Grunnlov som symbolpolitikk
Retten til ein rask rettsprosess har no vorte ein del av Grunnlova. Det kjem ikkje til å hjelpa, og forbrytarar får heller kortare fengselsstraffer.
Artikkel 6 nummer 1 (EMK 6.1) i Den europeiske menneskerettsfråsegna skal garantera at brotsmenn får ein rask rettsprosess og avklåring. Noreg har som kjent for lengst skrive under menneskerettsfråsegna, men nett artikkel 6 nr. 1 har Noreg store vanskar med å respektera.
Kva seier so denne regelen? «In the determination of his civil rights and obligations or of any criminal charge against him, everyone is entitled to a fair and public hearing within a reasonable time by an independent and impartial tribunal established by law» (Alle har rett til å få saka si avgjord av ein uavhengig og upartisk domstol innan rimeleg tid. Rettargangen skal vera rettvis og offentleg).
Noreg har ikkje vore særleg flinke til å taka omsyn til denne menneskeretten. Saks-førehavingstida i rettsstellet berre aukar og aukar av di påtalemakta er overarbeidd og har for få tilsette.
Svaret frå Stortinget i vår var å taka 6.1 inn i Grunnlova. Endrar det noko på saka? Nei. Resultatet vert truleg at vi i framtida ofte kjem til å bryta både Grunnlova og menneskerettsfråsegna, for Stortinget har ingen plan for å redusera ventetida.
I paragraf 95 av Grunnlova står det no at «alle har rett til å få saka si avgjord av ein uavhengig og upartisk domstol innan rimeleg tid», altso sams med ordlyden i EMK 6.1.
Nett kva «rimeleg» tyder i denne samanhengen, er det sjølvsagt i hovudsak opp til vårt eige rettsstell å avgjera. I og for seg finst det ikkje noko i vegen for at retten kan meina det ikkje er eit brot på lova å nytta fem år på å etterforska ei sak – slik var det til dømes i ei høgsterettssak i fjor der retten meinte politiet ikkje kunne verta lasta for ikkje å etterforska ei sak medan tiltala oppheldt seg i Albania – men sanninga er at EMK 6.1 ofte er tema i norsk rett, og ikkje sjeldan gjer det at illgjerningsmannen får lægre straff. «Enige og tro til Dovre faller», heiter det i eidsvollseiden frå 1814. Alle er samde om at retten må skunda seg, men ingen veit korleis dei skal gjera det. Påtalemakta har i alle fall ikkje kapasitet til å arbeida snøggare.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.