Fleire politiske ungdomsparti ynskjer no å liberalisera abortlova. I AUF går sentralstyret inn for fri abort til veke 18. Landsmøtet i Framstegspartiets Ungdom gjorde same vedtak i vår. Lengst går leiaren i Unge Venstre, som vil ha sjølvbestemt abort fram til veke 24.
Dagens abortlov, med fri abort fram til veke 12 og deretter ei nemnd som avgjer, er om ikkje eit ideelt, så eit fornuftig kompromiss som har fått brei aksept i folket. Mange av dei som er prinsipielt motstandarar av abort, ser at alternativet ikkje er betre. Og mange av tilhengjarane meiner grensa for kor gamalt fosteret kan vera ved fri abort, må vera låg.
Dessutan er aborttala i dag historisk låge. Men i alle høve pliktar kvar generasjon å drøfta abortspørsmålet, særleg etter utviklinga av ny fosterdiagnostikk og betre utsikter til å berga stadig yngre tidlegfødde.
AUF meiner at nemndene som vert kopla inn ved abort etter veke 12, fungerer som domstolar. Det verkar som ei overdriving. I praksis er det tale om to lækjarar som rådgjev kvinna om kva ho bør gjera. Det kan opplevast vanskeleg, men ein slik buffer og motstand så langt inne i svangerskapet er fornuftig. Det kan òg gjera det lettare for dei som til slutt tek abort, å koma seg vidare i livet, fordi alle partar har teke saka på alvor.
Etter 18 veker er ikkje abort tillate utan tungtvegande medisinske grunnar. I dag bergar ein livet på foster som vert fødde så tidleg som i 23. og 24. veke. Framlegget om å utvida grensa for fri abort til 24 veker bør difor avvisast. Ei sak frå Sverige referert i Dagens Nyheter kan stå som argument. Der vart ein overlækjar kalla inn til ein abort i veke 22. Då ho såg at barnet rørte på seg og gav lyd frå seg, freista ho intuitivt å berga det aborterte fosteret. Det døydde likevel etter ti minutt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.