Lita skrift

Gubbe!

Publisert

Edvard Munchs målarstykke «Historien» viser ein eldre mann med kvitt skjegg som sit framfor livstreet og snakkar med ein liten pjokk. Guten lyttar ærbødig.

Dette må vere ein arketype som går igjen i alle kulturar. Ein klok mann – ja, det er oftast ein mann – som har levd lenge og røynt mykje, og som no fôrar omverda med dei vise vurderingane sine. Frå gamle Nestor i Iliaden via Njål i Njålssoga til den eldre Kåre Willoch i vår eiga tid.

I det vi med eit nokså upresist uttrykk kallar gamle dagar, lytta folk vørdnadsfullt til det desse klokingane hadde å seie, dei la seg visdomsorda på minne og prøvde å rette seg etter dei gode råda. No, derimot, har dei unge knapt tid til slikt. Dei lyttar med eit halvt øyre og bortvendt blikk og har tankane langt inni dataspelet sitt eller dei nyaste tiktokvideoane.

Men dei sjølvutnemnde vismennene har ikkje fått med seg dette. Dei set seg godt til rette i godstolen framfor peisen, breiddfulle av dyrkjøpt livserfaring, og deler kloke tankar dei har opparbeidd seg gjennom mange opplevingsrike år, og velfunderte meiningar om samfunnsutviklinga, anten det no gjeld omgangstonen blant ungdommen, sjølvopptekne romanforfattarar eller den omseggripande dialektbruken i NRK.

Stor er derfor overraskinga når dei så blir kjefta huda full for meining sine og stempla som gretne gamle gubbar utan kontakt med tidsånda.

Korleis hamna vi her? Kva har skjedd?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement