I Rikard II samanliknar Shakespeare kongen med ein gartnar. Slik gartnaren må skjere vekk nokre rasktveksande greiner her og hjelpe lovande kvistar fram i lyset der, må herskaren kappe hovudet av enkelte overambisiøse adelsmenn og lønne dei trufaste undersåttane sine med gunstige embete og stillingar.
I hagen har eg to tre. Eg trur det eine er gravenstein og det andre er aromaeple, men eg er sanneleg ikkje sikker. Dei har tent meg – og naboungane, trur eg – trufast i alle år. Bortsett frå i fjor, då kulden sette inn midt i blømingstida og øydela det meste av avlinga.
Utpå seinvinteren kvart år tek eg fram hagesaks og sag og går mot epletrea med faste steg for gjere gartnarplikta mi. Eg stengjer ute all medkjensle og kuttar kvist etter kvist, kaldt, effektivt, målretta.
– Du må gå hardare til verks, seier bror min, som har lese meir hagebøker enn Shakespeare.
Eg veit at han har rett. Eg veit korleis det gjekk året før.
Eg stålset meg igjen og går endå ein ny runde i ringen med aplane.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.