HandlÅ vere i ein by etter mange år på bygda kan vere overveldande. Om eg vil, kan eg gå innom vinmonopolet kvar einaste dag. Dett hælen av skoen, treng eg ikkje halte lenge før eg finn ein skomakar med hælande evner. Les eg ei melding av ein ny film som e
Å vere i ein by etter mange år på bygda kan vere overveldande. Om eg vil, kan eg gå innom vinmonopolet kvar einaste dag. Dett hælen av skoen, treng eg ikkje halte lenge før eg finn ein skomakar med hælande evner. Les eg ei melding av ein ny film som eg får lyst til å sjå, kan eg gå på kino same kvelden. Men faren er òg stor for at eg kjem heim att med noko unødvendig nips kjøpt på impuls ein måndag.
Vi som bur milevis frå ein by, er vane med å planleggje handleturen. Når eg først dreg til Ålesund, samlar eg opp ærend: blodbanken, optikaren, bokhandelen, skobutikken og apoteket. Å planleggje handelen slik at eg ikkje treng å reise til byen att på ein månad, går heilt fint. Vi som ikkje soknar til eit vinmonopol i kommunen, har òg den luksusen å få whiskyen tilsend fraktfritt – og vi får velje frå eit større utval enn det eit lite polutsal ville ha hatt.
Mange handlar på nettet. Ulempa er at næringsgrunnlaget for dei få butikkane som er att i bygda, blir dårlegare, og at ein ikkje får prøve kjolen, buksa eller skorne før ein trykkjer på «kjøp». Å handle bøker på nettet er mindre risikabelt, sjølv om det aldri blir det same som å gå inn i ein bokhandel, ta bøkene i hendene og sniklese her og der. Å kjenne lukta av avispapir og få trykksverte på fingrane er òg ein eigenskap som ein skjerm aldri kan gje meg.
Heime går det nokre få bussar ut av bygda kvar dag. Skal eg ta bussen, møter eg opp ti minutt før og får som regel fritt val av sitjeplass. Kjem eg til ein stoppestad i Oslo og må vente like lenge, vert eg utolmodig. Kvifor dette utolmodet i byen? Kan hende er det så enkelt som at planlegging ikkje er så nøye. Det går alltid eit tog, ein buss eller ein trikk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.