Grøn naivisme og idealisme

Miljøpartiet Dei Grøne er ikkje av denne verda.

Publisert Sist oppdatert

Til slutt i Dag og Tids serie om partiprogramma: nyinnflyttarane Miljøpartiet Dei Grøne, MDG. Dei vil verta Noregs leiande miljøparti og endra samfunnet vårt gjennom massive offentlege reguleringar. I tillegg vil dei ha ein dramatisk redusert finanssektor, mykje høgre skatt på rikdom og store offentlege bustadsatsingar. MDG er altså eit svært så venstreorientert parti.

Men lat oss byrja med miljø, det er der dei vil verta store. Vil politikken deira gjera verda til ein betre stad? For når miljøproblema er internasjonale, bør vel partiet òg vera det? Nja ... «De Grønne vil (...) ikke vente på global enighet, men benytte Norges særegne posisjon – både økonomisk og politisk – til å utvikle oss til et foregangsland.» Til det er det vel å seia at eit føregangsland som har særskilde føresetnader, neppe kan verta eit føregangsland for land som ikkje har særskilde føresetnader.

Jevons paradoks

Når ein skal analysera, treng ein eit råmeverk, så fyrst litt om røyndomen, dette som vert kalla økonomi og fysikk. Båe delar set råmer, og båe delar er vanskeleg å gjera noko med. Kva seier energi-økonomien? Jau, at til grunn for all klimapolitikk må det liggja eit mål om å nytta minst mogeleg energi til kvar gjeven oppgåve, og at den sparde energien ikkje vert nytta ein annan stad

Innanfor energiøkonomi har denne effekten ei eiga nemning, nemleg «Jevons paradoks». Alt i 1865 oppdaga den engelske økonomen William Jevon at når teknologien gjekk framover, så oppstod det ein paradoksal effekt: Di meir engerisparande den nye teknologien var, di meir energi vart nytta samla sett, som var det motsette av det ein i utgangspunktet skulle tru. Moderne energiøkonomar har mange gonger vist at Jevon hadde rett, funna er svært robuste.

Mekanismen er i grunnen ikkje vanskeleg å forstå: Når ein sparer energi fordi ny teknologi gjev meir effektive maskiner, går den relative prisen på energi ned, og det samla forbruket går opp av di all energi vert billegare. Konklusjonen gjev seg dimed sjølv: Den energien ein sparer, bør, om sparinga skal få ein positiv effekt på klimaet, anten kverrsetjast eller gjerast dyrare.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement