JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Handlingsplanar til liten nytte?

Forskarar, tenkjetankar og byråkratar har produsert ei mengd rapportar og planar til hjelp for norske born og kvinner med minoritetsbakgrunn som er stranda i utlandet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
10385
20240531
10385
20240531

KOMMENTAR

redaksjonen@dagogtid.no

Institutt for samfunnsforskning (ISF) inviterte i april til lanseringsseminar for to nye rapportar der temaet er kvinner, born og unge som oppheld seg i utlandet mot sin vilje. Innhaldet som forskarane har utarbeidd, vil verte ein del av grunnlaget for neste handlingsplan som skal få slutt på negativ sosial kontroll, kjønnslemlesting, tvangsekteskap og æresrelatert vald.

Ekspedisjonssjef i Arbeids- og inkluderingsdepartementet Lisbeth Fransplass Røren leverte eit lite sukk – eller var det eit resignert smil? – då ho i innleiinga si til seminaret nemnde at vi skal få den sjuande handlingsplanen for dette feltet her i landet, som vil gjelde frå 2025 til 2028. Den første kom i 2008.

Til kvar tid er det mange forskarar, statsfinansierte tenkjetankar og byråkratar som produserer kunnskap som skal danne grunnlaget for politiske tiltak for å betre livskvaliteten til ei sårbar gruppe: norske born og kvinner med minoritetsbakgrunn som oppheld seg ufriviljug i utlandet. Fleire vert utsette for vald, tvang og overgrep. Offera vert påførte skadar, og det gjev store utfordringar i det norske samfunnet på grunn av utanforskap, kriminalitet og manglande føresetnader for å ta del i arbeidslivet.

Har den samvitsfulle innsatsen over snart to tiår verka? Barneombodet kommenterte nyleg (Dag og Tid 5. april 2024) at det ikkje ser ut til å mangle vilje til å kjempe mot ufriviljug opphald i utlandet, men resultata kjem ikkje.

Anja Bredal, anerkjend forskar ved velferdsforskingsinstituttet Nova, brukte sjølv ordet reproduksjon då ho kommenterte rapporten på lanseringsseminaret i april. Ho konstaterte at det ikkje har skjedd så mykje nytt, men at tidlegare funn vert stadfesta, noko som òg har ein verdi for forskarane som følgjer utviklinga. Bredal peika òg på at forskarane kjem med mange av dei same tilrådingane som i tidlegare rapportar.

Transnasjonalt liv

Ein betydeleg del av norsk-somaliske born og unge har delar av oppveksten sin utanfor Noregs grenser for å byggje tette band til eigen familie, kultur og religion. I dei ferske rapportane frå ISF peikar somaliarane seg ut med høge tal. I ein av analysane viser resultatet at per 1. desember 2022 hadde 4652 norske born og unge (0–23 år) med somalisk bakgrunn utvandra utan å vende attende til Noreg.

Det vil seie at då dataa vart tekne ut til undersøkinga, budde 4652 norsk-somaliske born og unge utanfor dei norske grensene. Dette inkluderer dei som kan ha flytta frå Noreg permanent saman med foreldra sine. Det er ikkje slik at det å leve transnasjonalt kan knytast til ufriviljug opphald i utlandet, men det viser at det er utbreitt å flytte mellom ulike land.

Undersøkingane frå ISF viser at norske styresmakter ikkje veit kvar dei fleste somaliske born og unge som har forlate Noreg, har opphalde seg eller oppheld seg (1491). Mange har flytta til Storbritannia (1335), ein del har reist til Somalias naboland Kenya (456), og nesten like mange har busett seg i Somalia (400) for ein kortare eller lengre periode.

I årsrapporten for 2022 frå spesialutsendingen for integreringssaker ved den norske ambassaden i Nairobi vert det stilt kritiske spørsmål ved åtferda til norsk-somaliarar som vel å plassere borna i landet som dei flykta frå: «Det er reiseråd til Somalia, og det er svært utrygt å oppholde seg der på grunn av krigslignende tilstander. Da er det oppsiktsvekkende at foreldrene etterlater sine barn i et land de selv har flyktet fra og fått opphold i Norge på grunn av krig.»

Dømd til å mislukkast?

Kor mange som vert haldne ufriviljug i utlandet, er vanskeleg å kartleggje. I perioden 2017–2022 har dei fire norske ambassadane som har eigne spesialutsendingar for integreringssaker (Amman, Ankara, Istanbul og Nairobi), fått 762 førespurnader som gjeld ufriviljug utanlandsopphald. Dette gjeld både born og vaksne. Truleg er mørketala høge. Dei 762 førespurnadene er berre dei som hadde høve og ressursar til å kome i kontakt med ein av dei fire ambassadane.

Grunnane til at dei vert haldne i utlandet, er fleire: for å ha kontroll med å oppretthalde ære, for å endre oppførsel, som òg inkluderer såkalla disiplineringsanstaltar – og nokre born og unge vert haldne i utlandet med éin forelder (i dei aller fleste tilfella med mor), ifølgje ein av ISF-rapportane. Per 1. januar 2022 var kring 15.000 av norsk-somaliarane her i landet mellom 0 og 17 år, dermed er dei den yngste minoriteten ut frå landbakgrunn. Korleis går det med borna og ungdommane som flyttar til og frå Noreg? Og kor mange er det som forlèt Noreg ufriviljug?

Oslo bystyre handsama i februar eit framlegg om at ingen born og unge skal opphalde seg i utlandet mot sin vilje. Representantar frå dei ulike partia tok til orde for forskjellige tiltak for å betre kompetanse og ressursar for å setje ein stoppar for dette. Og kritikk vart retta mot det norske støtte- og hjelpeapparatet. Politikarane frå dei ulike partia meinte at det trengst meir innsats frå fleire som arbeider i det norske hjelpeapparatet, for å tilby kvinner og born som vert utsette for tvang og vald, eit godt og kompetent støtte- og oppfølgingsapparat.

Kan vi lære av Tyskland?

I Tyskland stiller styresmaktene tydelege krav til trussamfunn, ifølgje den offisielle presentasjonen. Moskear skal bidra til integrering i samfunnet, kjempe mot radikalisering og fremje respekt for lover og tyske verdiar. Det vert kravd at dei skal vere opne om aktivitetar og finansieringskjelder, og det vert oppmoda til tyskopplæring. Styresmaktene oppmodar òg til utdanning av religiøse leiarar i Tyskland, slik at dei har god kunnskap om tyske verdiar og samfunnstilhøve.

Trussamfunn i Tyskland vert finansierte av medlemsavgift, men kan òg få støtte frå det offentlege.

Når eg kontaktar tyske ekspertar på moskear og integreringsprosessar, er svara at den offisielle framstillinga er i overkant positiv. Professor Werner Schiffauer ved Europa-universitetet Viadrina i Frankfurt an der Oder er rask med å slå fast at det er lite å lære av tysk praksis.

– Det er langt frå eintydig kva omgrepa integrasjon og tyske verdiar vil seie, noko som gjev eit stort rom for tolkingar, svarer Werner Schiffauer.

Usemje om kva omgrepa tyder, skaper uklare reglar på den eine sida og ein kultur med mistillit og skepsis på den andre sida. Det er inga felles semje om kva tid reglar er oppfylte. Resultatet er ifølgje Schiffauer at praktisk talt alle moskear er under overvaking av Verfassungsschutz, som er den tyske føderale tryggingstenesta.

Slik avsluttar Werner Schiffauer ved universitetet i Frankfurt an der Oder:

– Beklagar, men det er ein avgrunn mellom den offisielle skildringa og den reelle situasjonen. Kva nordmenn kan lære av Tyskland? Ingenting.

«Ikkje dialogmøte»

Kva gjer norske moskear for å hindra at norske born og unge oppheld seg i utlandet mot sin vilje? Trengst det meir aktiv oppfølging og tydelegare reglar for å sikra at moskeane tek skikkeleg tak i dette problemet? Når eg tidlegare har snakka med den profilerte norsk-somaliaren Abdullai Mohammed Alason, som både er aktiv politikar for Arbeidarpartiet i Kristiansand og tilsett i Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi), har han vore krystallklar på at det trengst tydelegare reglar for alle trussamfunn, moskeane medrekna. Han ønskjer ikkje dialogmøte, men samarbeidsmøte som stiller krav, og at moskear og andre trussamfunn må akseptere at i Noreg gjeld spelereglar som må følgjast. Og når staten løyver pengar, så følgjer det med krav og forventingar om kva pengane vert brukte til.

Alason er oppteken av at vi ikkje må bidra til ytterlegare stigmatisering, men leggje vekt på gode løysingar som betrar tilhøva for norsk-somaliarane og styrkjer samfunnsdeltakinga. Han seier at det er ein større prestasjon å kome opp med konstruktive løysingar enn å avdekkje klankonfliktar i norsk-somaliske miljø. Alason meiner at staten må vere mykje meir offensiv for å sikre likestilling i alle trussamfunn, kristne kyrkjelydar medrekna.

Tiltakskjeder

I dei ferske rapportane frå ISF vert det foreslått omfattande tiltak i det offentlege hjelpe­apparatet for å betre kvaliteten på behandling og oppfølging av born, unge og kvinner som har opphalde seg ufriviljug i utlandet. Det involverer institusjonar som flyktningtenesta, barneverns­tenesta, Nav, kommunane og andre offentlege verksemder. Blant framlegga til førebyggjande tiltak er det eitt framlegg som handlar om moskeane: «Det bør vurderes å kurse imamer om ufrivillig utenlandsopphold.»

I Oslo ligg Noregs største moské, somaliske Tawfiiq Islamsk Senter. Moskeen er ein maktbastion for norsk-somaliarar i hovudstaden. Mange oppsøkjer gudshuset for å få råd og rettleiing, åndeleg fellesskap og for å treffe landsmenn.

Dag og Tid har tidlegare i år publisert artiklar om utfordringar med integrering av somaliarar i det norske samfunnet og om norsk-somaliske born og unge som vert tekne ut av skulen og oppheld seg ufriviljug i utlandet.

Kva tenkjer moskéleiinga om utfordringane? Eg sender e-post og ringjer til moskeen, men ingen svarer. Då eg oppsøkjer moskeen, får eg namnet og telefonnummeret til forstandar Abdi Hakim. Han ringjer meg tilbake og undrar kva eg vil. Eg seier at eg er interessert i eit intervju, og at eg har nokre artiklar om integrering og ufriviljug utanlandsopphald som eg kan sende til han.

Han seier at han vil lese artiklane. Då eg etter ei tid kontakta han att, hadde han ikkje fått lese artiklane og bad meg om å sende dei på nytt. Det har eg gjort.

Kan hende fører det til eit intervju med Abdi Hakim, slik at vi får høyre refleksjonane hans kring transnasjonal oppvekst og utfordringar med tvang og vald? Og kva tenkjer Tawfiiq Islamsk Senter om rolla dei har når det gjeld integrering og kampen mot vald og tvang blant norsk-somaliarar?

Ole Jan Larsen er prosjekt­-
redaktør og journalist.

Kjelder:

Hilde Lidén, Dorina Damsa, Jan-Paul Brekke, Maria Forthun Hoen, Rapport 2024:4 «Trøblete utenlandsopphold. Barn og unge voksne tilbakeholdt i utlandet: fenomenforståelse og oppfølging»

Hilde Lidén, Kathinka Fossum Evertsen, Jan-Paul Brekke, Maria Forthun Hoen, Rapport 2024:6 «Kvinner og deres barn holdt tilbake mot sin vilje i utlandet. Fenomenforståelse og mulig bistand»

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Tankesmien Agenda

Ordskifte

«Dei fleste røystar ut frå ei form for eigeninteresse.»

Tiril Rustad Halvorsen

Marthe Korsvoll (t.h.) og Lisa Laumann kjøler seg i Akerselva i Nydalen i Oslo.

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
Ole Petter Pedersen

Me kan vere glade og uroa på same tid over uvanleg varme dagar.

Raudfota skogskjelpadde er ein av dei tre artane av skjelpadde som er godkjende til bruk som familiedyr i Noreg.

Foto via Wikimedia Commons

KunnskapFeature
Arve Nilsen

Skjelpadder

Etter at menneska klatra ned frå trea og oppover på næringskjeda, har nok mange skjelpadder blitt fanga og hamna i gryta.

Ikkje berre krig og kriser kan føre til legemiddelmangel. Heile leveringskjeda er sårbar.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Det veikaste leddet i legemiddelkjeda

Europeiske land bør samarbeide for å sikre forsyninga av legemiddel, seier professor Marianne Jahre.

Nye rekruttar til Ukrainas 3. åtaksbrigade trenar ved Kyiv 9. april 2024. Menn i våpenfør alder som nektar mobilisering, kan få fengselsstraff på mellom tre og fem år.

Foto: Vadim Ghirda / AP / NTB

KrigSamfunn

Tårer på jernbanestasjonen

For ei veke sidan vende eg enda ein gong attende til Ukraina etter tre veker i Europa. Denne gongen gjekk heimvegen gjennom den slovakiske byen Kosice, som ligg 120 kilometer frå grensa til Ukraina.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis