Handelen trumfar
Biltema-butikkar er så populære at kommunepolitikarar overser eigne planverk og faglege råd for å få ein bit av handelen.
Då Biltema signerte kontrakt med utbyggjaren på Langrønningen i Bamble kommune i 2017, sa ordføraren til Telemarksavisa at det var «stort», «fantastisk» og at kjeda kunne vere «en magnet for området».
Bamble-politikarane er ikkje åleine om å utfordre både eigne planverk og faglege råd for å kunne gje populære kjeder høve til å etablere seg innanfor sine grenser. Biltema er eit godt døme.
Kjeda, som sel alt frå bilutstyr og byggvarer, til mobiltelefonutstyr og hushaldningsartiklar, har for tida sterk vekst, motstraums butikkdøden i varehandelen elles.
Berre i år skal det opnast seks nye butikkar i Noreg, og målet er å auke med 30 butikkar til innan 2028, ifølgje marknadsansvarleg Monica Videm i Biltema.
Dag Bergby, som er dagleg leiar for Biltema Norge, seier kjeda treng tomter som må vere på mellom 15 og 20 mål, og at dei stadig får førespurnader frå politikarar og andre som vil ha Biltema-varehus i nærleiken.
Fleire stader har plasseringane av varehusa derimot utfordra regionale regelverk på nett same måte som i Telemark. Berre det siste året har fylkesmennene i Rogaland, Hedmark, Hordaland og Akershus alle gått imot kommunale ønske om å etablere Biltema i industri- og næringsområde utanfor sentrum.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.