Gravferder og «folkerøysting»

Hundane og kattane fekk ikkje røysta, men det vart gjeve ut røystesetlar til born.

Publisert Sist oppdatert

Folk har for vane å ottast det verste, men i løynd å vona det beste. Av og til kjem det likevel tider som gjer at denne regelen ikkje stemmer – og folk vert fatalistar. Dei ventar seg då ikkje anna enn katastrofar i tida som kjem.

Det var just med slike kjensler dei fleste ukrainarane gjorde seg reie til å høgtida Sigersdagen 9. mai. Feiringa av sigeren over Nazi-Tyskland var ei kulthandling i Sovjetunionen. Nett på denne dagen var det venta at valdsbruken i Aust–?og Sør-Ukraina kom til å eksplodera. Det skulle så på to dagar føra til at ein ny pro-russisk revolusjon braut laus, ein revolusjon massane ville slutta opp om. Og målet ville fyrst vera å få gjennomført ei folkerøysting om sjølvstende 11. mai, deretter fysisk å skilja ut Sør–?og Aust-Ukraina frå staten Ukraina.

Men alt ei veke før Sigers­dagen var mange byrja tvila på om dei kunne lukkast i å få stabla på beina ein brei pro-russisk oppreist. Ikkje berre på grunn av dei tragiske hendingane i Odessa, men òg fordi det viste seg umogeleg for separatistane å ta kontroll over nye territorium i fylka Lugansk og Donetsk.

Odessa

I Odessa, ein by med eit folketal på ein million, gjekk fire hundre separatistar til åtak på ein marsj for eit sameint Ukraina. Det framkalla motåtak frå to tusen innbyggjarar som var for eit sameint Ukraina. Enden på det var at nær femti personar vart drepne, i hovudsak folk som stod på Russland si side. Samstundes er eit overveldande fleirtal av folk i Odessa slett ikkje interesserte i politikk, og det var så vidt dei reagerte på desse hendingane.

Pro-russiske krefter prøvde å hissa opp stemninga i andre byar, men heller ikkje dei lukkast. Rett nok vart antiterrorist-operasjonen nær grensa mot Russland mykje kritisert, men hovudmålet med den vart nådd. Resultatet var at byen Slavjansk, der separatistane har teke full kontroll, vart blokkert frå alle sider. Separatistane i Slavjansk makta ikkje å utvida si kontrollsone til andre byar eller småbyar i nærleiken.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement