JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Gravferder og «folkerøysting»

Hundane og kattane fekk ikkje røysta, men det vart gjeve ut røystesetlar til born.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
9761
20140516
9761
20140516

Samfunn

Folk har for vane å ottast det verste, men i løynd å vona det beste. Av og til kjem det likevel tider som gjer at denne regelen ikkje stemmer – og folk vert fatalistar. Dei ventar seg då ikkje anna enn katastrofar i tida som kjem.

Det var just med slike kjensler dei fleste ukrainarane gjorde seg reie til å høgtida Sigersdagen 9. mai. Feiringa av sigeren over Nazi-Tyskland var ei kulthandling i Sovjetunionen. Nett på denne dagen var det venta at valdsbruken i Aust–?og Sør-Ukraina kom til å eksplodera. Det skulle så på to dagar føra til at ein ny pro-russisk revolusjon braut laus, ein revolusjon massane ville slutta opp om. Og målet ville fyrst vera å få gjennomført ei folkerøysting om sjølvstende 11. mai, deretter fysisk å skilja ut Sør–?og Aust-Ukraina frå staten Ukraina.

Men alt ei veke før Sigers­dagen var mange byrja tvila på om dei kunne lukkast i å få stabla på beina ein brei pro-russisk oppreist. Ikkje berre på grunn av dei tragiske hendingane i Odessa, men òg fordi det viste seg umogeleg for separatistane å ta kontroll over nye territorium i fylka Lugansk og Donetsk.

Odessa

I Odessa, ein by med eit folketal på ein million, gjekk fire hundre separatistar til åtak på ein marsj for eit sameint Ukraina. Det framkalla motåtak frå to tusen innbyggjarar som var for eit sameint Ukraina. Enden på det var at nær femti personar vart drepne, i hovudsak folk som stod på Russland si side. Samstundes er eit overveldande fleirtal av folk i Odessa slett ikkje interesserte i politikk, og det var så vidt dei reagerte på desse hendingane.

Pro-russiske krefter prøvde å hissa opp stemninga i andre byar, men heller ikkje dei lukkast. Rett nok vart antiterrorist-operasjonen nær grensa mot Russland mykje kritisert, men hovudmålet med den vart nådd. Resultatet var at byen Slavjansk, der separatistane har teke full kontroll, vart blokkert frå alle sider. Separatistane i Slavjansk makta ikkje å utvida si kontrollsone til andre byar eller småbyar i nærleiken.

«Sjølvråderett»

Det var kanskje på grunn av dette at president Putin brått vende seg til separatistane og bad dei utsetja folkerøystinga til eit seinare tidspunkt enn 11. mai. Men då sa separatistane for fyrste gong klårt frå om at dei respekterte Putin, men at dei kor som var ville halda «folkerøysting» 11. mai.

Det er mogeleg det var slik dei hadde planlagt det frå starten av. Putin skulle be separatistane gjera noko, men så gjorde dei likevel ikkje det. Og etter det kunne Putin slå ut med hendene og seia til heile verda at «no kan de berre sjå, Russland kan ikkje påverka desse separatistane i det heile teke».

Men det er òg fullt mogeleg at bakgrunnen for ein slik førespurnad var ein analyse av stoda i Donbass. Dei russiske bakmennene til dei ukrainske separatistane forstod at det var umogeleg berre slik utan vidare å gjennomføra ei folkerøysting som kunne ha eit ørlite skin av legitimitet.

Vona

Men likevel gav ikkje separatistane slepp på vona om at dei skulle greia å få sett i gang ein oppreist just på Sigersdagen. For på denne dagen – trugne mot tradisjonen – går hundretusenvis ut for å ta del i dei tradisjonelle demonstrasjonstoga, særleg då folk frå den eldre generasjonen. For til demonstrasjonane på denne dagen kjem alltid dei ukrainske kommunistane ut med raude sovjetflagg.

Veteranar frå andre verdskrigen kjem ut, dei har St. Georg-sløyfer på jakkeslaga, på dressjakker og uniformsjakker. Det er lenge sidan Russland innførde bruk av St. Georg-sløyfa som symbol på sigeren over fascismen. Og for ikkje så lenge sidan vart sløyfa òg eit symbol for separatistane, symbol og kjennemerke for alle dei som er budde til å stå opp og kjempa for interessene til Det store Russland i Ukraina. (St. Georg-ordenen vart skipa av Katarina den store i 1769. Striput svart og oransje sløyfe. Merknad omsetjar).

Fyr og flamme

Og så, då 9. mai kom, sette separatistane i Donbass seg føre å feira Sigersdagen med å okkupera endå ein stor by nær den russiske grensa, Mariupol. Heile dagen var det konfrontasjonar mellom ukrainske militære, som forsvara nokre administrasjonsbygg, og store grupper med separatistar i sentrum av byen.

Frampå kvelden greidde separatistane å ta over og setja fyr på politihovudkvarteret. Nokre politimenn og sjefen for trafikkpolitiet i Mariupol vart drepne, og ein hardt såra politisjef vart teken som gissel. Dei ukrainske militære måtte draga seg attende og ut av byen fordi dei heile tida var kringsette av flokkar med våpenlause separatistar som hindra dei i å forsvara seg.

Medan dette gjekk føre seg, dreiv snikskyttarar frå separatistsida med målskyting mot dei militære. Resultatet var at to offiserar vart drepne og nokre andre såra. Byen stod att utan politi, og utan militære, men ran og plyndring fekk dei til gagns.

Oligarken

Dette heldt fram i over eitt døger, heilt til arbeidarane frå den store metallurgiske fabrikken i byen tok til å patruljera i gatene. Det er Donetsk-oligarken Rinat Akhmetov som eig fabrikken. Han vende seg på same tid til dei ukrainske styresmaktene og bad dei stogga antiterroristoperasjonen i Donbass og senda ut dei militære formasjonane. Så ville han på si side oppretta ein eigen armé av arbeidarar frå fabrikkane og verka han åtte. Denne hæren skulle syta for at det vart orden i regionen.

Styresmaktene i Kiev oppfatta dette framlegget som ein provokasjon og gav melding om at dei militære kom til å halda fram med å kjempa mot terroristane i regionen til den endelege sigeren var vunnen.

Sist måndag vart det stilt endå fleire spørsmål til den rolla Rinat Akhmetov har som sjef over Donbass, då den sjølv­utnemnde guvernøren i Donbass, Pavel Gubarjov, i eit intervju til russiske journalistar opplyste at Rinat Akhmetov finansierer aktivitetane til separatistane.

Eg kan ikkje skjøna kvifor ein separatistleiar skulle vilja informera om kven som gjev han peng­ar for det han gjer. Ei slik kunngjering kan berre tyda på éin ting: Separatistlægeret er splitta, og dei har byrja konkurrera om kven som skal ta over stillinga som guvernør i det framtidige «frie territoriet».

Folkets røyst

Den 11. mai måtte Mariupol gravleggja ni borgarar som var drepne på Sigersdagen. Same dagen måtte byen òg «røysta» for sjølvstende frå Ukraina. Det vart opna fire vallokale for dei nær 500.000 innbyggjarane i Mariupol. Ved desse fire punkta danna det seg straks køar, som vart filma av russiske TV-journalistar, slik at dei kunne visa kor mange og kor velorganiserte veljarane var.

Ukrainske journalistar fekk korkje lov til å fotografera eller filma folkerøystinga som var i gang. Rett nok kunne ukrainske journalistar filma og fotografera ei anna folkerøysting, som på same tid vart organisert i Donbass av guvernøren i Dnjepropetrovsk-fylket, Igor Kolomojskij, oligark og tidlegare ven og sponsor av Julija Timosjenko. På røystesetelen til denne folkerøystinga var det berre eitt spørsmål: «Ynskjer De at Dykkar distrikt skal gå saman med Dnepropetrovsk-fylket»? Ifylgje data frå dei som organiserte denne folkerøystinga, var det rundt to og ein halv million veljarar som deltok.

Å tala om kor mange som røysta om sjølvstende for Donbass, er meiningslaust, for separatistane tilbaud jamvel ein russisk journalist frå Ekho Moskvy å røysta (den mest uavhengige og fritalande russiske radiostasjonen. Merknad omsetjar). Fredelege borgarar som stør separatistane – og dei er det ikkje så få av –, kom med heile familiane for å røysta, og jamvel med husdyra sine, både kattar og hundar. Hundane og kattane fekk ikkje røysta, men det vart gjeve ut røystesetlar til born. Og det var ikkje naudsynt å visa fram pass med bustadregistrering. Nokre stader var det berre ein personbil som var parkert i vegkanten som vart røystelokale. Andre stader var det berre eit bord med ein plastboks. Bak bordet sat ei kvinne som gav ut og tok imot røystesetlar som var prenta på ei kopimaskin.

Putins minne

Det er heilt tydeleg at dette klåre biletet av kva folkerøystinga var, tvinga president Putin til å halda seg frå å godkjenna resultatet. Men Putin lova at han skulle minnast viljesytringa innbyggjarane i Donbass hadde kome med.

Di betre minne Putin har i dette høvet, di farlegare er det for Ukraina. Og no har ein jamvel fått høve til å vera redd for russisk aggresjon i Moldova. Der har Russland fått fart på dei pro-russiske aktivistane i utbrytar­republikken ingen andre land har godkjent, Transnistria.

Presidentkandidatane

Etter 11. mai har Ukraina kunna pusta litt ut. No ser det ut til at det er mogeleg at president­valet 25. mai verkeleg kan haldast. Ein ser uventa endringar med omsyn til kven dei ukrainske veljarane har mest sympati for. I nokre meiningsmålingar har Julija Timosjenko falle ned frå andreplass til tredjeplass på ratinga over presidentkandidatane. På andreplass har Sergej Tigipko sigla opp. Han er tidlegare medlem av Regionpartiet, bankmann og forretningsmann. På fyrsteplass, med 40 prosents oppslutnad, finn ein Petro Porosjenko.

Men det er enno ei veke til valet. Så det er fullt mogeleg at det kan koma nye overraskingar i dei dagane som står att til folk skal ut for å røysta.

Særleg når ein veit at separatistane har byrja prenta pass merkte «Folkerepublikken Donetsk». Med von om å verta ein del av Russland i framtida, ynskjer dei i fyrste omgang å verta eit nytt Transnistria. Og då er det fullt mogeleg at dei vil nytta høvet under president­valet til å halda endå ei improvisert røysting. Ein av leiarane for separatistane, Vladimir Ponomarjov, har sagt at dei kan organisera eit val på tre dagar. Difor er det ikkje usannsynleg at dei set seg føre å velja presidenten til den ikkje anerkjende «Folkerepublikken Donetsk».

Omsett av Olav Nils Thue.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis