Handlingsplanar til liten nytte?

Forskarar, tenkjetankar og byråkratar har produsert ei mengd rapportar og planar til hjelp for norske born og kvinner med minoritetsbakgrunn som er stranda i utlandet.

Publisert Sist oppdatert

Institutt for samfunnsforskning (ISF) inviterte i april til lanseringsseminar for to nye rapportar der temaet er kvinner, born og unge som oppheld seg i utlandet mot sin vilje. Innhaldet som forskarane har utarbeidd, vil verte ein del av grunnlaget for neste handlingsplan som skal få slutt på negativ sosial kontroll, kjønnslemlesting, tvangsekteskap og æresrelatert vald.

Ekspedisjonssjef i Arbeids- og inkluderingsdepartementet Lisbeth Fransplass Røren leverte eit lite sukk – eller var det eit resignert smil? – då ho i innleiinga si til seminaret nemnde at vi skal få den sjuande handlingsplanen for dette feltet her i landet, som vil gjelde frå 2025 til 2028. Den første kom i 2008.

Til kvar tid er det mange forskarar, statsfinansierte tenkjetankar og byråkratar som produserer kunnskap som skal danne grunnlaget for politiske tiltak for å betre livskvaliteten til ei sårbar gruppe: norske born og kvinner med minoritetsbakgrunn som oppheld seg ufriviljug i utlandet. Fleire vert utsette for vald, tvang og overgrep. Offera vert påførte skadar, og det gjev store utfordringar i det norske samfunnet på grunn av utanforskap, kriminalitet og manglande føresetnader for å ta del i arbeidslivet.

Har den samvitsfulle innsatsen over snart to tiår verka? Barneombodet kommenterte nyleg (Dag og Tid 5. april 2024) at det ikkje ser ut til å mangle vilje til å kjempe mot ufriviljug opphald i utlandet, men resultata kjem ikkje.

Anja Bredal, anerkjend forskar ved velferdsforskingsinstituttet Nova, brukte sjølv ordet reproduksjon då ho kommenterte rapporten på lanseringsseminaret i april. Ho konstaterte at det ikkje har skjedd så mykje nytt, men at tidlegare funn vert stadfesta, noko som òg har ein verdi for forskarane som følgjer utviklinga. Bredal peika òg på at forskarane kjem med mange av dei same tilrådingane som i tidlegare rapportar.

Transnasjonalt liv

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement