Grumsete og politisk giftige rykteTrakassering er truleg likt fordelt. Men somme har vore likare enn andre til å fortenga.

Trakassering er truleg likt fordelt. Men somme har vore likare enn andre til å fortenga.

Frp-leiar Siv Jensen hugsar ikkje at ho vart varsla om Ulf Leirstein i 2012.
Frp-leiar Siv Jensen hugsar ikkje at ho vart varsla om Ulf Leirstein i 2012.
Publisert

I 1977 trekte Kåre Kristiansen seg som formann i Kristeleg Folkeparti: «Grumsete og giftige rykter om min person var en sterkt medvirkende årsak. Ryktene er løgn, men de ble like fullt en alvorlig belastning.»

Rykta gjekk ut på at «han ikke har levd i overensstemmelse med det sjette bud», som det heitte i partispråket. Flaumen var formidabel; til og med Kristiansens fordelaktige utsjånad som «Stortingets Clark Gable» blei brukt mot han. Rykte ville også ha det til at politiske motstandarar og diverse redaksjonar sat på mapper fulle av grafsete historier.

Det blei aldri klarlagt kvar rykta hadde røtene sine, kor utbreidde dei var, eller om det var hald i dei, men mykje tydde på at dei hadde gått som eld i tørt gras i Kristeleg Folkeparti. Dagbladets politiske avdeling bestilte eit spørsmål hos MMI, viste til Kåre Kristiansens eigne ord og spurde: «Har De hørt slike rykter?» Det blei trekt tilbake då det kom sinte telefonar til MMI, så der gjekk me glipp av eit strålande høve til å spora trådar i ryktemakeriets politiske og sosio-geografiske struktur.

For Kåre Kristiansen blei det rask resett. Han kom tilbake som partiformann i 1979, som stortingsrepresentant og statsråd – alltid på høgresida i partiet og i konflikt med Kjell Magne Bondevik og EU-motstandarane.

BYRÅSJEFEN har mint meg på dette. Men han er mest opptatt av at Arbeidarpartiet har fått for mykje tyn i Giske-saka, i høve til kalamitetane og dei fulle elefantane som har kome fram i andre parti. Det kan han ha rett i, men han tar også feil.

Det er alltid slik at første gong gir mang ein småting rang. Ikkje at det er ein småting at ein av partiets sentrale kadrar har måtta gå av i vanære for å ha utnytta posisjonen sin til seksuell trakassering. Men Arbeidarpartiet var uheldig med #MeToo-taiminga. Medielogikken er slik at den som bryt ei grense, får meir merksemd enn dei som tangerer prestasjonen eller overgår han seinare.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement