Haldningsparadokset

Sjølv om færre har eit negativt syn på minoritetar, fortel norske jødar og muslimar at dei har fleire negative opplevingar enn før.

Rapporten som nyleg vart publisert av Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter, ser på haldningar til jødar og muslimar i Noreg.
Rapporten som nyleg vart publisert av Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter, ser på haldningar til jødar og muslimar i Noreg.
Publisert

HL-senteret har kome med ein rapport om haldningane til jødar og muslimar i Noreg. Rapporten er sett saman av tre hovuddelar: ei befolknings-, ei minoritets- og ei ungdomsundersøking. Liknande rapportar kom i 2011 og 2017. Undersøkinga viser mellom anna at negative haldningar til jødar og muslimar er gått tilbake sidan førre undersøking i 2017. På den andre sida rapporterer 71 prosent av jødane og 33 prosent av muslimane at dei av frykt for negative haldningar unngår å vise den religiøse tilhøyrsla si. Dei rapporterer også om fleire negative erfaringar enn før.

Det at mange minoritetar fortel om ei negativ utvikling, er eit viktig funn, seier Vibeke Moe, forskar ved HL-senteret og prosjektleiar for haldningsundersøkinga.

– Kva kan årsakene til denne utviklinga vere?

– Det er viktig å understreke at me ikkje har kartlagt handlingar, men haldningar. Korleis minoritetar sjølv opplever situasjonen, og kva negative erfaringar dei har, treng ikkje henge saman med utbreiinga av haldningar i befolkninga generelt, men kan til dømes ha å gjere med hatytringar i digitale medium eller at ekstremistar er meir synlege i mediebiletet. Auken kan også kome av noko så enkelt som at det før har vore underrapportering, og at det no i større grad er opna for å fortelje om erfaringar.

– I rekrutteringa til innvandrarutvalet sende de ut 23.150 førespurnader om deltaking og fekk 1305 svar. Gir dette eit godt nok utval?

– Responsraten var omtrent som forventa og liknar tidlegare undersøkingar i den norske innvandrarbefolkninga. I intervjuundersøkingar av befolkningsutval er det i dag døme på endå lågare svarprosent utan at det har ført til skeivskap i resultata. Dette er dokumentert av Ottar Hellevik i Tidsskrift for samfunnsforskning. Det avgjerande er ikkje svarprosenten, men at ikkje bortfallet er systematisk, det vil seie påverka av det som blir undersøkt. Det ein ser i denne og tilsvarande undersøkingar, er til dømes at høgt utdanna er overrepresenterte, noko som kan ha betydning for kva slags erfaringar og haldningar dei som svarar, har. At utvalet er representativt er vurdert opp mot befolkningsstatistikken til Statistisk sentralbyrå. Skeivskapane som ein fann i utvalet, blei så korrigerte med vekting for å sikre at samansetjinga av utvalet er representativt for populasjonen når det gjeld kjønn, alder og landbakgrunn.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement