Har trumpforien endeleg møtt veggen?Når ein snakkar om aksjemarknader, er det tre reglar ein må hugse:

Når ein snakkar om aksjemarknader, er det tre reglar ein må hugse: 1. Aksjemarknaden er ikkje økonomien. 2. Aksjemarknaden er ikkje økonomien. 3. Aksjemarknaden er ikkje økonomien.

Ein isskulptur markerer jubileet til den svarte tysdagen, dagen i 1929 for børskrakket som førte til den store depresjonen. Paul Krugman meiner USA har sett dei verst tenkjelege folka på saka, dersom ei økonomisk krise skulle råke landet.
Ein isskulptur markerer jubileet til den svarte tysdagen, dagen i 1929 for børskrakket som førte til den store depresjonen. Paul Krugman meiner USA har sett dei verst tenkjelege folka på saka, dersom ei økonomisk krise skulle råke landet.
Publisert

Altså treng ikkje det kraftige marknadsfallet vi har sett dei siste dagane, å innebere noko som helst.

På den eine sida skal ein ikkje gå ut frå at det finst ei god forklaring på nedgangen (sjølv om det at Dow Jones-indeksen fall med 666 poeng, peikar anten mot sataniske krefter eller mot ein slags mystisk samanheng med Kushner-familiens feilinvestering på Fifth Avenue 666). Då børsane fall dramatisk i 1987, gjennomførte økonomen Robert Shiller ei sanntidsundersøking av kva som motiverte investorane; det viste seg at krakket i hovudsak kom av rein, sjølvoppfyllande panikk. Folk selde ikkje aksjane sine fordi dei hadde lese ein eller annan nyhendeartikkel som fekk dei til å endre synet på aksjeverdiar; dei selde fordi dei såg at andre gjorde det.

Og på den andre sida skal ein heller ikkje gå ut frå at nedgangen i aksjeprisar fortel så mykje om den økonomiske framtida. Den framståande økonomen Paul Samuelson er kjend for å ha vitsa om at aksjemarknaden har greidd å spå ni av dei siste fem konjunkturnedgangane. Krakket i 1987, til dømes, vart ikkje følgt av ein konjunkturnedgang, men av solid vekst.

Men uro i marknaden bør få oss til å sjå nærmare på dei økonomiske utsiktene. Etter mi meining syner talmaterialet at USA mildt sagt er på veg mot eit lågare tempo i vekstraten; materialet vi har tilgjengeleg, viser at veksten dei neste ti åra vil vere på nærare 1,5 prosent, snarare enn dei 3 prosentane Trump og lakeiane hans stadig lovar oss.

I talmaterialet ser vi i tillegg teikn på at risky assets, det vil seie aktiva i form av aksjar og langsiktige obligasjonar som fort kan endre verdi, kanskje er overprisa. Utan å nemne bitcoinvanvitet snakkar vi ikkje om internettselskap i 2000 eller eigedom i 2006, men tala ligg godt over dei normale nivåa i eit historisk perspektiv, og ein tilbakegang kan verte smertefull.

Tilbake til det kraftige fallet: Om det var éi sak som forårsaka det, var det sysselsetjingsrapporten som kom førre fredag. Rapporten viste ein signifikant, men ikkje kraftig lønsauke. No skal det vere sagt at aukande løningar er ein god ting. Faktisk har det at løningane ikkje har stige mykje fram til no, vore ein djupt frustrerande mangel i det som elles har vore ei imponerande jamn betring av økonomien – ein prosess som tok til like etter at Obama vart president. Og no aukar endeleg lønene, noko som kan innebere at arbeidarar er i ferd med å få større forhandlingsmakt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement