Sideblikk

Han som peika ut brønnpissarane

Sigbjørn Hølmebakk gjekk inn i si tid som fredlaus diktar i ein politisk fimbulvinter.

Forfattaren Sigbjørn Hølmebakk (1922–1981) ved skrivemaskinen i 1957.
Forfattaren Sigbjørn Hølmebakk (1922–1981) ved skrivemaskinen i 1957.
Publisert

Det var ein gong ein kar i dalstroka innafor kysten Lindesnes–Åna-Sira som hadde ein slem «tilbøyelighed»: I mulm og mørke sneik han seg rundt og pissa i brønnane til godtfolk. Det var ei plage året rundt, men særleg om sommaren når det var lite vatn, for då stinka det stygt hos dei som blei ramma.

Det var ikkje fritt for at folk flest hadde sine mistankar om kven som stod bak desse mørkets gjerningar og skapte uhygge i bygda. Men temaet var så ekkelt at dei helst ikkje snakka om det, for pisslukta smitta liksom over på dei uskuldige offera. Om det blei ymta frampå om det ufyselege utanfor handelslaget eller på kyrkjebakken, var den mistenkte alltid først ute med kraftig fordømming av rykte og griseprat. Midt i svineriet var han eit normalt omgjengeleg og akta bygdemenneske. Det tryggaste var å smiska med han i von om å få vera i fred.

Den formastelege blei ikkje stempla og uskadeleggjord før ein fyllik reiste seg opp på ein bedehusbasar, peika på han og ropte med drukken røyst: «Brønnpissar!»

SIGBJØRN HØLMEBAKK (2.2.22–25.11.81) løfta denne bygdehistoria frå Feda inn i det offentlege rommet (Dagbladet 5. januar 1961) som metafor for ein mistenksam og tilgrisa overvakingspolitikk i Gerhardsens tid.

Heksejakta på fordekte kommunistar i fredsrørsla og andre som opponerte mot atom- og utanrikspolitikken, levde vidare. Haakon Lie og POT fylte mappene sine, men trykket letta. Når brønnpissarane blei avslørte, tapte dei mykje av den fordekte makta si. Arvtakaren Hårek Elvenes er ein komisk figur.

DIKTAREN HØLMEBAKK fekk sitt gjennombrot med Fimbulvinter i 1964, seinare filma som Brent jord. Det handla om menneske i ukueleg kamp for å overleva då tyskarane trekte seg ut av Finnmark i 1944. Men han stod også bak den romantiske komedien Hurra for Andersens. Fleire av bøkene hans blei filma, og han var i si tid ein av dei mest omsette, særleg til russisk.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement