Håpar staten skal kome på banen
Staten bør bli ein meir aktiv eigar i Equinor, og drive selskapet i grønare lei, meiner Anne Jortveit i Norsk klimastiftelse.
Det er fleire ulike drivkrefter bak den grøne vendinga til dei europeiske oljeselskapa, meiner Anne Jortveit, som er i nestleiar i tankesmia Norsk klimastiftelse.
– Men ei viktig årsak er klimapolitikken til EU, som gjer marknaden for fossil energi mindre. Vi ser òg at investorane er med på å drive fram endringa. Grøne aksjar blir generelt vurderte høgare enn innteninga deira skulle tilseie, medan det er motsett for selskap i fossilindustrien. Mange investorar vil ikkje lenger eige aksjar i oljeselskap. Og klimarisiko blir eit stadig meir aktuelt tema, seier Jortveit.
– Dette handlar òg om haldningane i politikken og i samfunnet elles. Klimasaka er høgt på dagsordenen, og alle selskap er opptekne av omdøme.
– Har du inntrykk av at den norske staten brukar eigarmakta si til å skyve Equinor over mot annan verksemd enn olje og gass?
– Nei, det verkar heller som om selskapet er eigarlaust. Staten Noreg er en storkapitalist, men oppfører seg ikkje som ein. Det er eit ønske om at Equinor skal vere eit breitt energiselskap, men prosentdelen av investeringane som går til fornyeleg energi, er framleis liten. Og Equinor leitar framleis etter ny olje og gass i 20 ulike land.
– Staten har sine eigne interesser her: Om Equinor blir eit grønt energiselskap, vil det ikkje gje same inntekter for statskassa som olje og gass har gjort?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.