Har tru på langvarig vern etter koronainfeksjon

Slektskapen med andre virus tilseier at vi blir immune etter ein covid-19-infeksjon, seier immunolog Anne Spurkland.

Publisert

Medieoppslaga om folk som blir koronasjuke for andre gong, bør vi ta med ei klype salt, meiner Anne Spurkland. Ho er professor i anatomi og forskar i molekylær immunologi ved Universitetet i Oslo, og forfattar av boka Immun. Kroppens evige kamp for å overleve. Spurkland meiner det er svært sannsynleg at koronasmitte fører til immunitet.

– Oppslaga om at folk blir sjuke igjen av covid-19, er bygde på svært usikker informasjon. Mest truleg har desse pasientane ikkje vore heilt friske, men har hatt eit meir langstrekt sjukdomsforløp med tilbakefall, seier Spurkland.

Ho understrekar likevel at det er vanskeleg å vere sikker på noko når det gjeld det nye koronaviruset.

– Vi har ikkje klare svar på spørsmåla om immunitet enno. Dette er ein ny sjukdom for oss, og vi har ikkje nok observasjonar til å seie så mykje sikkert. Men vi veit at viruset som fører til covid-19, liknar på andre koronavirus. Og dei som har vore smitta av andre koronavirus, utviklar immunitet.

Spurkland viser til studiar av dei to andre farlege koronavirusa vi kjenner til, dei som førte til Sars-epidemien i 2003 og Mers-epidemien i 2012.

– Pasientar som overlevde desse infeksjonane, viser teikn på immunitet mange år seinare. Dei tidlegare Sars-sjuke har ikkje blitt utsette for ny Sars-smitte, men testar har vist at dei har T-celler mot viruset meir enn ti år etter.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement