit Holberg-debatten, som gjekk føre seg i Bergen laurdag 3. desember, på fødselsdagen til Ludvig Holberg (1684–1754).

Hellestveit heldt fram introduksjonen slik: Den eine er statsvitar og den andre statsmann. Ein er amerikansk, den andre europeisk. Ein er talsmann for realismeskulen (som vektlegg konkurranse mellom stormakter, red.merk.), den andre held fast ved den liberale tradisjonen (som vektlegg å fremje liberale verdiar i internasjonal politikk, red.merk.).

I opningsinnlegget sitt sa Carl Bildt at han ikkje ser nokon ende på krigen, og at krigen vil få konsekvensar fleire tiår framover. Bildt meiner ein må få til forhandlingar, men at det er eit stykke unna. Han samanliknar invasjonen av Ukraina med Hitlers invasjon av Polen, begge personlege avgjerder tekne av diktatorar med historiske visjonar.

John Mearsheimer hevda at vi i dag har ei multipolar verd med to konfliktar, éi mellom USA og Kina i Asia og éi mellom USA og Russland i Europa, og at verda no er farlegare enn under den kalde krigen. Han kritiserte framstillinga av Putin som ein imperialist og meiner at Russland vart provosert av Vestens freistnad på å integrere Ukraina i Nato og EU. Mearsheimer fryktar at Putin vil kunne bruke atomvåpen om han vert desperat.

Bildt: Éi sak er me er samde om: Me lever i farlegare tider. Men når det gjeld Ukraina og Russland, er me usamde. Eg trur ikkje Putin vil skape eit nytt Sovjetunionen. Idealet hans er Russland under Ivan den grufulle, Peter den store eller Katarina II. Det er dette Russland han vil skape, ikkje berre med Ukraina, men også med Belarus.

Mearsheimer seier at Putin ikkje hadde ressursane til å gjere det. Det er openbert no, men me bør vere klar over at han gjekk til åtak med 90 prosent av kampstyrken til den russiske hæren – 90 prosent! Han gjekk til åtak frå nord for å ta Kyiv, den største byen, frå vest for å ta Kharkiv, den nest største byen, frå sør for å ta Odesa, den tredje største byen. Dette var ingen søndagsekspedisjon med russiske styrkar som gjekk seg vill i skogen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement