JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Gudane frå 1960-åra er framleis størst, fotballguden òg

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Mexico by 21. juni 1970: Lagkameratar ber Pelé på gullstol etter sigeren over Italia i VM-finalen. Med tre VM-gull vann dei Jules Rimet-trofeet til odel og eige.

Foto: AP / NTB

3887
20230106
3887
20230106

VM, EM, CL og PL fyller fotballhimmelen med fyrverkeri fleire kveldar i veka, men Pelé skin framleis sterkast, før som no, etter sin død i romjula. Meir enn femti år etter siste VM-kamp, når andre namn frå Mexico i 1970 berre er fotnotar for nerdar, veit alle kven Pelé er. Kvifor det?

Edson Arantes do Nascimento spela aldri i ein topp 5-liga. Heile oppveksten og karrieren gjekk føre seg i eit bortgøymt hjørne mindre enn Aust-Agder. To av dei tre verdsmeisterskapane han vann, gjekk føre seg på hans eige kontinent, i Chile (1962) og i Mexico (1970).

Det siste var det fyrste i fargar, men det var ikkje Mexico-VM som gjorde Pelé legendarisk. Alt i 1958 kom det internasjonale gjennombrotet, under Sverige-VM, to år før me fekk fjernsynssendingar og Sportsrevyen.

I 1970 var Pelé eit omgrep for oss tiåringar, som hjartelause laga eit vers om klassekameraten som var flinkare med tal enn med ball: «Pelé er Pelé,/ men Knekken er gelé». Brasilianaren var som Beatles. At han var svart, tenkte me ikkje på.

Men kven hadde sett han spela? I neste VM, Tyskland i 1974, såg eg alle kampane på eigen skjerm på guterommet, men Pelé var ikkje med. Då regimet i Brasil endeleg lét han gå til ein utanlandsk klubb, takka han med å takka nei til landslaget. Ville 33-åringen ha briljert i eit femte VM òg? Han tok del i fire og vann tre av dei. Det siste vert han åleine om lenge –?etter at Kylian Mbappé (24) ikkje vann sitt andre VM no i Qatar.

Skal ein finna ein som såg Pelé live, lyt ein sjå etter ein åttiåring frå Østfold, som Egil Drillo Olsen: «Eg er såpass gamal at eg såg Sovjetunionen mot Brasil i Göteborg i 1958. Me haika frå Fredrikstad.»

Drillo var då seksten år gamal, Pelé sytten. Det var gruppespelfinale. Pelé hadde vore reserve, men fekk prøva seg. To veker seinare avgjorde han VM-finalen på Råsunda, etter å ha avgjort semifinalen mot Frankrike med tre mål på drygt tjue minutt. Ingen over, ingen ved sida sidan.

Men kven såg det? Levande bilete var sjeldne. YouTube kom i 2005. Medan han var aktiv, var det berre sekund me såg, her og der, no og då.

Slik er det med dei mentale og kollektive tatoveringane me fekk i 1960-åra. Beatles og Stones. Månelandinga og Vietnamkrigen. John F. Kennedy og Martin Luther King junior. Pelé og Cassius Clay (sidan Muhammad Ali). Berre få sekund var alt me fekk.

Få sekund var nok. Då og no. Bileta etsa seg fast av di det ikkje var bilete der frå før. Hiroshima-bombinga gjekk ikkje på fjernsyn, men det gjorde Vietnamkrigen. Bronselaget gjekk på radio, Pelé på TV. «The first cut is the deepest», som han skreiv i 1967, Cat Stevens (sidan Yusuf Islam).

Sjeldne sekundsnuttar lyste opp himmelen. Av di dei forsvann like fort som dei kom, passa me på å sperra opp augo og sinnet. Repriseknapp fanst ikkje. VHS kom kring 1980.

Men heime hadde me lysbileteframvisar, så som gut kjøpte eg frå England ei samling fargelysbilete frå VM-finalen på Wembley i 1966. Utan Pelé. Han og Brasil nådde ikkje kvartfinalen.

I dag kan me når som helst og kvar som helst sjå kva som helst frå kva tid som helst. Men øvst i hierarkiet tronar framleis heltane frå 1960-åra.

Det er godt å sjå Pelé i ro og mak. Før og etter kampane, i intervju, er han sjølvtillit og sjarm, ein velkledd verdsmann og forførar med guteaktig smil og tiltalande røyst.

Elegansen held seg i landslagstrøya. Er dei eigenleg rivalar, rivalane til tittelen som den største? Brasil og Argentina er erkefiendar, ja, men samanlikninga haltar. Ved sida av tette og stutte Maradona og Messi, på éin seksti-og-noko, med lågt tyngdepunkt, vert Pelé høg og slank, med ditto leiken bruk av høgre- og venstrefot, hovud og brystkasse, hofter og finter, tunellblikk og instinkt.

Kva som gjer han størst? Resultata – vinnar av tre VM. Spelet – med lêrkula som kroppsdel. Tilvertinga –?i det fyrste fjernsynstiåret.

Håvard Rem

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis