Grøne fingrar krev grøne hovud

Trendane tilseier meir grønt på norske fat. Men norske produkt kan tape konkurransekraft mot importmat på grunn av svekt kompetanse i grøntnæringa.

Det blir spådd at nordmenn vil ete meir grøne produkt i åra som kjem. Men kor stor del av veksten vil kome norske produsentar til gode?
Det blir spådd at nordmenn vil ete meir grøne produkt i åra som kjem. Men kor stor del av veksten vil kome norske produsentar til gode?

I sol og varmt vêr har 250 ungdomsskuleelevar på ei idyllisk øy i Ytre Oslofjord møtt opp til annleis skuledagar denne veka. I puljar på 50 har dei fått lære om det gode klimaet og jordsmonnet i Vestfold. Om korleis sola, nett no så høgt på himmelen, påverkar plantar og poteter.

– I går stod vi i kveiteåkeren med eit brød i handa og spurde: Kva slags vekstar er dette? Då er det ein som svarar «lauk». Så er det ei som seier «korn». Det er få som har vore på ein gard før, og det er ikkje deira skuld. Men ein kvadratmeter kveite gir eitt brød kvart år. Det set ting i perspektiv, seier Åsmund Bjertnæs, dagleg leiar i potet- og salatprodusenten Bjertnæs & Hoel.

Bjertnæs leier eit selskap med ambisjonar om å gi forbrukarane det dei vil ha. Rundt tusenårsskiftet dyrka dei fram ulike sortar salatar (folk ville ikkje lenger berre ete kinakål). Rundt 2014 utvikla dei små, gode delikatessepoteter for å konkurrere med dei franske amadinepotetene som lokka stadig fleire norske forbrukarar. Dei siste åra har Bjertnæs & Hoel eksperimentert med søtpotetdyrking. Søtpoteta er ei tropisk grønsak som ikkje veks lett i Noreg, men norske forbrukarar vil ha ho likevel, og ho vert importert frå land som Spania, USA, Honduras og Senegal. Sommaren 2018 kunne ein for første gong kjøpe norske søtpoteter i utvalde butikkar.

Bjertnæs er ein av bøndene som medverkar til innovasjon og vekst i norsk grøntsektor. I samband med jordbruksoppgjeret i fjor vart partane samde om å satse meir på dette. Som ein del av satsinga vart det sett ned eit rådgivande utval leia av Anita Krohn Traaseth, tidlegare sjef i Innovasjon Noreg.

Dristige mål

I slutten av mars kom rapporten «Grøntsektoren mot 2035», med eit djervt mål om auke forbruket av frukt, bær og grønt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement